6. kap Ingebrigt Bøe og Lysøen

Britt og eg framfor Ole Bull sin villa på Lysøen sommaren 2018.

I 2009 vart eg invitert på ei mottaking hos Kongen og Dronninga om bord i kongeskipet "Norge", i samband med kongebesøket i nokre av kommunane på Vestlandet. Eg var den eine av to private gjestar frå Tysnes - og i den høgtidlege innbydinga som kom i posten stod det at det var oppmøte utanfor det gamle rådhuset i Manger, nord for Bergen. Her vart me frakta ned til ei bryggje, der me vart tekne ut til kongeskipet ute på fjorden i ein sjalupp, som skipet har tre av. Turen dit vart spesiell også på ein annan måte - eg var for første gong på den staden der mor si farsslekt stamma frå, Bøe-slekta. Særleg Ingebrigt Bøe, som hadde ei sentral rolle då Ole Bull sin praktfulle villa på Lysøen vart bygd.

Ingebrigt Bøe - ein uekte gut som gjorde det bra her i livet.


I si notisbok om slekta har onkel Olav rota litt med fødselsåret til Ingebrigt - etter først å ha ført opp 1850 har han stroke over det og skrive 1840 i staden. Av folketellingane ser eg at det rette året er 1850, men berre for alle tilfellers skuld slår eg opp i kyrkjeboka for Manger - og der får eg litt av ei overrasking! Ingebrigt er nemleg ført opp som uekte. Barnemora er ei "Pige" som har peika ut ein "Gaardmand" som barnefaren - altså ein sjølveigande bonde. Det har eg aldri høyrt om før. Mor nemnde aldri eit einaste ord om at farfaren hennar var uekte. På den andre sida var det ikkje sikkert at ho visste det. Å vera uekte barn var ei stor skam i gamle dagar. I kyrkjeboka finn me desse opplysningane: Ingebregt vart fødd 8. juni 1850, døypt 15. juni. Mora er "Pigen Christi Olsdtr Bøe, udlagde til Barnefader Enkemand Grdm. Sjur Johannesen. Uægte."

Uekte

Sjur Johanneson Bøe, eller Sjur i Treet som onkel Olav har skrive han opp som, var altså enkemann på det tidspunktet då han gjorde Kristi gravid. Mora til Ingebrigt kallar han Kristine Lino. Så vert eg jo nysgjerrig og lurer: kven var ho?

Sjur Bøe - gift tre gongar og med ein son utanom ekteskap.


Sjur vert gjerne omtala som "den store stamfaren" for Bøe-familien. Han vart fødd i 1817, men gifta seg ikkje før etter fylte tretti år, dvs. i 1847 - og då med ei kvinne som var tolv år eldre: Ingeborg Johnsdtr. Bryllaupet vart feira 3. april - og Sjur hadde vore "frampå", for alt 17. juli kom sonen Johannes Olai til verda. Det var det niande barnet til Ingeborg - og av dei ni hadde ho mist minst fire.

Med den tolv år eldre brura flytta også den eldste dottera hennar Christie inn i "sjursheimen". Ho var ei ung vaksen kvinne, berre 7-8 år yngre enn stefaren Sjur. Merknad: Familietradisjonen nemner at Ingeborg Johannesdtr (Johnsdatter) døydde i ein koleraepidemi, men i kyrkjenboka for Manger er det ført eit Nei under rubrikken "Om Død ved smitsom Sygdom, og da hvilken, eller ved ukkkelig Hendelse".

Ingeborg og Sjur vart ikkje verande ektefolk særleg lenge. Året etter bryllaupet døydde Ingeborg i ein koleraepidemi. Såleis gjekk det til at Sjur søkte trøyst hos stedattera Christie, og i 1850 måtte han innrømma farsskap til sonen hennar, som fekk namnet Ingebrigt - altså min oldefar.

Kyrkjeboka for Manger 1850. Ingebrigt er ført inn som "uægte". Ikkje særleg kjekt på den tida.

Slaveriet i Bergen, det såkalla "Manufacturhuset".

Saka fekk eit alvorleg etterspel. Sjur kom for retten og vart dømd til ni månadars straff på Slaveriet i Bergen. Av tukthusprotokollen les me at Sjur vart sett inn 4. februar 1851 og løslaten 4. november same året, kl. halv fire om ettermiddagen. I merknadene til protokollen heiter det: "32 Aar gammel, efter Norhordlehns Sorenskriverisdom af 12te September 1850, for begaaet Blodskam med sin Steddatter." Det må ha rysta lokalsamfunnet i Manger, sjølv om det er noko me ikkje veit noko om, og i alle høve var garden utan hans tilsyn dette året. Men samanlikna med "ordentleg" blodskam fekk Sjur ein etter måten mild dom, kanskje var det også andre omstende som medverka til det.

