Er det utopisk?

Er det utopisk

at folk vil hjelpe og stø kvarandre når dei vitterleg gjer det

og står saman enda solidariteten blir dømd ulovleg

at fleir og fleir vil knytte nevane slik at handflata

kan opne seg til tryggare handslag dei imellom

at angsten, også den metafysiske, bli borte

når folk nektar å tevle ut kvarandre

og ser at alle kan vera sikra arbeid og brød

om dei sjølve får rå


at folk som aldri så noko fornuftig i å sløse

i lengda heller ikkje vil tillata kapitalistane

å kaste maten på dynga og øydelegge ressursane

medan dei fleste på kloden svelt


at vi kan elske andre om lag som oss sjølve,

ikkje etter påbod, men fordi det er gjort mogleg

at sjøloppofring kan føre til siger utan tornekrone

når mange er med og gir kampen riktig retning


at dei mange som skaper verdiane

skal kunne overvinne dei få som har rana verdiane til seg

at fleirtalet skal kunne diktere eit fåtal

at bakmenn må fram i lyset

når det ikkje finst nokon å gøyme seg bak


Er det utopisk

at dei fleste vil bruke den fornuften

dei likevel må bruke dagleg

også til å velja den sida

som gjer at dei sjølve og deira barn

kan overleva


at det sjølsagde seier seg sjøl 


Arnljot Eggen (1923-2009)