Rundane

RUNDANE

stod i hugen min heile vegen; eg saag fraa topp til topp, og daa eg spurde um ikkje det og det skulde vera Runden, so fekk eg gjerne til svar: «Jau, han er rund denne.»

«Ja, det trur eg vel,» svara eg arg yver all den faakunna um landet, «det er rundt alt saman her.» Og visst er det, at eg ingen stad so greidt hev sét som her at fjelli er skavne og svarva runde av is og grjot og vatn, og det er greidt at den siste skuringsstraumen er komen fraa nordaust. Dette er synt baade her og i Raumsdalsfjelli, som er runde og av skavne paa den kanten, medan dei mot vest ser ut som ein storkna sjø, eller rettare som dei toppar og tverbaaror som kjem fram i ei vassbytte, naar du spenner paa den eine trømen. Derimot er det ogso mange stader rundt mot sud, men dette ser tidt ut som ei eldre avskaving, og soleis torde det visa seg at denne fransmannen hev rett, som meiner at vatnet paa jordi renn fraa den eine jordenden til den andre kvart titusund aar. No er den største vassmengdi ved sudpolen der det er kaldast, og ettersom isensmelter der, og det frys meir og meir ikring nord polen, so bryt det ein gong laust (ikring seks tusund aar til) og kjem som ei sundflod nord igjenom, lik som det sist for sudetter med is og steinras. —

Dette vere no som det vil! Men dei fleste jordkunnige trur av det dei ser, at fjelli vaare hev stade under vatn og is og er svarva. Sume meiner at landet her hev seg upp, medan det sig ned paa andre kantar, og at soleis jordskorpa gjeng i bylgjor som isen paa vatnet. Andre trur at vassmengdi paa jordi minkar, til jordi vert turr og døyr av elde, liksom hennar skapnader, soleis som me menneske. Me turkar alle burt, og det er det som heiter aa eldast og døy av alder.

Baade ved havkanten der me ser sjøen minkar, og endaa meir paa slike fjellsletter og fjellpiggar med alle sine skuringar og nedladningar av uhorvelege steinrøysar, liksom dei skulde vera sokne ende ned fraa store isflengar, alle stader tykkjer eg at me maa spyrja kva dette og dette kjem av. Og naar me kjem til slike høge fjell med sine avgrunnar, so maa me ganga endaa lenger tilbake og spyrja korleis det og det vart skapt. Daa ser me liksom den smelte kula storkna lik is ytst, som det daa rivna i ettersom det vart avkolna, og det gjekk upp og ned med berg og dalar, liksom naar vind kjem inn under isen. Men våar jordkunna er endaa so ung, at det meste er vel berre liksom draumar enno. Men so kann me ogso drøyma um all den koking og brusing og dei millionar aar som dette maatte taka ut, for me ser at lag paa lag viser paa alt dette; og ein natur kunnig (um eg minnest rett, Forchhammer) segjer at eit geologisk aar maatte vera minst sytti tusund gonger so langt som det historiske, fyrr vitskapen i jord kunna kunde slutta so visst som historia av eit sitt aar.

Men lat ikkje meg som veit so lite um denne ting drøyma! Det er nok at vitskapsmenn i denne grein sjølve gjer det, og derfor ikkje kann verta samtykte. Men jordkunna vil med alt dette verta den sanne framtidsvitskapen.

Til lenger eg kom nordetter mot Rundane, til høgre og digrare vart baade fjellryggen og toppane. Daa eg rodde nord igjenom Atnesjøen og saag «Svulten» og «Illmannshø» framfyre meg, so tenkte eg: «Dette maa vera Rundane,» endaa eg totte no, at desse fjell og avgrunnar var for smaa til aa vera noko so namngjete stort.

