Vaarstigen og der nord igjennom

Aasmund Olavsson Vinje

FERDAMINNE fraa sumaren 1860

Side 110-118:

VAARSTIGEN OG DER NORD IGJENOM.

Soli kom nedetter lidene daa eg gjekk fraa Kongs-

voll ned igjenom Drivdalen, som er den tronge og

djupe og bratte inngang til Trøndelagen. Det er ein

dal so vill, at her ikkje er mange slike i landet; men

den vesle jordi som heng inn i bergi er god, so

der er grønt og godt geitebeite. Soli radde seg ned

etter og merkte av so svarte skuggar paa den grøne

grunnen, at det var som fjelltoppane skulde koma

livs levande ned igjenom lidene, svarte og glidande

paa ein grøn stol kanta med gull. «Driva» fysste

kvit og rauk i dei smaa fossar der var. Bekkene

hekk som kvite band nedetter bergi. Morgonvinden

kom liksom ifraa Snjohetta og ned igjenom denne

glupen. Det liksom tok og skok i meg:

Her er so vent det kann meg grøta,

for det um eg er vaksen kar,

for dal og fjell og sol meg møta

som heime daa eg liten var.

Eg høyrer som naturens store

og friske, glade hjarteslag.

Ja, herre, alt det som du gjorde

er ungt som det vart skapt i dag.

Det kjærleg paa oss alle tenkjer

med leik i dansen fraa og til,

og av det gylte hornet skjenkjer

det helsebot til kven som vil.

Kvar sen og sege stram seg spenner,

og løyst eg er av alle band,

og paa mitt hovud liksom kjenner

eg livsens varme, signa hand.

No i dei siste aari er vegen lagd ned-med Driva

og er derfor slett som ei fjøl, for no har folk lært, at

vatnet er den beste mannen til aa finna slettaste

vegleidi fram, medan folk i gamle dagar tok etter

ku og geit, som krabba upp og ned i li og bakke.

Eg tok den gamle vegen, eg, for aa sjaa den namn-

gjetne Vaarstigen, og eg maa segja at det var den

galnaste og styggaste almannaveg eg enno hev fare

paa. Det er reint utruleg at folk kunde koma fram

der køyrande, og at ikkje kvarannan mann vart ihel-

slegen av stein og skrede eller siglde til avgrunns i

snjo og svell haust og vaar og vetters tider. Og

endaa var dette ein sann godveg mot i gamle dagar,

daa folk maatte rida, og denne ridevegen maatte

endaa vera ein postveg mot den eldgamle geitevegen,

daa harald Haarfagre og dei gamle stridsmenn for

der att og fram paa sine hertog. Det er inkje under

at folk talar um den gamle, sterke og gilde tid! Det

hadde vore større og betre um dei hadde grave seg

folkelege vegar enn drepe og brent kvarandre inne,

og krabba upp og ned i desse fjell og avdalar som

geiter og villmenn. Eg stod der paa den styggaste

kleivi svimlande høgt og saag ned paa den nye

vegen, som slengde seg som eit smalt band ned-med

aai. Eg likna i hop den gamle og denne nye tid,

og ingen stad hev den gamle tid vist seg i mine

augo so arm og villmannsleg mot den nye som nett

upp her. Eg maatte mest læ, naar eg tenkte paa

den danske kongen som var ein heil dag med aa

rida og ganga den gode mil og krabba paa alle

fire sume stader, for han som var van til det flate

Danmark, maatte svimra her i denne styggeleg bratte

lidi med urder og raaser ikringum seg, som berre

ved aa treda paa ein stein kunde ramla lause og

fara til avgrunns med konge og alt saman. Daa

Karl Johan for her til si kryning tvo og firti aar

sidan, daa var her alt køyrande paa sin maate; men

endaa maatte han setja att vogni si under ein av dei

kneikande bratte bakkane og rida og ganga til gards.

Det var inkje under at han greip etter sverdet sitt

og glodde fælen uppetter fjellsida, og sagde at Noreg

var utakande. Dei arme svenske, som hev gjort so

mangt eit nakkebrots-verk paa sine eventyrlege her-

tog, dei vaaga seg endaa ikkje gjenom Drivdalen og

fram til Gudbrandsdalen og austlandet den gongen

dei hadde teke Trøndelagen den korte stundi. Men

hadde det vore villstyrigen Karl den tolvte, so hadde

visst han vaaga paa det, og soleis her kunde ha fenge

ein stein som hadde spart honom for kula fraa

Halden.

