Innlevering 3

Lydproduksjon

Då har eg laga eit lydprodukt. Det er eit intervju med to lærarar på min skule (eg starta der for 1 mnd sidan, så føler meg habil endå). Den eine er tillitsvalgt i lokallaget av Utdanningsforbundet, og har eit litt breiare syn enn han som berre er lærar.

Eg nytta ein Zoom h6n-opptakar med ein steromic. Det første opptaker med Knut vart ikkje heilt optimalt, ettersom det var på eit lite rom med mykje romlyd. Mikrofonen var også litt langt vekke frå han, då det var ein mjuk djup sofa i rommet, og eg klarte ikkje å halde mikrofonen då det var ein lav pult i vegen. 

Det andre intervjuet med Hans Otto vart mykje betre. Første fekk eg med lyd frå gangen utanfor. Det var elevar som gjekk i gangane og gav eit godt lydbilete. Men samtalen mellom meg og Hans Otto drukna litt i det.

Så eg lukka døra, holdt mikrofonen under haka på intervjuobjektet - og sikra langt betre lydkvalitet.

Blokkene las eg inn heime etter at eg hadde laga eit word-dokument der eg la ein disposisjon. Eg har fleire minutt med gode svar om lønn, status og andre delar av det å vere lærar. Knut hadde nokre svært gode refleksjonar. Men, det var langt - og med eit kjedeleg lydbilete og litt dårleg lyd - så valgte eg å ta med det mest direkte som svarte på Regjeringa sin pressekonferanse.

Eg satte det saman med Audition, der eg normaliserte lydnivået, jobba med å kutte og flytte på opptaka i Multitrack. På det meste hadde eg tre spor. Hadde eg hatt miljølyd, effektlyd og musikk, så ville eg nok brukte 6 spor - for å gjere det meir oversiktleg.

Lydproduksjonen ligg på Soundcloud, i linken nedanfor. Den er pr i dag ein privat publikasjon, men dersom det er ønskjeleg så kan eg endre til offentleg.

Min lydreportasje

Det er litt lite miljølyd. Eg hadde lyd av elevar i bakgrunnen på opptaka, men det vart for tilfeldig. 

Eg vurderte musikk, men var litt umotivert - i tilfelle ville det vore Another Brick In The Wall av Pink Floyd som opning.

Det er brukt APUS, til ein viss grad. 

Anslag, der den eine læraren kjem med ein "dramatisk avsløring".

Presentasjon, der eg fortel om kva som er bakteppe for reportasjen.

Utvikling av saken er når ein kjem meir inn i det, med kva meiner dei to som er intervjua. Her hadde eg meir fakta, henta frå nettaviser - men valgte å ta det vekk for eg vart ståande for mange gode meiningar frå dei to.

Ideelt sett kunne eg kanskje høyrt med nokre elevar og ein rektor, el. Høgre/FrP-politiker, men sparer kruttet til film-biten.

Slutten er litt brå, men eg prøver å avslutte med ein hengande refleksjon.

I det heile så er eg sånn passe nøgd med lydproduksjonen. Eg skulle sikra meg meir miljølyd, vore inn i eit klasserom, snakka med elevar, etc. 

Men sånn elles så er eg nøgd med at dette er min første radioreportasje, og er relevant med god kjelder.