PKO Kommune

Dr. med.  Odd Jarl Kvamme, fastlege og spesialist i allmennmedisin på Stord fikk Legeforeningens kvalitetspris for primærhelsetjenesten 2015. Kvamme mottok prisen for prosjektet: Samarbeidslege i Stord kommune. Ein metode for samarbeidsutvikling med betre tenestekvalitet. Gjennom prosjektet har Kvamme, i samarbeid med sykepleier i Stord kommune Mona Yvonne Lothe, bidratt til bedre koordinering av kommunale helsetjenester for hjemmeboende kroniske pasienter med sammensatte lidelser ved å etablere nye rutiner for samarbeid mellom fastleger og sykepleiere. 

Under kan du lese mer om prosjekt og metode. Nederst finner du beskrivelsen i en Word fil så du kan laste den ned om du vil.


Metodebok PKO- kommune

Praksiskonsulentmetoden i kommunalt samarbeid, Stord kommune

Odd Kvamme 2015

Elektronisk prosjektrapport  kan bestillast: odd.kvamme@knett.no

PKO kommune er ein enkel metode for å betre samarbeidet mellom fastlegar og andre kommunale helsetenester. For å oppnå gode pasientforløp må utvikling av samarbeid i kommunal helseteneste også omfatte betre samarbeid med lokalsjukehus. For å lukkast med dette, bør PKO sjukehus og PKO kommune samarbeide tett.

                                         

Målsetjing for prosjektet

Kvalitetsbetring av samarbeid mellom fastlegar og heimesjukepleie ved bruk av praksiskonsulent-metoden.

Vi ville prøve ut praksiskonsulent-modellen til å  betra samarbeidet mellom fastlegar og heimesjukepleien. Våre hypoteser var at systematisk arbeid med å betra kvalitet og sikkerheit ved bruk av denne modellen på kommunenivå kan betra tenestene til heimebuande sjuke eldre personar som treng tenester samtidig frå heimesjukepleie og fastlege.

Metode

Prosjektarbeidet blei utført av ein fastlege og ein sjukepleiar i heimesjukepleien i 20 prosent stillingar i tidsrommet januar 2013-februar 2014. Før-data vart samla ved bruk av fokusgrupper og spørjeundersøking (Questback). Erfaringane vart omsett til moglege samarbeidstiltak som vart ordna i åtte tiltaksområde med underpunkt. I intervensjonsperioden vart dei aktuelle tiltaka godkjent og omsett i klinisk praksis, i dialog med fastlegar, sjukepleiarar og helseledelse. På slutten av prosjektperioden blei det gjennomført ei ny spørjeundersøking, og før-etterdata vart samanlikna.

Dei fleste av tiltaka prosjektgruppa føreslo, vart godkjent av fastlegar (i AU), heimesjukepleien (i personalmøte) og kommuneledelsen. Det vart skrive prosedyrar for alle tiltak som skapte endringar i eksisterande samarbeid mellom faggruppene, til  saman 18 prosedyrar. Prosedyrane vart godkjende og samla i prosedyrebok.

Resultat

Resultata frå samanliknande spørjeundersøking viste klar statistisk betring i kategoriane  «Samhandling»,  «Fagleg ivaretaking» og «Relasjon/Mellommenneskelege forhold». Kategorien  «Samarbeid kring brukar» viste ikkje statistisk signifikante endringar. Spørsmåla brukt i questback er lista  i siste avsnitt, om statistisk metode. Det var i tillegg opne spørsmål for å fange opp problem og forslag til endra samarbeidsrutinar.

Konklusjonar

Systematisk samarbeidsutvikling ved bruk av praksiskonsulentmodellen mellom gruppene fastlegar og sjukepleiarar i heimesjukepleien i Stord kommune viste at tiltaka førte til  klar betring av samarbeidet.

 

Meir om materiale og metode

På bakgrunn av erfaringar frå helsepersonell, pasientar og pårørande analyserte vi samarbeidsproblem og moglege tiltak for å betra samarbeidet mellom fastlegar, heimebaserte tenester og Kundetorget (bestillarkontor) i Stord kommune.

