Presentasjonssmappe for Ole Johnny Devik

Mappa sitt innhald

Presentasjonsmappen inneheld ein kort refleksjon over arbeid med den endeleg oppgåva.

Den innheld også link til oppgåva og til deg faglege essay der eg drøfter oppgåveløysinga, m.m

Val av oppgåve

Eg har jobba med tema lærarprofesjon - noko som viste seg å vere ei stor oppgåve å dekke.

Derfor vart det nødvendig å finne eit deltema der eg kunne jobbe meir målretta med. 

Valet fall på det med mentorsatsing. Noko som alle kjeldene mine var opptatt av. 

Planen var opprinnelge å lage ein dokumentar med fleire aktørar, for så å bruke ulike interaktive verkty for å samle det i ein heilskap. 

Dette lykkast eg delvis med, for den hovudkilda som eg skulle bruke som ei ramme for heile dokumentaren vart råka av matforgiftning den veka eg skulle filme. Det vart då for knapp tid til å fullføre den planen som var tenkt.

Derfor brukte eg litt tid på å samle trådane og gjekk gjennom det eg hadde av film (som kunne vere del av oppgåve 4, dersom eg ikkje hadde spora av og laga ein reportasje om Flaum i Førde). Eg hadde også oppgåve 3, lyd-reportasjen. Den har eg presentert som eindel av mappa. Tanken var å endre på den, men etterkvart som arbeidet med presentasjonsmappa vaks - så vart dette nedprioritert.

Så det eg står igjen med er ein minidokumentar om ein engasjert Høgskulelektor som nettopp har forfatta ein kronikk der ho ber om at det vert satsa på mentor i skulane, ikkje berre lokalt, men med midlar og tid frå ei poltisk avgjerd. Her knytter eg saman trådane frå dei andre kjeldene mine.

Elles så kom eg fram til at dei andre kjeldene mine var så interessante at dei fortene litt merksemd som enkeltpersonar. Eg lagde derfor ei underside for kvar av dei på presentasjonsmappa. 

Av interaksjon så har eg  brukt ulike løysingar m.a. Soundcite for å legge inn direkte lydsitat frå kjeldene, Infogr.am for å legge til ein interaktiv illustrasjon og thinklink for å bruke bilete og lenkje som ein myldreplass for interesserte. Hyperlenkjer og navigasjon er også satt opp etter beste evne.

Eg har også laga ei eiga Facebook side, der der er mogleg for brukarane å gje tilbakemeldingar.

Utval av modalitet

Grunnen til desse produkta er valgt er at det er ein breidde i modalitet. Her er lyd, film, bilde, skrift og interaksjon. Det einaste som manglar er ein tredimensjonal tekst (som eg vurderte - men kom fram til at det ville krevje eindel kompetanseheving).

Hovudproduktete sånn innhaldsmessig er saken om mentorutdanning. Denne kunne nok vorte endå betre hadde eg fått tak i den kjelda som eg hadde snakka med. Eg hadde ein lærar i praksis som var i lære, og som var under vingenen på ein mentor. Eg har nokre få klipp av dei inne i klasserommet, men så vart ho matforgifta og var vekke i den perioden eg hadde tid til opptak. Litt kjedleg, men lite å gjere med no.

Lenkjer

 

Link til prosjektoppgaven (Oppgave 5)

http://www.medieproduksjon.com/multimediajournalisten/index.html

 

Lenkjer

 

Det faglege essayet tek for seg problematikken knytt til overgang frå tradisjonell journalistikk og den moderne tid si journalistikk, der teknologi gir nye moglegheiter, men også nye utfordringar. 

Eg har prøvd å kaste lys over kva utfordringar eg har stått ovanfor og korleis eg journalistisk og teknisk har løyst dei (etter beste evne).

Essayet er lagt inn som fil på denne sida, men legg også ved link til fil frå min webserver http://www.medieproduksjon.com/multimediajournalisten/multimediajournalistikk-fagleg-essay.docx

Facebook-side ligg her: https://www.facebook.com/Multimediajournalisten