«Aa nei, du skal sjaa noko anna,» sagde roaren, «nåar du kjem nord i Atnedalen millom Straumsbu og Stavsbuøy.» Illmannsdalen er ein dal nord igjenom denne sanne Jøtunheim, som visst hev namnet sitt fraa deim som var utlæge for draap og slike illgjerningar og som rømde hit for aa vera tryggare mot forfylgnad. Her var stygt, og dette kunde gjerne heita Illmannsdalen berre for sin villskap. Der sat eg og sola meg etter eit herremaaltid for seks skilling ute i tunet paa Straumsbu og saag burt mot Illmannsdalen og liksom herdane til Rundane, som laag so nær meg og stakk so høgt upp at dei mest tok burt halve himmelen. Der var snjofenner og raaser av styggeleg store urder og aur og sand og ikkje eit grønt straa. Soli skein millom sky i strimor ned paa desse barmane til Rundane som kvelvde seg mot sud og aust. Og so kom det taakestripor, liksom Runden skulde løyna barmen sin med eit kasteplagg, som med snippane tidt naadde like til hofte og kne; so kunde eg glytta og sjaa gjenom kaste plagget inn i «Langglupen» og Illmannsdalen, og so rulla det liksom slike frynsor nedetter sidone.

Der laag eg i tunet og røykte ein sigar og drøymde lim skapingi av desse kjempeberg. Men eg fekk ikkje døyma lenge, for eg maatte tala med tvo gudbrandsdøler som var komne austyver fjellet og vilde til Øysterdalen i Slaatten, etter at dei hadde slege av smaaplassane sine heime. Dei gjekk med vidjor ikring skorne sine og stav i handi, raude huvor paa hovudet og ein balkmeis paa ryggen med lite nista og klæde paa. Der raaka eg liksom paa gamle kjenningar, og me røykte tobak og lo og rødde. «De er komne lenger de enn eg, for de er gifte,» sagde eg. Naar slike folk gjeng ni-ti mil fram og likso langt attende og slit godt fem seks vikor, so kjem dei heim atter til huset med ti tolv dalar. Derfor lo dei ogso, og var som eg morosame, naar dei hadde fenge seg mat og kveikt pipa si og laag i solbakken og turka seg liksom sauen etter fyremiddagsregnet gjenom Illmannsdalen.

Gudbrandsdalen hev so god raad paa folk at det er arbeidskarar og tenestgjentor derifraa baade i Øysterdalen og Trøndelagen; og desse gudbrandsdalske folki merkjer seg ut ved sin vene skapnad for det meste. Det er visst det fagraste folkeferd i heile landet; og um den betre gudbrandsdalske gjenta kann verta sagt som Michelet segjer um den franske kvinna, at ho er ei fødd dronning. Nedetter Mjøsbreiddene, helst paa Totnsida, er det same folkeferd kjennande atter, endaa dei fagre der er meir sjeklfengde. Kva kunde det ikkje verta gjort med dette folket!

Eg skulde upplysa den halve jord med det, berre det var rikt nok, og eg fekk læra det upp som eg vilde.

— Eg saag pannor som paa Shakespeare og kjakar og heileskaaler som paa Napoleon. Fraa Telemarki skulde eg soleis t.d. forsyna den halve verdi med diktarar. — Han var stor og sterk og ven og klok en eine av desse gudbrandsdalske husmennene som laag og spøkte med meg i tunet, og eg baud honom det eg ikkje vann eta upp av den rjomekoppen eg hadde kaupt, og so ein sigar etterpaa. Men so rødde me ogso baketter med leikande laatt og løgje og skjemtande spott, slaaande skaaki og meinande merri.

So tagna me imillom og saag burt i Illmannsdalen og Langglupen.

Eg lengta etter aa sjaa hovudi paa Rundane. Det er tri, liksom paa den greske helhunden Kerberos, og det er Store-Runden austlengst og Millom-Runden og Diger-Rund. Eg baud far vel til den snilde kona paa Straumsbu og dei flinke borni hennar som drog lauv ned ifrå buskane og inn under stabburet, og desse gudbrandsdalske husmenn. So tok eg skreppa paa ryggen og gjekk nord igjenom og saag Rund etter Rund og tenkte: nei, dette kann ikkje vera den rette Runden. Med eitt reiste han sitt blaae hovud høgt yver alle andre upp mot himmelen. Det er noko unemmelegt med det som er stort; noko blaatt og himmelsk var ikring desse svarte fjellveggene, som eg stirde ende upp til. Det tok liksom og lyfte i meg, daa eg saag Runden straks etter i kveldssoli med ein straalering mot den myrke himmelen som eit heilagt hovud paa eit maalarstykke.

