Rauma

Aasmund Olavsson Vinje

FERDAMINNE fraa sumaren 1860

Side 242-243:

Rauma som renn ned i botnen, hev der upp i

dalen skore og slite seg ned i berget, so det er lagt

tri fire tvertre til ei bru yver denne smalrenna minst

hundrad alner djup sume stader. Det er ingi stor

aa dette, men endaa fysser det og durar ned i denne

svarte rivna. Reknar du romt, slit vatnet av steinen

ei straabeidd i 100 aar, altso ein turne 1200 aar og

ei alen 28,800 og 100 alner 2,880,000 aar, endaa

det er vel ei rivne for det meste aai hev funne, so

ho berre hev skore og blenkt upp i den. Eg torer

ikkje tru anna, um nokon skulde finna paa aa gjera

meg til fritenkjar, som eg hev gjort med han Kvit-

feld her framme.

Ja, her er ikkje lett aa leva. Her skulde ikkje bu

anna enn geiter og engelsmenn og maalarar og kunst-

kjennarar fraa flatlandet. Og so er det no ei mengd

med orm paa solsida uppetter i hasleholti. Her er

vel ein og annan jordflekken, som kunde vera til ein

folkeleg gardpart, men det er turt og sandut alt til

det ber ned mot fjorden. Men dei stakkars folk hev

klora og hengt seg inn i fjellsidone liksom ørnereir

der lengst aust, for dei tvo milene fraa sjøen er det

so hengjande bratt at ikkje ørni ein gong kann bu

og byggja der. Her ligg gardane ned paa botnen,

og fram mot neset er det ikkje so ille, endaa det

meste er sandøyrar uppskylde av Rauma. Frametter

fjordstrendene finst derimot gode vikar og lægder

imillom, som maatte vera gode smaabygder og gar

dar, nåar det vert stelt med paa rette gjerd, og desse

fjellsidone meir lagdest ut til geitebeite, for det rot

nar mangt eit fint straa til unyttes der. Det saag

eg vel.