Ikkje desto mindre gifta Sjur seg opp att i 1852, med den femten år eldre Mari Mikkelsdtr. - ei enkje med jord og såleis eit godt parti. Ho eigde jord på Vardhaugen i Bø, i Manger. I 1874 døydde Mari, og Sjur vart enkjemann for andre gongen. Fire år seinare gifta han seg for tredje gongen, med den femten år yngre tenestejenta Synneve.

Kva så med Christie? Med opplysningar som eg har fått kan me følgja Christie eit stykke på veg, sjølv om det ikkje har vore nokon enkel veg. Då min oldefar Ingebrigt var 15 år gammal finn me att den rette mor hans i folketellinga for Bergen. Ho er då omlag 40-41 år gammal, og er ført opp som tjenestepike på ei adresse i Nykirkens sogn. Her bur ho hos familien Paul S. Kahrs, han er 69 år og gift med Thrine Marie på 31 år, med ei dotter på to år.

Tre år seinare skulle lukka smila litt for ei lita stund. Christie gifter seg då med Johan Hansen Lund frå Lom, som er bødkerarbeidar og enkemann. Han har vore litt frampå, han òg, åtte månader seinare får dei sonen Gerard Joacim - og det tyder altså at eg har ei "halvslekt" som eg ikkje veit noko om. Ingebrigt er til stades i dåpen, det tyder at det var kontakt mellom han og mora - han var då innpå 20 år gammal.

Men det går ikkje bra for dei. Berre seks år seinare, under folketellinga i 1875, blir det opplyst at Christie får fattigunderstøttelse på 1 spd. i månaden.

I 1881 døydde Johan, 76 år gammal som fattiglem, og fire år seinare, under folketellinga 1885, blir det opplyst at Christie bur med sonen Joacim på kvisten i Sydnesgt. 16. Ho arbeider som "Sekkesyerske hos Olsen", mens Joacim har fått plass som reipslagerlærling. I året 1900 er Christie 74 år gammal. Då bur ho i Kong Oscars gate 90, som offentlig understøttet enke. Men gammal blir ho, ho er 91 år gammal då ho døyr.

Eg sit att med mange spørsmål eg kanskje ikkje vil få svar på. Korleis var kontakten med sonen Ingebrigt, oldefar min? Og den øvrige familien? Var dei der og hjelpte til, eller ville dei ikkje vita av henne? Det veit eg ikkje. Og får kanskje aldri vita det heller. Enn så lenge får me berre la historia hennar tala for seg sjølv.

Snikkarlærling i Bergen

No tapar eg Ingebrigt av syne fram til han er om lag 25 år gammal. Då dukkar han opp i Bergen, som gift mann og familiefar. Namnet er Ingebrigt Sjursen. Saman med kona Anne, som er nokre år eldre og til liks med han kjem frå Manger, bur han i andre etasje i ei gate som berre er kalla "22-165" med den eitt år gamle guten deira, som heiter Sigvard Olaf og er døypt i Nykirken året før. Til saman bur det 21 menneske i huset, fordelt på fem husvære og tre etasjer. Ingebrigt er ført opp som "Snedkersvend".

Anne var fem år eldre enn Ingebrigt. Dei gifta seg 22. september 1872. To år seinare kom altså det første barnet, og då budde dei i Bergen der Ingebrigt hadde fått jobb som snikkarsvenn.

Året etter fekk dei endå ein son, som vart døypt Olav Martin - min morfar. På det tidspunktet var Ingebrigt engasjert i den store påbygginga på Ole Bull sin praktfulle og originale villa på Lysøen.

Anna Hole - også ho stamma frå Manger.

Ole Bull sin praktfulle villa på Lysøen ved Bergen. Hit kjem tusenvis av menneske kvart år. Og Ingebrigt Bøe har sett sine merke her.

Lysøen

Ole Bull var på det tidspunktet ikkje berre den kanskje mest berømte mannen i Norge, men ein av dei mest kjende musikarane i heile verda. Han var ein superstjerne, for å bruka eit moderne ord.

