Millom bakkar og berg

Millom bakkar og berg ut med havet

heve nordmannen fenget sin heim,

der han sjølv heve tufterna gravet

og sett sjølv sine hus uppå deim.


Han såg ut på dei steinutte strender

det var ingen, som der hadde bygt.

"Lat oss rydja og bygja oss grender,

og so eiga me rudningen trygt".


Han såg ut på det bårutte havet;

der var ruskutt å leggja ut på;

men der leikade fisk ned i kavet,

og den leiken den vilde han sjå.


Fram på vetteren stundom han tenkte:

Giv eg var i eit varmare land!

Men når vårsol i bakkarne blenkte,

fekk han hug til si heimlege strand.


Og når liderna grønka som hagar,

når det laver av blomar på strå,

og når næter er ljosa som dagar,

kann han ingenstad vænare sjå.


apokryfe strofar:

Sud om havet han stundom laut skrida,

der var rikdom på benkjer og bord.

Men kringum såg han trældomen kvida,

og so vende han atter mot nord.

Lat no andre om storleiken kivast

lat deim bragla med rikdom og høgd

Millom kaksar eg litet kann trivast

Millom jamningar helst er eg nøgd

Lat deim hava den æra dei kunna

og sin rikdom og styrkje dertil

når då berre dei meg villa unna

og få rå om min arv som eg vil.