Morian

Aasmund Olavsson Vinje

FERDAMINNE fraa sumaren 1860

Side 107-108-118:

MALENE FRAA FOLDALEN.

Det var med i kongsfylgjet ein morian, ein kolende svart ein med tjukke lippor og krulla stutt haar og liksom blodsprengde augo, just ein adelboren morian; og honom stirde og glodde folk paa meir enn paa sjølve kongen. Naar han kom ut til gjentone, skvatt dei til side og skreik, og morianen, som var ein løgjen kar, han var fugleskræma rett med hjartans lyst. Han var med som pipereinskar og sigarkveikjar og fyrstikdragar og alt det som høyrde til røykjestellet.

Han var just paa hylla si med dette, denne svarte mannen, endaa han kunde ha vore bruka til noko anna, for eg fann honom klokast og best upplyst av dei lægre tenarane i kongsfylgjet. Han var ein skalk, som vilde kunna gjera det likso godt ved den svenske kongeborg som den morianen Crusenstolpe talar um. Derfor gjorde eg honom ogso kjend med Malene, daa alle var komne i ro, so dei kunde faa seg mat. Det kom bod til meg, um eg vilde eta ned i storstova med kongen og dei andre. Det var vel verten eller andre av dei lægre folk som fann paa slikt; men eg visste at det ikkje var høvelegt aa sitja ved kongens bord graaklædd som ein villmann, og eg hadde det so godt upp i drengjestova med Malene i ein krok og morianen og den svenske skyssguten aat kongen ved sida, som sagde at det var «sju tusan til veg», og so sat eg der eg var og takka for tilbodet; og visst var det at eg hadde det hyggjelegare der eg sat, for der kunde eg stinga ein bete til Malene og tyda for henne dei tyske, engelske, franske, svenske og norske stubbane som morianen sagde, for han kunde like godt alle desse tungemaali. Det var ein hakkemat av alle me rødde; men det var med laatt og løgje, og daa eg hadde greidt ut for honom um Malene, som sat der burt ved skorsteinen med den største hugsnikjing, saag han der burt og liksom gjekk inn paa mine tankar.

Det var lyst og leik med desse gode folk, endaa dei hadde køyrt sekstan mil den dagen og sove lite den fyrre natti, og no denne natti fekk sova endaa mindre, for klokka var daa tvo, og seks skulde dei ut, for kongen tok ut tvo timar tidlegare enn paa tenkt, for stykket i «Morgenbladet» um at det gjekk for fort, gjorde venteleg at dei var tvo timar fyrr ute um morgonen. Men ved dette kom det umkumpling i den heile ferdaplan, so folk som kom fram til vegen for aa sjaa kongen, kom for seint, og like eins mange skysshestar; og dei arme lensmenn maatte senda atter bod yver hals og hovud. Kongen hadde det ikkje for godt han heller, stakkar, med alt dette jag, som gjorde at det var liie aa sova paa med tidleg aa vera ute og seint aa koma fram, og seinare vart det, av di han sume stader hefte lange bil for aa teikna av landet, sidan han attaat sin kongelege visdom ogso er maalar; men han er ein sterk mann og synest aa turva liten svevn. Og naar herren slit, so slit ogso tenarane hans utan sukk, og jagar stolte av aa tena ei slik heltenatur gjenom verdi som sky for vind.