Olav H. Hauge

draum ber vidunderleg

"Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje"

—Olav H. Hauge (1908-1994)

Foss høyrer

"Bur du attmed ein foss, høyrer du han ikkje."

—Olav H. Hauge (1908-1994)

nymåne ny gamal

"I dag såg eg to månar, ein ny og ein gamal. Eg har stor tru på nymånen. Men det er vel den gamle"

—Olav H. Hauge (1908-1994)

Snigelen augo stett vegen rett

"Snigelen skrid yver vegen

med augo på stett.

han gjev svarten

i farten

berre leidi er rett."

—Olav H. Hauge (1908-1994)

Draum fot rekk

"Draumen rekkjer dit fot ikkje rekk."

—Olav H. Hauge (1908-1994)

draumen me ber på vidunderleg

"Det er den draumen

Det er den draumen me ber på

at noko vidunderlig skal skje,

at det må skje –

at tidi skal opna seg,

at hjarta skal opna seg,

at dører skal opna seg,

at kjeldor skal springa –

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um."

—Olav H. Hauge (1908-1994)