Norvegian folk songs

Pål sine høner

Pål sine høner på haugen ut sleppte,

hønen' så lett over haugane sprang.

Pål kunne vel på hønom fornemma:

reven var ute med rova så lang.

Klukk, klukk, klukk! sa høna på haugom.

Klukk, klukk, klukk! sa høna på haugom.

Pål han sprang og rengde med augom:

"No tor' eg ikkje koma heim åt ho mor!"


Pål han gjekk seg litt lenger på haugen,

fekk han sjå reven låg på høna og gnog;

Pål han tok seg ein stein uti neven,

dugleg han då til reven slo.

Reven flaug så rova hans riste;

Reven flaug så rova hans riste;

Pål han gret for høna han miste!

"No tor' eg ikkje koma heim åt ho mor!"


"Hadd' eg no nebb, og hadd' eg no klo,

og visste eg berre kvar revane låg,

skull' eg dei både rispa og klora

framantil nakken og bak over lår.

Skam få alle revane raude!

Skam få alle revane raude!

Gud han gjeve dei alle var daude,

så skull' eg trygt koma heim åt ho mor!

Ikkje kan ho verpa, og ikkje kan ho gala,

ikkje kan ho krypa, og ikkje kan ho gå!

Eg får gå meg til kverna og mala,

og få att det mjølet eg miste i går!"

"Pytt!" sa'n Pål, "eg er ikkje bangen,

"Pytt!" sa'n Pål, "eg er ikkje bangen,

kjeften og motet har hjelpt no så mangein,

eg tor' nok vel koma heim åt ho mor!"


Pål han kornet på kverna til å sleppa,

så at det ljoma i kvar ein vegg,

så at agnene tok til å flyga,

og dei vart lange som geite-ragg.

Pål han gav seg til å le og til å kneggja

Pål han gav seg til å le og til å kneggja

"No fekk eg like for høna og for egga,

no tor' eg trygt koma heim åt ho mor!"


http://youtu.be/ZQZY9jqSpXA

http://youtu.be/K4fs8b4dU5I

Litle fuglen

Litle fuglen sette seg på kyrkjespong,

Gud råde!

Han song så fagert ein ottesong.

Herre Gud sende oss sin nåde!

Litle fuglen sette seg på kyrkjegått,

Gud råde!

Han song så fagert om stort og smått.

Herre Gud sende oss sin nåde!

Litle fuglen sette seg på kyrkjetårn,

Gud råde!

Han song så fagert for alle småborn.

Herre Gud sende oss sin nåde!

Litle fuglen sette seg på lindekvist,

Gud råde!

Han song så fagert om Jesus Krist.

Herre Gud sende oss sin nåde!

Musical score in attachment.

http://youtu.be/ehAw7hDUELc


http://en.wikipedia.org/wiki/Arve_Moen_Bergset

Arve Moen Bergset was born in 1972. As a five-year-old his family settled in Vinje in Telemark, a county with strong traditions concerning Norwegian traditional music. He has learned from many sources, the most important is Sondre Bratland who he began taking singing lessons from at the age of eight. Arve Moen Bergset had his kveding (Norwegian traditional folk singing) debut during the broadcaste...