Det er ikkje godt å tidfesta dette biletet nøyaktig, men det nyaste huset er vel det i ”Evjo” nede til venstre. Det vart bygt av Johannes Knutson Tysnes i 1916. Johannes var sjømann. Først nokre år på Nordland, men frå 1897/98 vart det utanriksfart. Han tok styrmanns- og skipsførarskulen og gjekk gradene heilt til topps – styrmann i 1906 og skipsførar frå 1912/13 til han slutta på sjøen om lag 1930. Johannes var aktiv i det sosiale livet i bygda, m.a. i studieringen ”Viking”. Kona, Ragnhild, var kommisjonær for Arne Fabrikker.
Til høgre for kyrkja ligg ”Breidablikk” der Britt og Knut Rage held til husar i dag. Huset der vart bygt av ”Snikkar-Nils”, Nils Andreas Gjerstad, i 1907. Han byrja med snikkarverkstad i kjellaren, men reiste allereie i 1908 til Amerika der han òg dreiv som snikkar. Kona, Anna, dreiv heime med nokre sauer, gris og høns. Ei lita løe vart sett opp i 1923. I 1916/17 hadde distriktslækjar Aas kontor i kjellaren, og i 1920-åra var det meieri der med Anna som meierske. I 1929 vart Anna bibliotekar. Biblioteket var første tida eit lite skap med bøker og ein lånedag for veka. ”Breidablikk” var elles mykje nytta til møte, festar i den kristelege ungdomsforeninga, songøvingar m.m. Dotter deira, Helga, g.m. Olav Gjerstad, overtok biblioteket etter mora og var bibliotekar i over 30 år. Lenge hadde ho det heime på ”Breidablikk”. Kvar laurdag hadde ho utlån hjå Helland i Svingen. Ei tiårs tid frå 1956/57 var ho og mannen kyrkjetenarar. Helga var svært aktiv i foreningsliv og sosiale aktivitetar elles, og ho fekk i 1987 Tysnes Kommune sin kulturpris for virket sitt.
I dag driv Britt Kjellesvik Rage ”Dokkegalleriet” i ”Breidablikk”.
Midt i biletet ser me til venstre tunet til Vermundsfolket. Den stova som i dag er vilkårshus på garden, vart sett opp av Nils V. Gjerstad i 1847. Buo (hovedhuset i dag) skal vera enno eldre. Begge husa er i dag mykje ombygde. Lengst bak til venstre ligg bruket til Nils-Ola-folkje. Der er kome mykje nytt i seinare tid. Det same gjeld òg hjå Knutane midt i biletet. Knutaløo ved vegen er borte i dag. Heilt til høgre ligg ”Gjerstad søndre”, til vanleg kalla ”Hos Brito” – skilt ut frå Knutajordo i 1885. Her dreiv Brita Knutsdtr. med 4 kyr og sauer. 2. mannen hennar, ”Brite-Hans’n”, var sjømann og mykje vekke.
(Hovudkjelde: E.B. Drange: ”Tysnes – Gards- og ættesoge 3”. Postkortet er lånt hjå Gunnar Hansen.)
- Frå serien "Før og no" skrive av Olav Skjellevik @ 2008.