Innlevering 1

Eg er ein mediegrafiker, fotograf og medielærar frå Førde i Sogn og Fjordane.

Lumièrefilm

Min Lumière film vart til då eg var med på eit arrangement kalt Førde Opp, som er eit motbakkeløp med tilhøyrande sentrumsarrangement. Løpet starta i sentrum ved den nye bystien (sjå biletet til høgre). Der eg var i sentrum var det litt mindre engasjerande enn på toppen i målområdet. Før premieutdelinga var det ein nær melankolsk stemning i sentrum, då alle venta på å få høyre kven som hadde vunne dei ulike klassane. Musikken er henta frå freestockmusic.com og er dermed lov å nytte til distribusjon på nett. Filmen er fanga med Canon 6d med liten grad av fargemetting, for å forsterke utrykket. 

Som medielærar med over middels ambisjonsnivå har eg vore i Afrika, Hollywood, Brussel og Sverige med elevane - på filmoppdrag. Mykje av inspirasjonen har kome frå å arbeid med ein filmlærar som eg delte kontor med, men no vil eg prøve å vidareutvikle meg til å sjølv kunne stå for produksjonane - med fagleg rett tilnærming.

Dei siste åra har eg tatt fagbrev som fotograf i Hordaland, samt jobba eindel med film i skulesamanheng. For det meste i lag med elevane, som har stått for det meste av produksjonane - med meg som rådgjevar. Ein av dei filmane eg er mest stolt av er denne rekamefilmen for ein kampanje om å bli i skulen: Stay-kampanje

Deskmedarbeidar

Eg har mange års erfaring som deskmedarbeidar i regionalavisa Firda i Førde. I hovudsak som grafisk medarbeidar innanfor tradisjonelle medium, men også litt på nett fram mot 2010. I nokre år var eg også nettansvarleg for ungdomsseksjonen, og produserte forbrukarstoff for nett.

Kort fortalt så er eg eit mediemenneske som er glad i medieproduksjon, både som forbrukar og som produsent. Som medielærar så er det stort sett å hjelpe andre med sine produksjonar, samt vere med å vurdere andre sine produkt. Litt av grunnen til at eg tar dette studiet er for å bli betre til sjølv å produsere og forstå bruken av multimedia. 

Skuleåret har starta litt annleis enn vanleg med streik på den vidaregåande skulen der eg jobbar. Lærarane på Hafstad vgs. var dei første som vart tatt ut i streik. For min del har det vore litt spesielt ettersom eg har vore på mediegruppa til Utdanningsforbundet i Førde. Gjennom streiken har eg laga fleire filmar og tatt masse foto frå streikemarkeringane. Det har vore alt frå infografikk-animasjon laga i After Effects, til heile dokumentarar laga i lag med andre medielærarar. Her med ekstern opptakar og fleire kamera.

Digital presentasjon med Prezi

For min presentasjon valgte eg å bruke Prezi. Dette verktyet har eg brukt tidlegare, men det er nokre år sidan eg sist laga noko nytt.

Sist var det litt få moglegheiter til å bruke anna enn tekst og bilde. Eg vart positivt overraska over at det no var fleire moglegheiter for å nytte multimedia. 

Min Prezi om meg