Daa eg kom fram i Uppdal, raaka eg paa nokre

av stortingssendelaget til kryningi, og fortalde at eg

hadde gjenge Vaarstigen, og lagde daa til:

— —«ja de er gode gutar til aa styra land og

rike' Der hev de lova hundrad av tusund ut til

vegar, som det knapt fer ein hest um dagen paa

aaret ikring, medan de ikkje fyrr i desse siste aari

umlagde Vaarstigen, men let folk fara paa denne

harestigen her i dette hovudstrok millom Trondheim

og hovudstaden. Og du daa,» sagde eg til den

eine av deim, «du som maatte fara her att og fram

til stortinget, du sat der og ingenting gjorde for

denne riksvegen og di næraste bygd! Det er inkje

under at de var uppsessjonsmenn og vilde læra re-

gjeringi korleis ho skulde stella seg!»

Men so maatte eg no i denne liksom skjemtande

tiltale vera ei lanse til Achilles, som baade saara og

gjorde heil atter. Derfor lagde eg til: «Aa ja, stakkars

srnaafyrstar! det er nok ikkje rett aa vera for hard

med dykk i dette stykket heller. Vegbyggjingsvitskapen

trudde vel ikkje fyrr i desse siste aari, at det var

mogelegt aa faa vegen lagd ned-med aai, og so var

det ikkje alt dykkar skuld, endaa de skulde ha havt

den umtanken og spurt regjeringi um det ikkje var

mogelegt; men de var vel glade for at de paa vanleg

vis i lengste laget kunde faa spara paa skillingen

og lata dalaren fara or landsens lumme. Den

gamle armodsdomen ihev de utruleg lenge fenge halde

paa i Vaarstigen. Det var just ein sann uppsessjons-

veg. Du maatte vera sæl du — kvar gong du for

der til tings, og Mossige vilde visst ha slengt eit

hallingkast uppaa den styggaste kleivi.»

Denne skjemten min gjekk kanskje vel vidt mot

store menn, men so bukka eg og skrapa, so

dei maatte no sjaa at eg bar vyrdnad for denne vesle

plukken av stortings-sendelaget. Og so sagde eg at

det var ei utruleg ære soleis aa verta send av stor-

tinget til kryningi av kongen sin i det namngjetne,

mergnorske Trondheim. Namnet paa kvar av dykk

vil koma til aa standa i historia. Men daa eg so

hadde klappa slikt, maatte eg slaa atter og visa paa

det gamle herkestell med levemaate og jordbruk, se

gjande: «Sjåa der er dei som etter dykkar lære er

folket; sjåa der er landsens domarar og styresmenn!»

Tru det ikkje var betre aa læra aalmugen upp til

aa lesa og kjenna sitt modersmaal og dyrka si jord

og hava det vel stelt enn aa tøva um riksstelling

med honom, som kann brukast til mykje godt, men

som ikkje hev det minste vit paa slikt.

Alt paa Kongsvoll tok eg til aa sjaa at eg var

komen liksom inn i eit anna land, for der var dei

gamaldagse slaattor av geitebeiti som er slike at

slaattekaren maa ganga paa fire og halda seg i

busken med den vinstre handi, medan han hakkar

og slær med den høgre. Eg kjenner det vel fraa

mi fødebygd. So ligg folk og markar med slik ar

modsdom og slit av seg klædi og vaagar livet med

si vesle høybyrd paa ryggen; men so hevdar dei

paa steinbakken og korkje bryt stein heime paa gjor

det og sæterbøen eller veitar upp dei beste myrane.

So svelter dei buskapen og sløer ned igjenom fjell

og lid det arme forstraaet um vetren. Dei et upp

maten i slike slaattor, som ikkje er verde brynesteinen.

«Her er mine dyr,» sagde eg atter med Robin Hood,

daa eg saag stellet her i søre Trøndelagen.

Det same fekk eg ogso segja alt her i Vaarstigen

um sæterstellet. Det var eit par Uppdals-sætrar der

tett inn-med vegen. Far vel alt øysterdalsk sæter-

stell! Her sat eg i den svarte styggedomen liksom

heime i Telemarki; det var paa gamal god nasjonal

vis alt saman.

