Blisterhaugen

Gjennom Trondheim kommunes kunst i offentlig rom - ordning undersøker vi om det kan legges bedre til rette for opplevelse, opphold og aktivitet på Blisterhaugen.

Fra krattskog til grønn perle

Blisterhaugen ligger mellom Søbstad helsehus og Saupstad bibliotek på den ene siden og gamle Heimdal videregående skole. Fra gammelt av var det her smia på Søbstad gård sto. Høsten 2018 tynnet Trondheim kommune i skogen slik at det ble lysere og lettere å se hvor fint det er på haugen. Det er en gammel asfaltert rundløype mellom trærne, tilpasset beboere på helsehuset. Mellom trærne ligger også en gammel trapp ned til gang- og sykkelveien, godt gjemt mellom busker og høyt gress. På haugen er det satt ut benker, men de er nok ikke så mye i bruk. En dør inn til helsehuset har stått avlåst i flere år fordi den var vanskelig å få i lås og det hendte ubudne gjester kom inn der. Nå er det planer om å få en bedre dør på plass slik at det igjen kan bli lett å komme seg ut mellom trærne for å høre fuglesang og nyte utsikten.

Om kunstnerne

Magnar Gilberg og Bjørg Nyjordet startet arbeidet på Blisterhaugen våren 2019. I deres kunstprosjekter er tilstedeværelse, deltagelse og dialog viktige stikkord. Tid er deres viktigste virkemiddel, slik at de kan etablere kontakt med de som bruker stedet og oppnå tillit til å etablere en ny bruk av parken. På grunnlag av samtalene som oppstår, legger kunstnerne opp en plan for stedet og jobber ut ifra dette.

Carousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel image

Om prosjektet

På Blisterhaugen begynte kunstnerne med å rydde og hente frem gamle kvaliteter på haugen, som har vært igjengrodd i flere tiår. En skjult trapp ryddes frem, og fremheves ved at en smed kommer og smir et rekkverk til trappen, på stedet. Bærbusker fremheves, potetåker etableres, bålpanne og kokekaffe tilbys, en eplehage skal plantes og blomsterløkes settes. Har du ideer til andre måter å bruke Blisterhaugen på? Ta turen innom hos Bjørg og Magnar – de vil svært gjerne ha besøk av deg!

Glimt fra arbeidet på haugen

Tar du på deg kunstbrillene når du beveger deg i det offentlige rom? Det gjør filmskaper Mari Nilsen Neira og fotograf Maja Holand – som etterhvert skal omfavne alle kunstprosjektene i bydelen vår med sine egne linseblikk.

Kunstnerne Bjørg og Magnar om kunstprosjektet på Blisterhaugen: – Døyr samtalen, er grunnlaget for fredleg samhandling borte

Ein mann i femtiåra stakk innom oss på Blisterhaugen og uttalte seg omtrentleg slik:

”Her er vakkert og her er godt og være. Plassen må ikkje organiserast og tilretteleggast til identiteten døyr. Haugen må berre ryddast i og levast i.”

Utsagnet høver godt med våre intensjonar for Blisterhaugen.

Vår intensjon

Vårt overordna ønske er å lage gode opplevingar for folk på Blisterhaugen. Og at Blisterhaugen skal lage gode opplevingar mellom folk. Folk skal ikkje møte eit ferdig gjennomdesigna uteområde. Dei skal sjølve være med å ta initiativet med å forme Blisterhaugen. Dei skal også måtte kjenne på ansvaret med å bruke og å forvalte eit felles uteområdet. Blisterhaugen skal handle om medverknad og om demokrati, der vi og oss er dei bærande omgrepa.

Som kunstnarar kjem ikkje vi med ein ferdig skulptur eller eit objekt inn på området. Vi kjem med eit ønske om at folk på Saupstad skal gjere seg kjende med kvalitetane som ligg i dette uteområdet, bygge eit vennskap med Blisterhaugen og å bygge eit vennskap med dei som bruker Blisterhaugen. Vi er kan hende ikkje så interesserte i innspel om kva som skal være på Blisterhaugen. Men vi er svært interesserte i folk som ønsker å gjere noko her, prøve ut idear og som ønsker å være ein del av ein skapande prosess. Vi, med vår erfaring og vår kunstnariske kompetanse, skal hjelpe folk i arbeidet med å prøve ut idéane sine.

Nokre resultat vil være av temporær kvalitet, medan andre vil ha ei lengre varigheit. Det er viktig å ha i tankane at det varige kan gjere plassen daud, medan det temporære gjer Blisterhaugen stadig attraktiv. Folk som er med å prege plassen får ei tilhørigheit og ei ansvarskjensle for Blisterhaugen. Kunstprosjektet skal gjennom prosessen søke etter folk som vil verte venner med Blisterhaugen og som vil utvikle og bruke Blisterhaugen på ein inkluderande og utforskande måte.

