Olav Aukrust

Emne - gut, det lyt du ha - Olav Aukrust

"Emne - gut, det lyt du ha,"

hugsar eg han farfar sa:

"Skal ditt arbeid framgang vinne

og den drøymde siger nå,

lyt du fyrst eit vyrke finne

som er heilt å lite på.

—Olav Aukrust (1883-1929)

Olav Aukrust - ekte merke selapinne hug hått

"Ekte òg laut allting vera,

merke måtte tingen bera;

minne um sin upphavsmann,

vitne all sin dag um han, -

jamvel i ein selapinne

sette dei seg sjølv eit minne,

når han vel var gjort i stand.

Ambod var det so som so med,

tidt på verkty var det skort,

ringt var ofte det dei stod med,

lel vart fullgodt arbeid gjort.

Dette munde soleis ha seg

at dei gamle alltid la' seg

tett og godt

til sitt emne inn og ga' seg

sjølve heilt, med hug og hått."

—Olav Aukrust (1883-1929)

løypski sledamei keiken lugumt emne - Olav Aukrust

"Det var lov i gamle dagar, -

merk deg, du òg, dette krav.

Vart ein parlaus tolkniv spurd,

vart ei naudgod løypski gjord, -

skul' det til ei etarskeid,

eller galdt det sledamei',

ein som heldt i verste kneiken

um det skeiv og gjekk på keiken -

eller kva' det meir no va':

lugumt emne laut ein ha -"

—Olav Aukrust (1883-1929)