Drengen finn drosi

Aasmund Olavsson Vinje

FERDAMINNE fraa sumaren 1860

Side 266-267:

DRENGEN FINN DROSI.

Eg drog etter drosi, men stødt smatt ho undan

med det same eg liksom rette handi ut etter henne.

Det gjekk meg som skattegravaren, naar han grev

tri torsdagskveldar og endeleg høyrer at spaden syng

ned paa skattkista; men so ser han stutar med store

horn og alt det styggaste som til er, og so krossar

han seg, men dermed skrepp skattkista i fossen, og

han stend atter og ser berre svarte natti.

Til slutt eg fann den møyi som

so mang ei von um sæla gav;

men dette som eg drøymde um

eg fann so godt som inkje av.

Ho var vel ven; og kvitt og raudt

saag ut som blomens fagre let.

Men kjære vene! Alt er daudt,

nåar ikkje der er attaat vit.

Det er ein gamal skikk og sed

aa rosa fagre fot og haand.

Men den som du skal leva med,

måa attaat hava noko aand.

Eg veit vel at den fagre møy

er største syn som du kann sjaa.

Men vel du \eit at kjøt ér høy

som visnar fyrst og turkar daa.

Eg spratt ifraa, og drog meg nær

i ordeleik som vitfull dreng,

men svar eg fekk som naar du slær

paa klokka som i vatnet heng.

Eit auga som av kjærleik vaatt,

ein munn som skapt til Herrens pris

eg saag; men mælet var so raatt,

det gjenomskar meg som ein is.

Det gjekk meg her som tidt med deg

at mest eg elska lengst ifraa.

og ettersom eg nærra meg,

tok elskhugsfuglen venger paa.

Eg ein gong og vel fær aa sjaa

at langt ifraa er ingen kjær,

men at eg elskar, elskar paa,

alt ettersom eg rykkjer nær.

Høyr no eit ord som gjeva kann

Baad' meg og deg og mange mod:

— eg prentar det som eg det fann -

„Ein ljot er ven naar han er god."

Tidt av dei gamle fær me sjaa

at same tanken litt dei vreid;

so dette ord det heiter daa:

~Ein ven er ljot, nåar han er leid."

«Ja, dette landet, desse fjelldalane,» sagde ein

mann til-meg. «Ja, dette landet! det er eit land for

englar.»

«Ja so,» svara eg, «det maa daa vera for det at

englane ikkje ét noko.»

«Hm!» svara han nei me hev visst nok ikkje

alt det kornet som Danmark, men »

«Men,» lagde eg svint til, «men, me hev karar som

kann eta korn.»