Ole Bull bygde villaen på Lysøen i 1872/73. Via ein barndomskamerat, Nicolay Nicolaysen, fekk Ole Bull kjøpa den 700 mål store Lysøen for 600 speciedaler. Der var då allereie eit gardsbruk på øya, eit leilendingsbruk under Lysekloster Gard frå ca. 1670. Ole Bull ville ikkje riva desse husa, og bygde difor sin villa Lysø eit stykke frå gardsbruket. Hausten 1872 var det tretti mann i arbeid med bygginga, og arkitekten var Conrad Fredrik von der Lippe. Sommaren 1873 kunne Ole Bull ta eigedomen i bruk saman med den andre kona si, Sara Thorp, og dottera deira Olea (f. 1871). Første byggetrinn var då gjennomført, men alt i 1875 vart huset bygd på.

I ein artikkel i Bergens Tidende 2. juni 1975 med undertittelen "Stephan Tschudi Madsen legger fram nye opplysninger om den mest særpregete villa i Norge", heiter det i eit par avsnitt:

Som byggmester hadde man Nævdal, og det har vært oppgitt at bygdens folk gikk til hånde. Det kan ha vært tilfelle, men det må ha vært en profesjonell snekkermester med i bildet også.

Det har også her lykkes å finne nye opplysninger (takket være fru Eva Øien). Snekkermester Ingebrigt Bøe (1850-1944) var knyttet til arbeidet og bodde på Lysøen mens arbeidene pågikk. Han har fortalt at Ole Bull gikk og spilte mens arbeidet pågikk, og det slik at man både lo og gråt!

Bøe, som også var treskjærer, har blant annet utført treskjærerarbeidene i Årstad kirke, oppført av arkitekt Chr. Christie i 1890, og arbeider for arkitekt Adolph Fischer i Posthuset i Bergen, oppført i 1894 (nå revet).

Her skal det føyast til at denne fru Øien var eit barnebarn av Ingebrigt, søster til mi mor, og altså kanskje noko "partisk" - eg veit ikkje kor desse opplysningane kom frå. Men også i ein større biografi om Ole Bull er forfattarane Einar Haugen og Camilla Cai inne på det same, sjølv om det ser ut til at dei har henta sine opplysningar frå den nyss siterte avisartikkelen:

En moderne kunsthistoriker, Stephan Tschudi Madsen, har identifisert Conrad Frederik von der Lippe (1833-1901) som arkitekten og en lokal snekker, Ingebrigt Bøe (1850-1944) som byggmesteren.

No er det berre det at Ingebrigt var ca. 25-28 år gammal i byggeperioden, og dessutan ført opp som snikkarsvenn i 1875-tellinga, så å kalla han for byggmeister er vel å gå for langt.

Då set eg meir lit til dette avsnittet i Knut Hendriksen (tidlegare operasjef ved Den Norske Opera og tipp-oldebarn av Bull) sin Ole Bull-biografi:

Arkitekten til Lysøen var lenge regnet for å være ukjent, til tross for at Ole Bulls nevø, arkitekten Schak Bull, i et trykt kåseri fra 1950 forteller at huset ble tegnet av Conrad Fredrik von der Lippe, utdannet i Hannover og mest kjent som arkitekt for kjøttbasaren i Bergen. Byggmesteren het Nævdal, og de mange utskjæringene er antagelig utført av den 23 år gamle snekkeren Ingebrigt Bøe.

I folketellinga for 1875, då Ingebrigt var 25 år gammal, brukte han framleis Sjursen som etternamn, men her ser me altså at Bøe er i bruk. Har det kome til i ettertid, eller kalte han seg Bøe også den gongen? Dersom alderen på 23 år er korrekt, forteller det oss at han arbeidde på Lysøen alt i 1873, som nygift. Elles verkar desse opplysningane langt meir truverdige enn dei ovanståande sitata.

Ein uekte son att - denne gongen med Bull?

Rimeleg sikkert er det i det minste at Ingebrigt var med under den andre byggerunden på Lysøen frå ca. 1872. Han og kona Anna skal ha budd der i tre år medan arbeidet pågjekk, dei var då nygifte.

Morfar, Olav Martin, som vart fødd på den tida, godt sannsynleg på Lysøen, hadde ein viss likskap med Ole Bull, nokre vil seia ein slåande likskap, ein likskap som har gått vidare ned i slektledda, medan dei øvrige søskena (brørne hans) ikkje hadde denne utsjånaden. Det vart difor kviskra om at Olav Martin var ein uekte son av Bull, stundom berre for spøk og stundom i alvor. Ole Bull var over 65 år gammal då, men det treng ikkje ha vore noko hinder for ein mann som han.

Dette var elles ei sak det aldri vart snakka høgt om i heimen til Anna og Ingebrigt. Dei var begge kyrkjefolk, metodistar, og ingen av dei ville nok likt å høyra slikt snakk. Og som mora mi sa - ingen ville i det heile ha trudd noko slikt om farmora.

