Energikua

Det synest som at mange er urolege for energi og klima, men eit er alle sams om; den heilage kua ikkje skal ikkje rørast for den skal vi fortsette å tilbe med bensintempel og gigantiske parkeringsplassar.

Den heilage energikua heiter privatbil. Den betyr at einkvar person som skal flytte seg sjølve nokre meter samstundes skal frakte med seg eit tonn eller meir med metall, gummi og anna skrap.

Denne kua er HEILAG og skal ikkje forstyrrast, i alle fall ikkje av oss som bruker føter, sykkel eller andre middel til å bevege oss. Trondheims ordfører, høgt gasjerte råder av alle slag samt politikarar i alle lag er dei fremste prestene for å sikre den heilage kua rom og plass, mens vi vanlege menneske knapt kan leve over i trengsel, støy og forureining i ein by som hater menneske meir enn noko anna.

Dei talar om miljøkrise, og maner oss til å sortere melkekartonger. Kva slag idioter er det som røyster ved val på dei verste kjeltringane som kun stel pengane våre for å vanstyre oss??

Den Heilage kua Privatbil skulle vore skutt og forbode for hundre år sida, men da ville vår "ven" og store kapitalistgud USA ha sagt Nei, og difor tør dei ikkje, servile og stupide som dei er.

Utan heilag ku men med sjelefred.