So gjekk eg innum ein husmannsplass der tett innmed og raaka paa ein gamal reinsdyrskyttar, som hadde lese meir enn folk flest av det slaget. Han fortalde at han hadde vore upp paa Runden daa løytnant * * * mælte honom, og elles paa sine skyttar ferder. Me saag paa veret, og han meinte at han nok skulde fylgja meg upp paa næste dag; men veret var so ustødt at taake og vind og sky kunde koma paa oss som or ein sekk fyrr me visste av det, so eg maatte gjeva upp den kjære tanken aa koma dit, og eg hadde ikkje tid til aa bia. «Han er listig, Runden,» sagde mannen, «du kann tru at det er kar! naar han rett kjem! Han kann vera so still og varm at du kann sova der uppe, og med eitt er det vind og snjo so det er paa livet.» «Han er liksom dei store gamle kongane,» sagde eg, «som smiler i dag og i morgon tek livet ditt eller landlyser deg.» «Ja, nettupp slik er han,» sagde den gamle. So gjekk me upp i bakken lenger og saag gjenom kikaren hans alle toppane burtetter paa Millom-Runden og DigerRund, som ligg vestetter som piggar imillom paa ei hakkut egg i eit knivsblad. So er det avgrunnar og liksom salar og støler etter jøtnar som hev sett seg ned i berget og liksom trykt sæte etter seg. Og so er det store raaser og urder og snjofenner.Det var inkje under at dei gamle forfederne vaare sette dei vonde maktene til aa bu i slike heimar. Men trulegt er det at det gjekk soleis til, at desse eldre ibuarar av landet, dei store jøtnar, som Tor stødt og stendig slost med, det er trulegt at det gjekk desse som dei seinare illgjerningsmenn som tok til Illmannsdalen, at dei maaitte røma burt i slike av dalar og ifraa denne Jøtunheimen sin kom fram i bygdene imillom for aa faa seg mat og klæde til sitt arme liv. Og nåar daa Tor som den sterkaste kjempekaren kom med folki sine burt i desse avdalar og avgrunnar og trilla stein paa desse jøtnane, so val det daa folketrui gjorde dette til det, at han slo nedfjell til urder med hamaren sin. Eg tyktest aa sjaa lian Tor burt paa Runden med denne hamaren sin, som visst var daarleg verje mot ei smidjesleggje no.

Der kunde det taka aa rulla stein nedetter desse visst tvo tusund fot høge, slette fjellveggene; endaa Tor vaaga seg visst ikkje so langt fram paa bruni, som desse engelsmennene av «Alpeklubben» no gjer. «Det er fæle karar til aa vaaga seg, desse engelsmennene,» sagde den gamle mannen min, «eg vilde ikkje gjeva fire skilling for livet mitt, naar eg skulde vaaga meg so langt fram paa glupen.»

Burt under Diger-Rund er ei Dovre-sæter, og det er trulegt at det var finnen Svaase som aatte denne, og at det altso var der Snæfrid var sætergjente, ho som Harald Haarfagre tok til kone og elska so saart at han sat yver henne fire aar etter ho var daud.

Hit upp paa sætri kom vel Harald som liten gut,daa han vart uppfostra der i bygdi; kanskje han ogso var Snæfrids fosterbror, for det var ein jøtun som fostra honom upp. Her laag daa desse tvo ungmenni paa sætri og elska under Rundane, so detmaatte verta ein kjærleik, som dauden sjølv ikkje kunde skilja. Og so kleiv visst Harald upp etter Rundenfor aa visa Snæfrid at han var kar. Men han var ingen slik fullgalning som guten i «Ørneredet», at han kleiv so langt at han datt ned og slo seg i knas og soll til redsle for Snæfrid og oss som skulde lesa um det. Nei, Harald var klok han, og den sanne dikting er ogso alltid klok, endaa Snæfrid visst var redd, daa Harald kom der langt upp i bergskortone, for han var ein vaagen kar som vaksen, og modet stakk vel alt i gutungen. Aa standa der tett inn under Store-Runden, som er den høgste og brattaste der paa nordvest-sida, er i sanning fælt. Aa standa inn-med det største taarnet som inn-med Trondheims domkyrkje, er som aa stella ein ørende liten dokkemann inn - med eit uppreist knivsskaft imot aa standa her. Alt er audt og svart naar det ikkje er snjofonn; ogdet er inkje under at bondefolket der ikring seg.

