Alfhild - ei tante eg gjerne skulle ha kjent
Mor si eldste søster Alfhild har stått i eit eige mystisk skjær for meg. Ho døydde i 1948, fire år før eg vart fødd, og eg møtte henne såleis aldri. I det litt "finare" vekebladet Urd sommaren 1944 hadde Alfhild ein stor artikkel om Sappho, "Oldtidens store dikterinne" som budde på øya Lespos.
Kanskje den artikkelen er eit spor når det gjeld å finna ut av kva som eigentleg skjedde hausten 1948. Alfhild var fødd i 1898 og var altså 50 år gammal då ho brått forsvann frå bustaden sin i Store Starefoss i Bergen. Ho arbeidde som postekspeditør og var ugift.
Etter nokre dagar melder Bergens Tidende:
Den forsvunne dame savnes framleis. I hele går var det mannskap ute og lette etter den savnete dame fra Store Starefoss. Til sine tider var det opptil 30 mann på en gang i terrenget som gjennomsøkte forskjellige strekninger, til dels også med sporhunder, men alt forgjeves. Også i dag er folk ute på leting.
Nokre dagar seinare:
Den savnete dame funnet som lik. Den savnete dame fra Store Starefossvei, som forsvant for en uke siden fra sitt hjem, ble i går av to politifolk med sporhunder funnet under en fjellskråning på hundre meter, ikke langt fra hennes hjem. Hun er øyensynlig falt utfor, og har slått seg ihjel. Liket ble ført til Gades institutt.
Kva skjedde? Ingen veit. Det kan ha vore ei ulukke, det kan ha vore for eiga hand. Dødsfallet kasta naturleg nok ei tung skugge over familien. Eg hugsar mor fortalde at det var mange spekulasjonar, ikkje minst dette at Alfhild skulle hatt eit ulukkeleg forhold til ei venninne som ho var nært knytta til.