Anna og Ingebrigt med borna. Frå v. Olav Martin (min morfar), Anna Josefine f. Ødegaard (min mormor), Ingolf, Sigurd Olav, Anna Berentine. Foran Magnus, Ingebrigt, Anna f. Olsdatter Hole og Gunnar.

Det er i alle fall ein meir enn over gjennomsnittet likskap, det kan ingen nekta for - og at oldemor mi, som då var om lag 30 år gammal, levde såpass tett innpå den berømte Ole Bull i desse åra kan heller ingen nekta for. Det vert sagt at Ole Bull var ein stor kvinnebedårar. Kvinner verda over besvimte når han opptrådte. Om han hadde uekte born er det derimot ingen som kan seia sikkert. DNA-test utført på eit tippoldebarn av Ol Bull og underteikna i 2017 viser imidlertid ikkje noko slektskap - moderne teknologi har med dette avslørt at familiemyten er nettopp det - ein myte...

Ingebrigt hadde elles mange gode historiar å fortelja om den vidkjende kunstnaren. Han fortalde at Ole Bull gjekk omkring og spelte medan dei arbeidde på huset. Kva Ingebrigt enn bestilte under bygginga, så er det rimeleg å tru at han kan ha utført heile eller delar av treskjæringsarbeidet både utandørs og inne i huset, etter kva eg har fått meg fortald - eg trur det må ha vore mor som fortalde det.

Litt om Ingebrigt vidare…

Ingebrigt vart etter kvart byggmeister i Bergen, og gjorde det bra. Han utførte også større treskjæringsarbeid, som m.a. i Årstad kyrkje. Mor fortalde også at det var han som leia arbeidet med bygginga av bygårder i Kirkeveien i Sandviken.

For å halda oss til dei harde fakta, så finn me han i året 1900 buande i Tullinsgade 7. Det er eit våningshus på to etasjar, altså ein einebustad. Me skal tru han har bygd det sjølv. Han har no vorten metodist. Det hadde kanskje med svigerdottera Anna Josefine å gjera, som eg skal fortelja meir om under avsnittet om Bøe-familien. I huset bur også fleire av borna - Olav Martin, Alfhild, Astrid og Magnus, som er 15 år gammal og "Løbergut". Både han og faren er ført opp med Manger som sedvanleg bustad. Men Anna manglar. Kanskje ho budde i Manger på det tidspunktet, eller rett og slett ikkje vart registrert.

I 1910 budde Anna og Ingebrigt i Aad Gjellesgate 19, i Sandviken. I huset budde også Johan (fødd Soleim i Aarstad), "Gaardbruger", Magnus Bøe, "Bygnings-Tømmermand", Anna Berentine ( fødd Solheimsviken i Aarstad), oppført som "Husholderske", Gunnar Bøe, "Snedkersvend", og pleiesonen Konrad Johan Nielsen, som då var seks år og var fødd i Solheimsviken i Aarstad.

Anna døydde i februar 1915. Ingebrigt vart seinare gift opp att, med Karen Elida Sivertsen, fødd i Bergen 3. nov. 1879. Dei døydde begge under krigen, i 1944 - Ingebrigt i juni, og nokre månader seinare, 4. oktober, omkom Karen Elida i heimen, "Solstreif" på Gledesnes, på ein særs brutal måte - under det katastrofale britiske flyangrepet over Laksevåg.

Anna og Ingebrigt fekk desse borna:

Olav Martin (1876), Sigurd Bøe (1874), Anna (mangl. årstal), Ingolf Johan (1881), Magnus (1885), Gunnar (1888), Olga (mangl. årstal), Anna Berentine (1877) og pleiesonen Konrad Johan Nielsen (1904).


Kjelder:

  • Div. kyrkjebøker for Manger
  • Epost frå Jan Bøe (om Christie Olsdtr)
  • Fanger ved Slaveriet (Tukthuset) i Bergen 1850-1875 (1838-1885).
  • Folketellinger 1875, 1900 og 1910
  • Knut Hendriksen: Ole Bull. Cappelen, 2000
  • Einar Haugen og Camilla Cai: Ole Bull - romantisk musiker og kosmopolitisk nordmann. Universitetsforlaget, 1992
  • Camilla Cai i epost til K. Rage
  • Artikkel 2. juni 1975 i Bergens Tidende
  • Opplysningar frå Eva Nemina Bøe
  • Opplysningar frå Asbjørn Krogenæs Bøe
  • Liste over omkomne under flyangrepet på Laksevåg oktober 1944
  • Familiealbum