Haakonstad

Aasmund Olavsson Vinje

FERDAMINNE fraa sumaren 1860

Side 255-257:

Haakonstad'en sel ikkje gjerne gudane sine, i

minsto ikkje til husmenn so i pundevis. Dei maa

taka heile grisen um so er. Og for ein mann paa

seksti sytti tusund dalar er det rimelegt aa ikkje fara

med plukk.

Liksom den eine store garden sender fleskeskid til

andre, so sender han ogso gjentor. Desse store ætt-

ene hev desse ting imillom seg. Men det vert ga-

malt og ljott og usmakelegt alt saman. Ættene døyr

ut, og um dei ikkje fødest med graatt haar og skrukkor

i panna, som det er sagt um gamle adelsætter

som vil halda blodet reint, so saag ikkje eg vene

folk av desse gamle rike ættene. Dei fagre gud-

brandsdalske gjentone og gutane er av blanda ætt,

det eg saag og høyrde. Lat rike gifta seg med rike,

det held lengst ut det, og gjer giftarmaalet til eit

samband millom likemenn og ikkje so mykje til eit

eventyr og ein «spekulasjon»; men lat oss ikkje bland

det friske folk faa so mange skinkor som paa Haa-

konstad, for daa vert det snart ute med den gamle

adelen baade paa den eine og den andre maaten.

Og dette var endaa ikkje det verste; men det verste

er at han som det fruktlause fiketre i parabelen tek

plassen burt fraa den fruktberande og derfor maa

hoggast ned.

Det var ei ekkje etter ein embetsmann so vidt eg

minnest, der i Vaagaa. Ho hadde ein liten flink son der

paa den gode fastskulen i bygdi; og anten det no

var so at ho var skuldig skulepengar der, eller ho

vilde senda veslegut inn til Christiania, nok er det,

ho var i beit for ti dalar og gjekk daa til gamle

stortingsmannen, rike Haakonstad'en, og vilde laana

dei. Men han svara: «Ja, vil han Tore ganga god

for det, so skal du faa.» Ho gjekk til han Tore, ho

stakkar, men han Tore det var annan mannen det: han

svara, harm paa denne hardhjarta Haakonstad'en:

«Nei, ganga god vil eg ikkje for slike smaating, men

her skal du faa ti dalar av meg, og du betalar naar

du fær raad til det.»

Daa dette vart fortalt meg, svara eg: «Ja, so er

dei fleste slike gamle, rike storbønder, i minsto er

dei slike i mi fødebygd. Daa eg var komen fraa

skulemeisterskulen og skulde til Mandal som skule-

lærar, hadde eg kosta ut paa meg det vesle eg aatte,

og vel so det. Eg trong no til tri fire dalar til

reisepengar, og syster mi gjekk til grannen, ein av

dei rikaste menn i prestegjeldet. Ja, ho fekk laana

desse fire dalane mot at ho stod inne for deim og

skulde baka flatbraud, um eg døydde burt eller ikkje

vart mann til aa betala. Og eg hadde stade meg

godt paa skulen og inkje vondt gjort; men eg kunde

døy, og ingen kunde vita ,kva mann det kunde verta

av meg i pengevegen, og eg hadde inkje pant. Det

var derfor best aa sikra seg med borgen eller og

segja nei.

Det er Guds makt at fatige ungmenn kann koma

ut fraa slike bygder og slike folk og fram i livet.

Det gjekk heller ikkje an, dersom ikkje folk med

betre hjarta og større upplysning og framtanke fanst

imillom. Men i desse eldre bondebygder er faa av

slike. Det maa vera folk som hev vore ute i livet

og fyrst og fremst lært og sét meir. Haakonstad'en

var nok ute paa stortinget, men han lærde ikkje so

mykje at han kunde krabba ut or det gamle snigle

huset. Riket maatte verta til eit dyrerike, dersom

her ikkje fanst andre slags folk.

Daa eg stod i Haakonstad-tunet og saag ned til

Vaagaa prestegard, der Krag var prest og gjorde so

mykje for skulen og til aa hjelpa folk fram, kom eg

i hug dei sanne ordi i «Nyhedsbladet» yver Krag:

«Oplysning er liberalitet».

Slike lovord fær ikkje du rike Haakonstad'en paa

di grav.