2. kap Rage i Stavanger

Motiv fra Østervåg. Maleri av Gjemre 1887.

Det store spørsmålet for meg då eg byrja på slektsgranskinga vart kort og godt - kva tid kom "den første Rage" til Stavanger?

Ein ting som relativt snart forbausa meg er at Rage-namnet har hengt trufast på far og son frå slektledd til slektledd, gjennom tider då det ikkje var sjølvsagt å bruka gardsnamnet som etternamn. Rage-folka har heller ikkje gjort stort av seg i offentleg samanheng. Eg finn dei aldri nemnd nokon stad. Det ser ut som dei har pusla på med sitt utan å laga noko særleg oppstuss. I mi rette line har dei stort sett arbeidd som skreddarar og skomakarar. Dei har altså vore handverkarar.

No er det slik at fleire av far sine søstre vart mormonarar. Det let eg liggja her, poenget er at mormonkyrkja har den trua - og praksisen - at dei døyper døde personar. I denne prosessen går dei gjennom alle tilgjengelege kyrkjebøker, som i sin tur vert lagt ut på nettet, i det som truleg må vera den største offentlege namnedatabasen i verda. Om du berre så vidt har vore nær mormonkyrkja er det store sjansar for at du - og slekta di - kan finnast att her. Så også med Rage-familien. Databasen i USA har vore til stor hjelp med akkurat denne delen av arbeidet, sjølv om det må seiast at mange av opplysningane eg finn her har stemt dårleg overeins med innføringar eg sjølv har spora opp i kyrkjebøkene - her vert det ofte bom med både eitt og to år, feilskrivne namn og stader osv. Men for all del, mormonarane sin innsats er ein nyttig reidskap for oss som leitar oss bakover i historia. Referanse til denne basen vert heretter kalla Ancestral File.

Sivert - eller Sven…?

Den første Rage eg finn i Stavanger er Sjur Svendsen Rage. Han vart fødd 31. mai 1739 i Høle, og vart gravlagd i Stavanger 8. juli 1782 (opplysn. frå Ancestral File). Han var altså 43 år gammal då han døydde. Kva han arbeidde med, eller kvar i byen han budde, veit eg ikkje - men iflg opplysningar i Stavanger Borgerbog ser det ut for at han arbeidde som skomakar. Kona Siri Rasmusdtr Molaug var fire år eldre enn han, ho var fødd i 1735 og kom frå sjølve Stavanger, ser det ut som - iallfall vart ho døypt her 3. april 1735. Ho overlevde også mannen med mange år, og vart gravlagd på Eiganes gamle kyrkjegard i 1793. Sjølv om ho vart døypt i Stavanger hadde nok foreldra hennar sterke røter frå Ryfylke dei også, i og med at namnet hennar var Siri Rasmusdtr. Molaug (i Forsand).

Me kjenner iallfall litt til foreldra hans, og endå litt bakover. Faren til Sivert heitte Sven Larsen Rage og var fødd 14.07 1720, død 1778. Kvar han døydde veit eg ikkje, og det kan jo slik sett henda at han var den første Rage i Stavanger. Han var i alle høve fødd på Rage i Høle. Sven var gift med Asgjerd Sjursdtr Vølstad, fødd i 1711, dødsår oppført som ukjend. Dei hadde borna Lars (1737-), Sjur (1739-), Tore (1741-), Kristi (1745-) og Berete (1748-). Om me skal gå endå lenger tilbake, så veit me at foreldra til Sven var Lars Tolleivson (1688-) og Berite Toresdtr Bjelland (1670-).

I Stavanger Borgerbog 1436-1850 heiter det at "Sivert Svendsen Rage, søn af Svend Rage og Aschier Sivertsdatter Wølstad; døbt i Høle sogn 31. mai 1739, b. 21. mars, skomager; begr. 8. juli 1782. g. 13. jan. 1768 Siri Rasmusdatter, formentlig datter af Rasmus Erichsen og Elen Andersdatter, døbt 3. april 1735; begr. 21. sept. 1793," vart teke opp som borgar 1769.

Bygdeboka for Høle seier at han vart døypt 31. mai 1739 i Stavanger. Men om han no var døypt i Høle eller Stavanger, så burde dette vera eit godt nok bevis for at Sivert Svendsen Rage må ha vore "den første Rage" i Stavanger.

