Fron

Aasmund Olavsson Vinje

FERDAMINNE fraa sumaren 1860

Side 260:

Her i Fron hev sume av dei beste menn tala um

aa faa seg ein samlingsstad, der dei møttest kvar

fjortandagsdagen eller so, og hadde tidender og imil-

lom lag og dans. Det vilde vera som ein klubb i

byen, og det maatte vera gagnlegt paa mange vis

dette, so som ved aa avtala og lesa um val til stor-

tings og slikt noko. Faakunne og revekrokar kunde

aldri faa den makt i slik ei bygd, og det vilde like

eins gjeva livet folkeskikk paa mange maatar ved

samtale og lesnad.

Paa prestegarden i Fron saag eg tufti etter den

bygningen som Holberg var i, daa han ein liten gut

var her hjaa presten Munthe. Han laag der i eit kaldt

rom og fraus den vesle krypen, sagde folk. Det

eine veks til det andre med slike menn, so dei vert

eit dikt (mythe), ja endaa gudar. Eg tok av meg hat

ten som nåar eg kjem inn i kyrkja, daa eg saag tufti

etter huset han hadde levt i.

So var du her, so kom du hit

du mannen med det norske vit!

Han var tidt ned paa gjestgjevargarden og rødde

med folk, vart det sagt. Den vesle guten fekk visst

her ifraa mange av sine mønster. Han rødde med

dei vegfarande og slo paa hesten og sat bak paa langt

nord og sudetter, og «bondska» som det daa vart

sagt, for det var i den tid eit lyte paa «framand-

karen» aa tala etter bonden. «Det er ein mykje til

gut dette.» «Han er ikkje som andre fine karar,

denne guten.» «Aa, allting vil han vita.»

Her inn-med er Hundtorp og Steig med alle sine

gamle minne.