143 personar med 87 årsverk arbeidde i heimesjukepleien i kommunen. Talet på sjukepleiarar var 51. Heimesjukepleien er delt inn i fem avdelingar, der tre dekker geografiske avdelingar innan somatikk, ein avdeling dekker psykiatri og ein demens. Kommunen har 20 fastlegar fordelt på fem legesentra.

Prosjektarbeidet blei utført av ein fastlege og ein sjukepleiar i heimesjukepleien i 20 prosent stillingar i tidsrommet januar 2013-februar 2014. Dei stod for gjennomføringsplan, datainnsamling, kommunikasjon med fastlegar, sjukepleiarar i heimesjukepleien og sakshandsamarar ved tingarkontor (ved Kundetorget). Kommunelege 1 og ledar av heimesjukepleien var styringsgruppe.

Basisdata for prosjektarbeidet blei samla ved å kombinere to metodar: Fokusgrupper og spørjeundersøking ved hjelp av questback.

1.Det vart halde fire fokusgrupper med fastlegar, sjukepleiarar i heimesjukepleien, sakshandsamarar ved kundetorget og ei fokusgruppe med pasient og pårørande.

2. Spørjeundersøking ved hjelp av questback til dei 20 fastlegane i kommunen, alle 51 sjukepleiarar i heimesjukepleien og 5 sakshandsamarar ved kundetorget. Nokon av spørsmåla i questback var opne for å kunne fange opp samarbeidsproblem og forslag til endringar.

3. Ny questback i etter 11 månader for å spore endringar i samarbeidet. Dei to spørjeundersøkingane vart  samanlikna ved bruk av SPSS.

Fokusgruppene var viktigast for å finne innsatsområda. Questback var viktigast for å spore endringar av prosjektet.

 

Risikoanalyse:

Barrierer

Kommuneøkonomi

Personalressursar

Kompetansemangel

Manglande rutiner

Motstand mot endring generelt og endring av rutinar og retningslinjer

Manglande kunnskap og etterleving av samhandlingsavtalar mellom første- og andrelinja

Motvilje i sjukehus mot å endra  rutinar for informasjonsoverføring og interne rutinar

 

Suksessfaktorar

Fornøyde pasientar og pårørande

Betre kvalitet på tenestene

Betre pasientsikkerheit

Effektiv ressursutnytting

Smidigare samarbeid

Auka kompetanse

Helsepersonell meir nøgde med samarbeid og eigen arbeidssituasjon.

 

Fokusgruppeintervjua og første spørjeundersøking resulterte i 8 innsatsområde:

1: TILGANG

2:  KONTAKTFORM

3: DOKUMENTASJON OG INFORMASJONSDELING

4: MEDISINHANDTERING

5: ARBEIDSOPPGÅVER; fordeling og overføring av ansvar og oppgåver

6. SPESIALISERTE TEAM for grupper med særlege behov

7: SAMARBED MED STORD SJUKEHUS

8: PROSEDYRAR for samarbeid

Kvart tiltaksområde inneheld praktiske tiltakspunkt.

 

Statistisk metode (for dei som vil anvende før-ettermåling med statistikk)

Rapporten nyttar data frå første og andre datainnsamling som to tverrsnittmålingar (n = 58 og n = 40) til bruk i deskriptive framstillingar. Eit para datasett vart nytta til pre- og posttestanalysar for signifikanstesting av hypotesar.

Då det var noko fråfall frå første til andre datainnsamling, og enkelte berre svarte på den andre undersøkinga, vart utvalet i datasettet noko redusert (n = 32). Det er etter vårt syn likevel tilfredstillande utvalstorleik til gjennomføring av denne typen analysar.

Skalakonstruksjon

På bakgrunn av dei inkluderte spørsmåla i undersøkinga er det konstruert fire skalaer som måler konstrukta/begrepa «samhandling», «Samarbeid kring brukar», «Fagleg ivaretaking» og «Relasjon/Mellommenneskelege forhold». Respondentane vart bedt om å ta stilling til påstandar som t.d. Kor tilfreds er du med samarbeidet mellom heimebaserte tenester og fastlegane?

