Småsporven gjeng i tunet

Småsporven gjeng i tunet

og tippar korn og ribbar strå

og hev so god ei une

og lær åt katten grå.

Pip, pip, det so seg lagar

alle dagar,

at Monsemann meg jagar,

men kan meg aldrig få.

Eg er so lett på vengjen

og Mons må sleikje seg om trut;

kvitt, kvitt, den gamle drengen,

han fekk so mang ei sut.

Og om i vide ringar

hauken svingar,

eg bort meg kverv og kringar

og slepp av leiken ut.

Eg lever dagar lette

og er fonøyd , å ja, å ja!

Kvar deg eg fær min mette

som eg helst vil ha.

Pytt, pytt, kven spør om føda?

Nok i løa!

Der ligg den rike grøda;

der kan eg berre ta.

Og tidt eg fær i joli

ein godbit fin av Veslemøy;

og frys det, hev eg skjol i

det gode varme høy.

Og so - kvitt-kvitt, godmår'n!

:/:so kjem våren;:/:

då fri på vengen boren

eg bygger reir på øy.