Innlevering 2

Prosjektplan

Her er min prosjektplan for studiet:

Formål med prosjektet

Mitt prosjekt vert å lag ein dokumentar med lyd, film og interaktivitet om lærarstreiken. Målet er å få fram fakta, haldningar og ev. endringar som den har medført – og vise til kva som kan hende med lærarprofesjonen i tida framover – etter streiken. Tema er kort forklar lærarproffesjon. Korleis er det å vere lærar i Norge i 2014? Korleis vert læraren oppfatta av ulike grupper i samfunnet?

Eg skal intervjue med lyd og deretter bilde, lærarar, ungdom, tillitsvalgte i lærarforbunda, politikarar, vanlege foreldre/andre utanforståande. Dette for å få inn fleire syn på lærarproffesjonen.

Dei tekniske målsetningane er å meistre lydopptak, filmopptak, redigering og til slutt det å skape interaksjon – der mottakar av produktet kan ha innverknad på delar av visninga/mediekonsumentet.

Dersom eg får det til skal eg prøve å lage ein interaktiv del der brukaren kan tilgang til informasjon utifrå kva val han gjere på ei nettside – anten gjennom html, flash eller jquery – eller annan teknologi som eg finn gjennom studiet.

I ein reel arbeidssituasjon ville oppdragsgivar vore ein digital avisredaksjon. Her ville behovet vere å lage ein samlingsressurs om tema. Oppdragsgjevar ville måtte trekke mest mogleg «lesarar», skape diskusjon – men også skaffe «treff» slik at det kunne føre til annonsekroner/kjøp av digitalt abonnement.

Hovudmålet er å skape god journalistikk og bruke teori og kunnskap frå pensum. Eg har brukt å ha meir fokus på det tekniske enn innhaldet, noko eg vil jobbe målretta med for å skifte fokus.

Det er nokre etiske utfordringar knytt til prosjektet. Eg er sjølv lærar som har vore i streik, og eg har vore tillitsvalgt i Utdanningsforbundet rett før streiken. Dette kan minske truverdet i det ferdige prosjektet. Eg har jobba i mediebransjen før eg vart medielærar, og er opptatt av fleirekjeldejournalistikk og god arbeidsetikk. Men, det kan likevel vere ei hindring?

Målgruppe

Målgruppa for sluttproduktet vil vere brei. Men først og fremst dei som er interesserte i utdanning og lærarproffesjonen.

Eg trur målgruppa er interessert i å vite meir om kva som er bakteppe for lærarstreiken. Kva er det som har fått så mange lærarar til å engasjere seg i forhandlingane dette året, når det før har vore låg oppslutning kring uravstemningane. Mange har oppfatningar av lærarane si arbeidstid, men få utanom dei som er lærar eller bur med ein lærar, har innsikt i det.

Eg vil spele litt på kjensle, ved å få fram klare røyster frå fleire sider av det som var ein konflikt mellom lærarstanden og kommune/fylkeskommune og i ein grad – staten. Målet er å finne aktørar som har sterke meiningar. Eg vil også nytte fakta som eit verkemiddel, ved å finne bakgrunnsinformasjon som kan vere med å forklare og opplyse. Håpet er også å få til gode visuelle bilete som gjere det spennande å sjå – samt ha vekt på teknisk god kvalitet i bruk av lyd og bilete.

Av tekniske verkemiddel så tenkjer eg å nytte lyd frå streiken, nærbilete av dei som snakkar i filmen (ikkje heile tida, men når noko spesielt vert snakka om). Eg vil prøve å skaffe arkivfoto og musikk som kan forsterke kjenslene – men skal vere forsiktige med å ikkje nytte for mange verkemiddel som svekker truverde i produksjonen.

Inspirasjonskjelde

Eg er inspirert av Morgan Spurlock sine dokumentarar. Han er talentfull og kreativ i måten han skaper nye medieprodukt. Spesielt «The Greatest Movie Ever Sold» er ein produksjon eg ser opp til. Den er ærleg, og samtidig illustrerande – der han nytte produktplassering for å fortelje om produktplassering.

Meir realistisk så vert det nok henta inspirasjon frå NRK Sogn og Fjordane sin lokalradio, i bruk av radioreportasje, og meir rett fram TV-reportasjeteknikk – når det kjem til å lage filmproduktet. Men håpet er å få til noko som er litt meir enn snakkande hovud som fortel om sine ting.

For den interaktive delen vil eg hente inspirasjon frå: NewsLab.org, som har kurs i å lage interaktiv grafikk. Elles kan eg litt om å kode enkle script i Flash og litt html5. Så eg håper at eg kan nytte litt av det eg kan frå før. Eg vil hente inspirasjon frå gravande journalistikk.

Gjennomføring

For å få til dei ulike produksjonane er eg først avhengig av ein berkraftig ide, tilgang på kjelder og råmateriale, samt produksjonsutstyr.

Først vil eg legg ein plan for kvar av produksjonane. For at det til ei kvar tid skal vere aktuelt, er det ikkje så lett å skreddarsy ein ide for kvar enkelt produksjon, men heller har ein grunnleggande ide om kva ein skal nytte som kjelde og produksjonsutstyr for kvar del. Nyheiter er ferksvare, og sjølv om dette vert meir i form av dokumentarstoff, så vil eg prøve å gjere det så ferskt som mogleg.

