Innlevering 4

I denne oppgåva har eg gått vekk frå arbeidsplanen om å jobbe med lærarproffesjon. I dag (28.10.2014) var det flaum i Førde, og fleire bilar måtte evakuerast frå parkeringsplassen i sentrum i det elva flaumde over. 

DAGSAKTUELT og RELEVANT

Politiet måtte ringe rundt for å få eigarane til å flytte bilar som heilt opp til karosseriet i vatn. Dette slo meg som noko langt meir dagsaktuellt og på grensa til nyheitstoff (dvs. det er heilt klar nyheitsstoff - men eg klarte ikkje heilt å kome dit at eg fekk ei heilskapleg sak. 

Eg prøvde å spør eit vitne som hadde ei fantastisk historie om ein nabo som måtte svømme med rundballlar då elva braut seg inn på jordet hans. Eg fekk tatt opp lyd, men han ville ikkje stille opp til videointervju - noko som vart dumt for saka.

Elles var det fult kaos med stengde vegar, politidirigering, m.m. Eg kunne kanskje skaffa fleire gode bilete - men regnveret var ikkje så snilt med utstyret mitt - og eg hadde ikkje planlagd godt nok med regnty og paraply/støvlar,

FILM OG LYD

Eg filma det eg såg som realistik med tanke på skotøy og motiv - og fekk ein kollega til å filme då eg snakka, samt ei scene til. Resten har eg sjølv produsert med canon 6d og ein zoom-lydopptakar. Eg har fanga miljølyd og tatt opp tale. Ikkje stolt over voiceover-arbeidet - men neste gang skal det sitte med god uttale, tydelege pausar - og god flyt. 

Lydkvaliteten er ganske bra med tanke på verforhold, men kunne jo vore betre med betre radiostemme;)

I det heile så er det ein ok reportasje, som manglar ei god kjelde (som vil stå fram) samt ein fagmann si utale. Men eg har tatt opp skjermopptak frå Firda.no, samt frå NRK - alt det som vert vist frå nettavisene er filma med Debut opptaksprogram, og speeda opp i Premiere for å gjere det raskare. 

Klipp og eigenvurdering

Det er masse klipping, fleire timelines, miljølyd, musikk som er lov å bruke frå freestockmusic. Og eg har fått lov å bruke klipp som er filma av kollegaen.

Av etiske problem så filma eg to jente - foreldrene var der, men eg spurde ikkje om lov. Meiner dei likevel er nokonlunde anonyme. Elles filma eg ein eldre mann som gjekk forbi politisperringa. Burde kanskje stoppa han heller enn å filme, men det såg ikkje ut til å vere farleg der han var.

I det heile har det vore ei kjekk oppgåve, som eg meiner er løyst innanfor krav til oppgåva - og med godt over middels måloppnåing på noverande kompetansenivå...

Her er i alle fall filmen: http://youtu.be/gdO4bOVOCcU