Aasmund Olavsson Vinje
FERDAMINNE fraa sumaren 1860
Side 195-196:
Naar du kjem nord paa bakkane i Skaun, fær du
eit endaa vidare og rikare, men knapt yndigare utsyn
enn sud paa brautene til Aasenfjord. Her er store
gardar ikring deg; Ytterøyi og Inderøyi er vest burt
i fjorden, og Verdalen i nord; du køyrer fram ikring
pollen til Levang og segjer anpustande: «Nei, dette
er daa reint det gildaste nordanfjells, ja her er det
betre enn sjølve Mjøslandet, for her er denne vel
signa kolblaae fjorden som ein knipling i denne
kragen med blomar.»
Levang er ein liten nett by ned paa sletti mot
fjordarmen. Det maa vera den meir og meir ned-
minkande pollen, som i gamle dagar heitte Lifangr.
Byen ligg no fram med den vesle straumen som
renn ut og inn, etter som det er flod og fjøre til.
Naar jarnvegen vert lagd aust igjenom Verdalen til
Sverike, maa byen som eg meinte, verta flutt nord
til Verdalsøyri, for her er ikkje mykje aa hava by
etter, for her kann ikkje vera nokon nemnande upp-
lagsstad for fisk eller trelast, ja vel ikkje ein gong
for korn, som anten vert ført til Trondheim eller og
uppkaupt og tuska i smaatt av fiskarar ut med hav-
kanten. Og marknaden med jamtane lægje like eins
betre nord paa Verdalsøyri. Det er berre liksom ein
større landhandlar denne byen. Dette fagre land
vert vel rikare og rikare, etter som det dyrkast upp
til, som det ogso no gjeng godt med i minsto her
ikring byen; og naar landet vert rikare, og betre
sans for upplysning og folkeskikk kjem bland gard-
mennene, so vil ogso mange av deim senda borni
sine her inn paa skulen, so her daa kann koma makt
til ein skikkeleg borgarskule. Det er armt og uvit-
ande at fraa eit so rikt land som her ikring synest
vera, ikkje betre menns born skal strøyma her inn
paa skulen. Det spaar ikkje stor framgang for denne
næraste mannsalderen, dette.