Katten til Ivar Aasen

Eg er katten til Ivar Aasen.

Du kjenner meg truleg ikkje.

Eg gjer ikkje så mykje av meg.

Det hender at Ivar

gløymer å gi meg mjølk,

og når han dusjar bruker han opp

alt det varme vatnet.

Men eg veit at det ikkje

er vondt meint.

Når Ivar sit inne og skriv

tar eg meg av alt det andre

som også må gjerast.

Det er kanskje ikkje så svært,

men eg tenkte no det skulle nemnast.

Frå Ragnar Hovland: Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville. Det Norsk Samlaget 1996. Side 83. Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.