Svarkategoriane var på ordinalt nivå med svaralternativ som t.d.  1 = svært lite tilfreds, 2 = litt tilfreds,  3 = nøytral, 4 = tilfreds, 5 svært tilfreds. Score på skalens einskildledd vart summert opp til ein sumscore for kvart konstrukt/begrep. Negativt lada spørsmål vart rekoda slik at dess høgare grad av sumscore, dess høgare oppnåing av det  konstruktet/begrepet måler. T.d. får spørsmålet «Kjenner du deg utsett for kritikk frå brukar eller pårørande?» ved rekoding denne verdisettinga: 1 = Svært ofte, 2 = ofte, 3 = av og til, 4 = sjeldan, 5 = svært sjeldan.

Datasettet frå første undersøking (n = 58) vart nytta til å gjennomføre Cronbach`s alfa reliabilitetsanalyse for å undersøke kvar einskild skala sin indre konsistens. Denne analysen viser i kva grad ledda som utgjer ein skala står i samanheng med kvarandre og måler det same underliggjande konstruktet/begrepskategorien (7). Ein alfa-verdi rundt .70 er eit uttrykk for tilfredstillande indre konsistens mellom skalaens ledd (8). Skalaen som måler «samhandling» er sett saman av fem ledd og har ein Cronbach`s alfa verdi på  .72, «samarbeid kring brukar» har tre ledd og ein Cronbach`s alfa verdi på  .69, «fagleg ivaretaking» har fire ledd med ein Cronbach`s alfa verdi på  .67 og «relasjon/mellommenneskelege forhold» er sett saman av seks ledd og har Cronbach`s alfa verdi på  .70. Alle skalaene viser dermed tilfredstillande grad av indre konsistens.

Oversikta under viser kva kva spørsmål/ledd skalaene er sett saman av, skalaens minimum og maksimum score og Cronbach`s alfa verdi.

«Samhandling»

1. Kor tilfreds er du med samarbeidet mellom heimebaserte tenester og fastlegane?

2. Er du tilfreds med korleis du og den andre parten løyser faglege problem saman?

3. Er den andre parten tilgjengeleg når du søkjer fagleg kontakt?

4. Kor tilfreds er du med faglege råd frå den andre parten?

5. Kor tilfreds er du med funksjons- og arbeidsdeling med den andre parten?

(Minimum/maksimum = 5-25, Cronbach`s alfa = .72).

 

«Samarbeid kring brukar»

1. Kor tilfreds er du med kommunikasjonen med den andre parten omkring brukarar?

2. Møter du ofte den andre parten i faglege møte om brukarar?

3. Diskuterer du ofte spørsmål om brukarar med den andre parten?

(Minimum/maksimum = 3-15, Cronbach`s alfa = .69).

 

«Fagleg ivaretaking»

1. Kor tilfreds er du med korleis din part utfører sine faglege oppgåver?

2. Kor tilfreds er du med korleis den andre parten utfører sine faglege oppgåver?

3. Kjenner du deg utrygg på korleis du utfører dine faglege oppgåver?(rekoda)

4. Kjenner du deg utrygg på korleis den andre parten utfører sine faglege oppgåver? (rekoda)

(Minimum/maksimum = 4-20, Cronbach`s alfa = .67).

 

«Relasjon/Mellommenneskelege forhold»

1. Er kontakt med den andre parten prega av likeverd?

2. Er du tilfreds med kor godt du kjenner personellet hjå den andre parten?

3. Får du ofte ros av den andre parten?

4. Gjev du ofte ros til den andre parten?

5. Kjenner du deg utrygg på å få kritikk frå den andre parten? (rekoda)

6. Kjenner du deg utsett for kritikk frå brukar eller pårørande? (rekoda)

(Minimum/maksimum = 6-30, Cronbach`s alfa = .70).






ĉ
Jan Robert Johannessen,
11. jun. 2015, 14:40
Comments