Huldri

Aasmund Olavsson Vinje

FERDAMINNE fraa sumaren 1860

Side 67-68:

HULDRI

Tri mil gjekk eg ein sundags ettermiddag upp

igjenom dei bratte furelider og vest og nordetter dei

lange fjellmyrar og flotter, kvite av reinmose med

knapt eit grønt straa. Der var so audt og daudt at

eg berre høyrde andedraget mitt. Kvelden drog inn

paa, og lufti tok til aa tjukna, so fjellpiggane stod

med blaagraae hettor paa hovudet, som soli av og til

skein ikring og farga fjell og flott med sin himmelske

eld. Eg sette meg paa ein stein og skaut pusten,

turkande sveiten av panna mi.

No ser eg atter slike fjell og dalar

som deim eg i min fyrste ungdom saag,

og same vind den heite panna svalar;

og gullet ligg paa snjo som fyrr det laag.

Det er eit barnemaal som til meg talar,

og gjer meg tankefull, men endaa fjaag.

Med ungdomsminne er den tala blanda:

Det strøymer paa meg, so eg knapt kann anda.

Ja, livet strøymer paa meg som det strøymde,

naar under snjo eg saag det grøne straa.

Eg drøymer no som fyrr eg alltid drøymde,

naar slike fjell eg saag i lufti blaa.

Eg gløymer dagsens strid, som fyrr eg gløymde,

naar eg mot kveld av sol ein glimt fekk sjaa.

Eg finner vel eit hus som vil meg hysa,

naar soli heim mot natti vil meg lysa,

Alt er som fyrr, men det er meir forklaara,

so dagsens ljos meg synest meire bjart.

Og det som beit og skar meg so det saara,

det gjerer sjølve skuggen mindre svart;

sjølv det som til aa synda tidt meg daara,

sjølv det gjer harde fjellet mindre hardt.

Forsona koma atter gamle tankar:

Det same hjarta er som eldre bankar.

Og kvar ein stein eg som ein kjenning finner,

for slik var den eg flaug ikring som gut.

Som det var kjempor spør eg kven som vinner

av den og denne andre høge nut.

Alt minner meg; det minner, og det minner,

til soli ned i snjoen sloknar ut.

Og inn i siste svevn meg ein gong huggar

dei gamle minne og dei gamle skuggar.