"Til lags åt alle kan ingen gjera;
det er no gamalt og vil so vera".
—Ivar Aasen (1813-1896)
"Det ein sjølv kann gjera, skal ein ikkje bidja andre um".
—Ivar Aasen (1813-1896)
"D’er bedre vera ukjend en illa kjend".
—Ivar Aasen (1813-1896)
"Nei, vesle Vitet det rekk ikkje til.
Ei Tru maa stydja upp-under".
—Ivar Aasen (1813-1896)
"Med Fals og Fusk er Verdi full,
og mangt eit Korn læst vera Gull;
men naar ein ser det nærre,
so var det verdt eit mindre Rop:
d'er berre Graastein alt i Hop,
og stundom nokot verre."
—Ivar Aasen (1813-1896)
"Dei vil alltid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt."
—Ivar Aasen (1813-1896)
"Lat no andre om storleiken kivast
lat deim bragla med rikdom og høgd
Millom kaksar eg litet kann trivast
Millom jamningar helst er eg nøgd
Lat deim hava den æra dei kunna
og sin rikdom og styrkje dertil
når då berre dei meg villa unna
og få rå om min arv som eg vil."
—Ivar Aasen (1813-1896)
"Sud om havet han stundom laut skrida,
der var rikdom på benkjer og bord.
Men kringum såg han trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.
Lat no andre om storleiken kivast
lat deim bragla med rikdom og høgd
Millom kaksar eg litet kann trivast
Millom jamningar helst er eg nøgd
Lat deim hava den æra dei kunna
og sin rikdom og styrkje dertil
når då berre dei meg villa unna
og få rå om min arv som eg vil."
—Ivar Aasen (1813-1896)
"Av Vit og Kunnskap, ser ein tidt,
at Folk vil skrøyta stort og vidt,
men naar det kjemer nærre,
so vita dei um Smaating best,
og minst um det, som trengdest mest,
og slikt er helder verre.
—Ivar Aasen (1813-1896)