Vitskapsselskapet

Aasmund Olavsson Vinje

FERDAMINNE fraa sumaren 1860

Side 178-180:

Det er rike ætter i Trondheim, og det er inkje

lite merke paa stakkarsdomen dei gamle trønder hev

sige ned til, at sume ætter kunde slaa seg so stort

upp paa ein stad der handelen ikkje meir kann

drivast i det store. Det var nye innkomne eller upp-

blanda ætter som visste aa taka tak i armodsdomen.

Den gamle Angellske rikdomen tyder godt det late og

armodslege tilstand i Trøndelagen og Nordland. Men

no kjem mykje av denne rikdomen til landsens gagn

atter i latinskulen, vitskapsselskapet og den store fa-

tighjelp, endaa folk sagde at byen berre hev skade

av henne, for alt det skrap som finst, kjem no til

byen for aa leva av desse rike gaavone. Men skrapet

maa ogso leva ein stad.

Den tid var der endaa rikare gjentor i Trondheim

enn no, og derfor kom det ogso friarar alt uppifraa

Kaupenhamn, som daa var hovudstaden. Gamle lærde

Suhm tenkte det skulde vera gjævt aa faa ervingen

til den ovrike Angell, so kunde han kaupa bøker og

leva for lærdomen. Det var nok verdt aa selja seg

for det, tenkte Suhm, endaa han var vel alt so til aars

og so ljot at det var ytt som bytt med honom og

kjærasten. Han hadde lærdom og ho pengar, so kom

kvar med si stormakt. Nokon av dei tri andre stor-

makter, stor ætt, venleik og aand hadde visst ingen

av deim. Det var soleis ingen rett slavehandel, som

slike giftarmaal tidt er.

Suhm vart soleis rik og kaupte bøker og levde for

vitskapen. Men gamle Angell fekk det ikkje alltid

som han vilde i huset. Gamle, rike folk er vandsame

Og den som er viss paa arven, er heller ikkje alltid

so velviljug mot den gamle. Nok er det, gamle

Angell fekk ikkje den vanlege kveldsgrauten sin i eit

aftanselskap, og so vart han sinna og tok so mykje

til «milde stiftelser». Men Suhm fekk endaa nok til

bøker, som han gav til det vitskapsselskapet han

grunnlagde i samlag med biskop Gunnerus* og

Schøning. Det var liksom ein uppkveik for Trond-

heim i den tidi. Og Suhm, som ogso var so rikt gift,

gjorde visst gilde selskap daa for desse lærde.

Det er baade bøker og mangt rart i dette vitskaps-

selskapet. Og det vert no styrt av so duglege folk,

at det vert gjort so stort gagn som mogelegt med

dei midlar det hev. Og det hev ikkje gjort so lite

for vitskapens uppkoma i landet; og det er til stor

lærdom for skuleungdomen i Trondheim aa faa sjaa

alle desse gamle vaapen og reidskapar og fuglar og

dyr og steinslag o. s. b., liksom det ogso er ein gjæv

samlingsstad til lesnad i alle dei nye og eldre bøker

for lærde og bokkjære folk i byen og der ikring.

Huset aat selskapet er i den store bygningi aat latin-

skulen, som ogso er bygd av den Angellske rikdomen.

Det hev kome mange gilde gutar fraa den skulen.

Og der er gilde gutar den dag i dag, som endaa

her i vetter og vaar gav ut ei tidend, alt til desse

frimodige gutane tala so djervt i den «svenske stri-

den» og um den komande kryningi, at politiet lagde

ned forbod. Der er altso «censur» enno i Trondheim.

* Gunnar med den latinske enden us.