Programvare

Eg har tilgang til Adobe-pakken i Creative Cloud 2014-utgåve. Program som eg vil nytte til produksjonen er dermed

Teknisk utstyr

Ressurspersonar og kjelde

I tillegg til rettleiar Jon Hoem og ev. andre studentar på studiet, kan eg nytte følgjande ressurspersonar innan det faglege:

Espen Nyttingnes - filmfotograf, tidlegare medielærar og sjølvstendig næringsdrivande. Kan vere til hjelp med tekniske utfordringar, råd ved visuelle utfordingar. Analyse av komposisjon og bruk av utstyr for opptak, samt redigeringsråd.

Anne Brit Sande - medielærar og radiojournalst. Kan vere til hjelp med etikk, opptaksteknikk for radio - og kommunikasjonsrettleiing.

Olav Øygard - fotograf, fotoleiar og medielærar. Til hjelp innan det visuelle utrykk og analyse av videobilde, etc.

Samtlege er medielærarar og fagpersonar på sitt felt, som eg har jobba ved sidan av, men ikkje så mykje i lag med - i samband med det å produsere medieinnhald innanfor rammene av dette studiet. Ved å nytte fagfolk som 

Kjelder:

Sissel Sande, streikeleiar og leiar for Utdanningsforbundet Førde. I tillegg: Gunn Marit Haugsbø (leiar UDF Sogn og Fjordane) og Hilde Kvamsås Aa (ATVi UDF på ein av dei råka skulane). 

Rådmann i Førde kommune: Ole John Østenstad (repr. for arbeidsgjevarsida).

Hallgeir Hamre, ny rektor ved Førde Ungdomsskule - og som har vore i streik i Utdanningsforbundet

Elevar råka av streik, føresatte og "fem på gata-enquette (opinionen)" - om korleis dei opplevde konflikta, kva dei miner om læraren sin - no og før...

Fylkespolikarar som har med utdanning å gjere. T.d. KS-leiar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Utfordringa vil vere å få KS-sida i tale. Spesielt ettersom eg ikkje er subjektiv nok i mi stilling som lærar. (Igjen, håper at det at eg er litt mindre objektiv i desse produksjonane ikkje gjer at dette er umogleg å levere inn. I dokumentarsjangeren er det ikkje uvanleg at den som lagar dokumentaren har ein motivasjon som ikkje er heilt nøyrtral, t.d. Michael Moore. Som har laga mange kjende dokumentar - utan (mi tolkning) å vere så veldig oppteken av å vere objektiv.

Milepælar og faser i prosjektet

Dei viktigaste vil vere å følgje fristane for innelvering i løpet av studiet, samt bli ferdig med den siste innleveringa i tide - i best mogleg kvalitet.

I første omgang vil det vere å få gjennomført lyd-oppgåva. Her må eg jobbe med å få på plass intervjuobjekt, dvs. lærar, elev, tillitsvalgt og eller politiker/leiarae for KS-området. Deretter sikre miljølyd, finne musikk som kan nyttast - i lag med effektlyd. Deretter vil eg måtte ta til på video-produket. Det å ha med seg kjeldene frå lyd-produktet kan vere smart for å få samanheng. Tilslutt er det å lage interaksjon, noko som vil kanskje vere ei meir omfattande oppgåve enn eg klarer å sjå for meg no. Men truleg noko som kan løysast på enklare måte enn eg tenkjer.

Den første fasen er å få ferdig eit lydprodukt. Dette skal takast opp, redigerast, kommenterast (med blokk/voiceover), og ferdigstillast slik at det kan leggast ut på nettsde innan fristen 8. oktober. Her er det også relevant å sikre lydopptak (og kanskje film) til bruk i video-prosjektet.

Den andre fasten er å få sikre intervjuobjekt, arkivmateriell, musikk og miljølyd til å kunne produsere ein video til oppgåve 4. innan fristen 29. oktober. Her under også redigering, kommentering, ta opp skjermvideo - og alle delar av kriterium for å oppfylle oppgåva. Arbeid med supring/grafikk på videosporet må også takast.

Den tredje fasen er å skaffe kompetanse nok til å lage interaksjon som bind saman lyd og video til eksamen. Dette parallelt med arbeid med endeleg prosjektplan. I denne fasen vil også kvalitetssikring av eigen kompetanse, produkt og råmateriale. 

Den fjerde fasen er å ferdigstille eksamensoppgåva. Ta eigenkorrektur før endeleg innlevering. Gjerne få innspel frå andre som kan vere til hjelp å sikre at kommunikasjonen til mottakar og deira tolkning av det endeleg produktet er slik som eg har tenkt.

Den femte fasen er eigenvurdering, refleksjon kring læringsutbytte og oppnådd ny kompetanse gjennom studiet. Kva har eg lært og kva er vegen vidare?

Vegen vert litt til etterkvart, ettersom dei ulike oppgåvene må syast saman etterkvart som ein får tilgang på kjeldene. Mål vil vere å fortelle ein historie, og formidle ein sanning, så nøytralt som mogleg - innanfor oppgåvene sine mandat.

Det tekniske og det innhaldsmessige vil vere ein prioritet, og det sannferdig og dokumeterande vil vere i fokus.