Vår arbeidsmåte

Vår viktigaste ressurs er tid og tillit. Den første tida vil vi bruke på å verte kjende med Blisterhaugen og det nære området ikring. Finne kva som er Blisterhaugen sitt vesen; som landskapsform, som lokal klimasone, som historie, som sosial arena, som moglegheit.

Som kunstnarar må vi bruke tid på å verte trygge på Blisterhaugen som fenomen. Vi må verte trygge på å være synlege her; så trygge, at vi tørr å opne oss opp for folk som går forbi og som gjerne vil ha kontakt. Difor har vi starta opp med å være tilstades – tilstades gjennom eit sakte arbeid. I førstninga vil vi uttrykke oss gjennom det heilt bassale: rydde for å skape orden, forsterke romlege opplevingar for å skape intimitet og tryggleik, lage eld for å varme mat og drikke, rydde åkerland for å skaffe mat, koke kaffi og steike vaffelkake for å kunne invitere folk inn til ein samtale.

Arbeidet gir eit påskot for å ta kontakt, det ufarleggjer ein samtale. Saga, øksa, stubbebrytaren gjev ein noko å halde seg til, slik at tankane vert friare og samtalane får utfordra oss. Så trur vi det er viktig å vise fram manuelt arbeid –kroppsarbeid- som ein metode for å kunne realisere si eiga idéverd.

Rekruttering er ein av suksessfaktorane. Her vil vi arbeide etter to strategiar: den eine er å etablere kontakt med tilfeldige forbipasserande, den andre er å invitere seg inn i meire etablerte miljø. For at prosjektet skal halde seg robust over tid, meiner vi det vert viktig å etablere nye konstellasjonar, slik at prosjektet har nok ressurspersonar til å fortsette etter at vi avsluttar vårt arbeide. Kanskje vil Blisterhaugen bestå av fleire prosjekt som utviklar seg samstundes. Blisterhaugen må aldri verte heilt ferdig, nye idéar må kunne koma til. Koma til, slik at nye bindingar mellom nye folk kan skapast.

Arbeidet så langt

Vi har starta med å rydde. Dette vil vi halde fram med, ein type meditativ evigvarande aktivitet. Likeeins arbeidet med å sage og klyve opp ved til bålet. Koke kaffi og steike vaffelkake. Samtalane med tilfeldige forbipasserande vert også ein slik aktivitet, som berre fortsett og som er ein gjenkjenneleg aktivitet.

Etter samtalar har vi funni restar av hasselkjerr, som skal bære store nøtter. Kjerret har vorti saga ned sist hausten. Vi har teki vare på rotskot frå desse, som vi vil sette attende. Vi har etablert kontakt med Huseby ungdomsskole, Heimdal vidaregåande skole og med Boxopner. Har også invitert oss inn til enkeltpersonar og organisasjonar i området.

Så held vi på å bryte eit dyrkningsland, her vil vi sette poteter og så urter. Vi inviterer helsehuset til å være med på potetsetting og kaffipause. Høyrer om deira opplevingar med matauke under ulike føresetnadar. Under dette arbeidet, inviterer vi også Patrick Andre Sandqvist til ein idédugnad kring ei oppdyrking, slik at kantina kan ha tilgang på nokre råvarer. Vi går også inn i ein dialog med Heimdal bo- og aktivitetstilbud.

Utover hausten skal vi ta opp poteter, invitere til eit felles potetmåltid. Vi skal ha workshop’s med 5. klassegruppa for å utvikle idéar til biblioteket si utesatsing. Vi skal plante ut lauk som skal gje trekkplantar for biene til neste sessong, samt plante ein eplehage. Så er vi i dialog om smiing av rekkverk, der ungdommar får vegleiing i å smi, ute på Blisterhaugen. Vi skal også ta opp kontakten med Heimdal bo- og aktivitetstilbud. Så har vi lyst til å invitere barnehagane i omegn til piknik på Blisterhaugen. Kunstprosjektet er planlagt avslutta sommaren 2020.

På tirsdagar vert vi fast på Blisterhaugen utover hausten 2019. I tillegg vert det etablert eigne dagar for dei ulike prosjekta. Dette opplyser vi om på informasjonstavla vår nede ved gangveien. Vi ønsker at folk tek kontakt med oss for ein prat, ein kopp kaffi eller for å verte med å utvikle Blisterhaugen.