Våren

Enno ein Gong fekk eg Vetren å sjå

for Våren å røma;

Heggen med Tre som der Blomar var på,

eg atter såg bløma.

Enno ein Gong fekk eg isen å sjå

frå Landet å fljota,

Snjoen å bråna og fossen i å

at fyssa og brjota.

Graset det grøne eg enno ein Gong

fekk skoda med Blomar;

enno eg høyrde at vårfuglen song

mot Sol og mot Sumar.

Eingong eg sjølv i den vårlege Eim,

som mettar mit auga,

eingong eg der vil meg finna ein heim

og symjande lauga.

Alt det, som Våren imøte meg bar

og Blomen, eg plukkad',

Federnes Ånder eg trudde det var,

som dansad og sukkad',

Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar

i Våren ei Gåta;

derfor det Ljod i den Fløyta eg skar,

meg tyktes at gråta.

Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870)

Melodi: Edvard Grieg (1843-1907)