Anna Elisabeth og John Johnsen Nerhus.
Dotter til Johannes Sveinson Gripne, Anna Elisabeth (1839 – 1922), vart gift med John Johnson Nerhus (1847 - 1913) frå Ølve, som var kjend som ein dyktig smed. Som nygifte fekk dei husmannskontrakt på Bøneset i 1874, innpå ti år seinare fekk dei kjøpekontrakt på plasset. Dei hadde noko buskap og dreiv garden, men elles var det smedhandverket som var yrket hans. Men berre året etter dei hadde kjøpt garden flytta dei derfrå, i 1884, og budde forskjellige stader, inntil dei i 1887 budde fast på Øvra-Gjerstad, i Smio.
Her vart dei ein del av den store vekkinga som gjekk over bygda, som også omfatta fråhald, og John kom såleis til å bli ein av dei fremste talsmennene for fråhaldssaka. Den første kjende vekkinga i Tysnesbygdo kan tidfestast til slutten av 1860-talet. Jehans i Smio på Gjerstad si omvending skjedde nærare bestemt i 1869. Det var stor rørsle og vekking i bygda, og Jehans'en hadde vorte «vakt». Men fela heldt han att lengste laget. Til slutt kom han likevel til å «gjeva seg over», etter at syster hans brått hadde døydd ved ei ulukka. Omvendinga skjedde ein sundag ved jonsokleite, og Jehans'en hadde kome heim etter å ha spela til dans natta lang i eit lag hos Jørensfolket på Heggland. Omlag samstundes vart forresten og denne heimen på Heggland råka av vekkinga. Jehans i Smio var sidan svært aktiv i samlingane om Guds ord, saman med venen og grannen John Nerhus.
Kjelder