at der er stygt. «Du segjer at Runden er fager, du,» sagde ei kone paa Stavsbuøy til meg, «nei, stygg er han som den vonde sjølv, og nåar han kjem heimmed sin snjogufs og vind haust og vetter, so er hermest ikkje verande til for folk men troll.»Denne kona likjest alle bondefolk, som finn det flate land fagert, og store fjell og djupe dalar og av grunnar stygge, altso beint imot den noverande kunst smaken. Liksom bonden tenkjer no, tok ogso kunst smaken det ikring tvo hundrad aar sidan. Det er med kunstsmaken som med skurden paa klædom, atfjellbonden er ikring hundrad aar eller meir tilbake i tidi, og um hundrad aar vil truleg han sitja med vaar kunstsmak og klædebunad, medan byane og dei meir upplyste i landet er komne til ein annan synsmaate av tingen, anten det no er fram eller tilbake;

frametter synest det ikkje vera, aa finna fagrare ein avgrunn, ein kvass fjellpigg med snjofenner og audeavdalar enn ei smilande engslett. Det er denne ville og sundslitne diktingi som enno gjeng atter i maalar stykki, etter at ho er døydd ut paa papiret. -Bonden finnn fagert det som endefram er det; men gagnlegt maa det ogso vera: det maa liksom vera mat i det attaat, for elles er det stygt i hans augo. Og derfor er det greidd: at Runden er stygg, for der veks knapt eit grønt stråa. Han kann vel vera bisneleg aa sjaa paa for ein gong skuld; men som dagleg granne er han ingen god mann. Og dersom vaare kunstkjennarar skulde bu der inn-med, so vart dei snart leide honom og sagde: «Nei for Guds skuld, gjev meg ein grasvoll, um han so er aldri so liten.»

Maalarar og andre folk som fer etter aa sjaa venleiken i landskapet, kann derfor vera visse paa aa finna noko stort og fagert for seg, nåar folket derikring segjer at det er stygt. Rjukanfossen er soleis fælt stygg, segjer tinndølen, og han kann ikkje faa i hovudet sitt at folk fer lang veg for aa sjåa honom.

Folk i Atnedalen totte ogso at det var rart av meg som var so «trivleg», at eg kunde hava hug til aa siaa slik styggedom som Rundane. Drivdalen var stygg, sagde ein mann i Uppdal, og Raumsdalen var no det styggaste som til var, sagde mange derifraa.

Og som sagt: til styggare heimefolket finn det, tilfagrare vil maalarar og slike folk finna det. Her var ein mann som kann vera ein mønstermann for venleikslæra; han heitte endaa Olav. Han hadde bygt upp eit stabbur utanfor vindauga sitt og dermed skygt burt utsynet til vatnet og lid og fjell:

«Det fagraste som til er, det er stabburet, for der er korn og mjøl og kjøt og flesk,» sagde han, daa presten skjemde paa honom for dette.

Det maa eg segja her no reint og beint, at Rund ane, so maalandc dei enn er, og Raumsdalsfjelli og Snjohetta og det eg hev sét av Jøtunfjelli, so som I leidalsmugen, Lomseggi og Nautgardstind, er kvar dagslege og klumpne og tunge den lette og ynde fulle Gaukstod, som sit like fager og synleg fraa alle sidor med den kvitrandute kjolen sin i himmelblaatt og 'tvær foten sin i Rjukan. Det er same lengtande hugnad i henne som i dei telemarkske folkevisone, og derfor hev ogso tungemaalet gjort Gaukstod til eit kvendkynsord, medan Runden er mannkyn. Det er ho Gaukstod og han Runden. Og visst er det, at der ved Gaukstod er noko bylgjande mjukt oginnsmeikjande attaat det drustelege, som gjer at auga kviler seg voggande paa denne liksom symjande bylgja mot himmelen.