John Johnsen Nerhus og kona Anna Elisabeth Gripne var begge forgrunnsfigurar i den kristelege vekkinga og fråhaldssaka som gjekk over bygda frå slutten av 1860-åra.
I denne heimen vaks Elisabeth Marie Magdalene (1877 - 1956) opp. Den sterke religiøsiteten i heimen hadde sett djupe spor i henne. Som vaksen dikta ho ei stor mengd salmar og kristelege songar. Dei er tekne vare på, men det vil bli eit stort arbeid å gå gjennom og evt. digitalisera alt saman. Det er også frå henne at dei fysiske trekka i barneflokken mykje har gått i arv. Dottera Signe fortel også i minneboka si at mora var ei praktisk kvinne som i mange vis låg eit hakk framfor andre, m.a. skaffa ho seg rugemaskin og dreiv med gjennomlysing av egg, noko som ikkje var vanleg på den tida. Ho var utvilsamt utrusta med kunstnargjevnad, som nok var ein arv etter bestefaren, kyrkjesongar Gripne. Dessutan var ho flink med handarbeid og laga sjølv mønster. Som heilt ung, truleg 1892/93, hadde ho vore så heldig å få gå jenteskulen på Husnes. Så gifta ho seg ung.
Ho vart altså gift med Vermund Tollefson Kaldafoss (1872-1945) 1898 i Mariakirken i Bergen. Dei kjøpte ein part av Galanten ved auksjonsskøyte, men budde på Gjerstad den første tida dei var gifte. Då dei kom til Heggland, var endå mykje uferdig etter utskiftinga. Føremannen hadde ikkje hatt så store ressursar å leggja i eigedomen siste tida. Marie hadde det daglege arbeidet på jorda, forutan stell av hus og born som kom med eit og to års mellomrom. Ho fødde hest, fem kyr, to ungdyr, 12-15 sauer, ein gris og ein liten hønsaflokk.
Kaffikos på Heggland, ca. 1930. Signe Kristine (f. 1918) og broren Johannes Martin (f. 1919) med foreldra Marie og Vermund.
Etter kvart som borna vaks til, vart dei til god hjelp. «Da e'kje fårle for dåke som har nått i bodno», kunne dei gamle seia når ein barneflokk vaks til og kunne vera til nytte i gardsarbeidet. "Vi vart ein stor barneflokk heime," skriv dottera Valborg Kjerefjord, «og serleg mor hadde so godt lag å skapa hugnad kring oss alle. Far reiste mykje på Nordland då eg var barn. Og han sende heim til oss tynnar med salta fisk og sild, noko som kom vel med då me vart mange kring bordet etter kvart». Vermund var sjømann i Nordlandsfart i over 40 år - frå han byrja som 16-åring til så seint som 1929/30. I mange år reiste han som kjentmann, og fekk ein særs god geografisk kunnskap om kysten nordetter frå Bergen til Kirkenes. Særleg etter at han gav seg med reisinga, dyrka han opp eigedomen. Og i 1930 bygde han ny løa. Han sat i styret for Tysnes Mjølkelag i 1920-åra. På 1930-talet hadde han sølvrevfarm. Ekteparet selde frå det meste av deira part i Galanten 1930. Det resterande vart innlemma i hovudbruket same året.
Kjelder