Drosi frelser meg

Aasmund Olavsson Vinje

FERDAMINNE fraa sumaren 1860

Side 222-223

DROSI FRELSER MEG.

Eg laag i Trondheim nokre dagar og tenkte paa

aa fara med baat ut til Ørlandet og sjaa bland anna

det gamle herresætet Austraat. Eg tinga baatselskap

og; men so kom eg i hug at drosi endaa ikkje var

fan fraa byen — eg hadde sét ein blink av henne

i gata ein dag —, og so tenkte eg at det var best aa

venta paa eimbaaten, for kven veit um eg ikkje i

denne millomtidi kunde raaka paa drosi, og kanskje

faa fylgje med henne attaat. Eg trur paa lagnaden

min, tenkte eg, og ventar. Og vel var det, for det

kom slik ein storm i fjorden at den baaten eg skulde

ha fylgt, kollsiglde og vart driven inn paa Byneset.

Eg trur dei kom burt alle saman. Og hadde ikkje

drosi vore, so hadde det visst gjenge like eins meg.

Ho frelste daa livet mitt. «Dette maa vera fyrebod

paa noko anna», tenkte eg og for tidleg ut paa eim

baaten, der eg so halvt um halvt trudde at ho var.

Den dagen var det ver ut igjenom Trondheims-

fjorden! Det var so du maatte halda deg for ikkje

aa blaasa ned, og regn-eli slo gjenom dei tjukkaste

klæde som haglladningar. Det var som fjorden mest

ikkje kunde brjota, men laag nedklappa og berre skalv,

nett som nåar sorg og sinne paa det djupaste grip

deg. Det er ingen faare nåar det bryt. Det var

so jarlen* sukka og stunde i kvar ledmot. «Det

gjeng tilbake, Haakon, det gjeng tilbake, Haakon,»

maatte eg tidt mæla, der eg i eldhug stod og kjende

meg med i denne ville dansen, kvedande:

Du Trondheimsfjord, kvar kjenner deg

som Vesterhavets brotne veg

for gamle berserksgang!

So saag din storleik ogso eg,

og du vil huska likeins meg

til hugnad paa ditt fang.

*dampbaaten "Haakon jarl".