Hovudstadsfolk

Aasmund Olavsson Vinje

FERDAMINNE fraa sumaren 1860

Side 163-164:

HOVUDSTADSFOLK

var det mange av i Trondheim til kryningi. Og

naar me møttest der, so var me som landsmenn

komne til eit anna land, so at folk som sjeldan rødde

med kvarandre i Christiania, var her som dei beste

gamle kjenningar. Ja, det var endaa slik, at herrane

tala meir fritt og kjent til damor, enn dei torde ha

gjort i heimbyen sin. Det er ogso langt imillom

desse byane. Det var derfor heller inkje so stort

under at nordanfjells og sunnanfjells i gamle dagar

var liksom kvar sitt rike, og det endaa lenge etter

at det var samla til eitt.

Det varde elles ikkje lenge fyrr me hovudstads-

folk fann oss meir heime her nord, for me raaka her

og der paa folk som er heime yver den heile jord,

av di dei hev lært det meste og beste av den

menneskjelege kunnskap. Og so raaka me paa

kunstnarar av mange slag, som ogso tidt ser rett

vidt ikring seg. Og so var det elles kjenningar og

upplyste folk som me kom i samlag med, so me

snart fann oss liksom heime, liksom me ogso snart

levde oss inn i eit og anna sermerkt for denne byen,

so som at ein dram her berre kosta tvo skilling

for denne skuld raadde derfor folk som hadde vore

her tvo-tri dagar, deim som etter kom, at det var

ringaste kosten aa leva her av snapsar og smør-og

brød. Men etter di faa selde brennevin, so var det

betre aa kaupa seg ei flaske «Lysholmar» og setja

inn i forfriskingshus og merkja henne med eit nr.

So kunde han koma atter og taka kjenningar med seg

og drikka og drikka av ei flaske som aldri traut,

og det paa stader der folket ikkje maatte selja

brennevin. Men so betala me tvo skilling drammen

til skjenkjegjenta for umaken. Det var byens skikk

dette, so kvart slikt forfriskingshus og: samlags-

hus (klubbar) stod rader med slike merkte flaskor.

Soleis møter folk brennevinsforbod. Det var ikkje

so mykje stortingspuns der som i Christinia heilag-

kveldar og paa stader der ingen brennevmsrett er.

Det er vinpuns av fransbrennevin dette, som heiter

og, som mang ein ærleg stortingsmann drikk,

av di han segjer med Paulus at lov, berre er til

for dei urettferdige.