Soleis var det ogso med hus og jordbruk nord

igjenom desse velsigna gode dalane, der eg saag

den venaste aaker paa smaalappar millom skjer og

røysar. Det er vel mange stader steinut, so det ikkje

er so godt, men jordi er so god at det er berre det

gamle slarv som toler det slikt. Og so var det no

ogso ein og annan mannen her og der som var

lenger framme baade med hus og jordbruk, og dette

maa vel gjera sitt; og dette er ogso det einaste som

kann gjera noko i bygder der dei fleste ikkje les

stort anna enn gamle huspostlar og gamle tavlebøker

med djevelen paa 1ste sundag i fasta, der han stend

og greiver med sine store horn og lange klør.

«Her er mine dyr,» sagde eg i hus etter hus og

paa gard etter gard, der eg var inne og saag paa

stellet og bokhylla.

Det var snart aa sjaa at det var i framgang med

stell og drift paa mange maatar, for baade saag eg

dette paa hus og.jord, og so tala eg med ein og

annan mannen som tenkte lenger frametter enn han

saag ut til. Lensmenn og andre embetsmenn gjer

no ogso sitt beste ved aa tala med folk og visa deim

gardane sine, endaa dette siste (sjelper ikkje stort, for

aalmugemannen segjer alltid: «Aa ja, det er snart for

honom.» — Men til slike svar sagde eg alltid: «Far

min hadde ikkje meir enn sine tvo hender, men med

desse rudde han seg upp ein rett god plass i skog

og mark. Det er dovenskapen og slusking og faa-

kunna som skaper all denne armod og alt dette grise-

huset. Den som ikkje lever vel etter maaten sin her

og lærer noko og hev det vel stelt, naar han sit, um

det er paa ein av desse mindre gardane, han burde

faa bank attaat sin armodsdom. Det skal ingen

mann kunne segja meg anna, for eg kjenner vel til

det.

Sjølve husmannen der burte i bakken med sine

tvo tri naut og fem seks tunnor korn og tjuge tunnor

jordeple, endaa han kann leva godt, naar han er frisk

og ikkje sit med altfor mange born. Um tjuge aar

kann plassen hans vera dobbelt so god og vel so

det, og her er alltid ein skilling aa tena attaat med

arbeid og fangst av vilt onnemillom.»

So tok eg daa imillom uppatter for deim eit vers

av min song til 17de mai i fjor:

Me fingo so mykje, at kvar ein som vil,

kann leva som mann utan harming,

og rikdom og ære seg slita kann til,

og takka seg sjølv er han arming,

naar Herren gav vitet og helsa,

for fridom me fingo og frelsa.

Daa eg kom lenger ned i dalen, raaka eg paa ein

uppdøl, just ein skjemtande ein av godt norsk slag.

Me var som gamle kjenningar med fyrste ordet.

«Det er ein fager dal,» sagde eg.

«Hu, nei her er fælt stygt,» svara han.

«Korleis vil du daa hava det?»

«Slett og fagert som nede i Skaane og Danmark,

der ein kann sjaa heile sju kyrkjor fraa ein liten

haug.»

«Du er ein sann fjellmann, for du elskar slette

landet,» sagde eg. «Snjoen braanar og bekken renn

ned mot sletti etter den bratte fjellvegg. Her er

mange slag gras i denne fagre dalen.»

«Ja, ein blomekjennar sagde at her finst blomar

som berre er i Brasilia og her.»

«Ja det trur eg vel, for eg ser paa steinen og

skuringar at her er av eit nyare og rikare bergslag.

Dovre skaut upp i ei nyare tid som ein griserygg av

havet fraa innvolen av jordi, og alle desse dalar er

berre som smaasprekkar i denne svorden. Denne

tavlesteinen som vert broten her upp i fjellet og

førd til Trondheim, viser ogso dette. I dei eldre*

berg finst inkje slikt.

* kanskje heller i dei yngre, for no tek dei jordkunnige til

aa tru at graniten er yngre enn leirsteinen og stenkollag, som

me her ogso vilde finna ned paa flata, naar me kunde skrapa

og sopa burt alle vaare høge fjell.