Men - her kjem eit problem. I skriftet " Huseiere og skatteytere i Stavanger 1701-1807" av Arne Kvitrud finn eg at det i 1716 er ei viss Siri Rasmusdatter Rage som bur i Steinkargaten 12 i tidsrommet 1711-1725, på "kongens grunn". Me får vidare opplyst at huset brann i 1716, og at Siri Rasmusdatter Rage er enke og spinner, og at mannen er død " i kongens teneste". Dette er opplysningar som grip nokså sterkt inn i det biletet eg elles har teikna meg. Det må mest vera den same kvinna, i og med at namnet er identisk, men årstala stemmer dårleg med dei opplysningane eg har frå både Ancestry File og bygdebøkene. *)

På Sølvberget

Det eg veit er at dei - altså Sjur og Siri - hadde ein son som heitte Svend, som me finn i folketellinga for 1801. Svend budde i "Sølberg Gaden" - altså på Sølvberget. Det er så midt i Stavanger sentrum som det går an å koma i dag, der Kulturhuset står. Yrket hans er skomakar, les me, og han er fødd 4. mai 1770, dvs. han var ca 30 år gammal då folketellinga fann stad. Kona hans heiter Helga og er 11 år eldre, ho er dotter av Rasmus Erichsen Molaug og Elen Andersdtr., her ser me altså at Molaug-namnet dukkar opp att. I huset bur to born, den seks år gamle Serine og den to-tre år gamle Sivert Andreas. Iflg. Ancestral File døydde Svend 1. mars 1832 og vart gravlagd nokre dagar seinare.

I "Stavanger Borgerbog 1436-1850" heiter det:

Svend Sivertsen Rage, søn af borger Sivert Svendsen Rage og Siri Rasmusdatter, døbt 4. mai 1770, b. 3. febr., skomager; blev arrestforvarer, men blev 22. okt. 1818 fradømt denne stilling; død 1. mars 1832. G. 6. mars 1794 Helga Aschildsdatter, død 17. mai 1822, 60 aar.

I boka heiter det vidare at han vart teken opp som borgar i 1794, dvs. same året som han gifta seg. Men eg får ikkje heilt namnet Aschildsdatter til å stemma overeins med faren sitt namn, som andre kjelder seier er Rasmus. Ei forveksling med svigermora?

Folketellinga kan også fortelja at det budde ein annan Rage på Sølvberget. Han heitte Anders og var fødd i 1743 - altså ca. 58 år på det tidspunktet. Han er oppført med yrkestittelen "Krydsbetient". Det var den gongen ikkje eit så sjeldant yrke, men det var sjeldant nok - ein kryssbetjent var kort og godt ein tollar som utførte teneste til havs, med å kontrollera og fortolla skip. Det har ikkje lukkast å finna ut meir om han, men det er rimeleg å tru at han har stått i nært slektskap med Svend, ikkje minst også sidan dei var naboar eller kan ha budd i same hus, kanskje Anders var ein onkel. Det er også interessant å merkja seg opplysningane over om Siri Rasmusdatter Rage som budde i Steinkargaten, som var enkje etter ein mann som var død i "kongens teneste". Anders var slik sett "ein kongens mann", utan at eg skal spekulera meir på det. Han var elles gift andre gongen med Karen Thorsdtr,, og under folketellinga i 1801 hadde dei ein tre år gammal son i huset som heitte Andreas.

Handverkarar

Som faren vart Sivert Andreas også skomakar. Eg har ingen kjennskap til evt. søsken, men veit at han var gift med Ingeborg Torgersen Sola, som var fødd i 1804. I 1832 fekk dei sonen Svend. Han vart skreddar og levde heilt til 1905, altså til berre tre år før far min vart fødd. Som me ser vert handverkartradisjonen halde oppe, men no går altså sonen vekk frå skomakaryrket og lærar seg å sy klede.

Svend vart døypt i Stavanger domkyrkje 18. november 1832. Av ein eller annan grunn er namnet hans streka under i ministerialboka.

Svend fekk seg ei kone langt vekke frå. Ho heitte Guline (også skrive Golene, i folketellinga for 1900 som Lina) Hansen Kittelsnes og kom frå Spangereid i Vest-Agder, der ho var fødd 15. mai 1834. Dei vart vigde i Stavanger domkyrkje 8. august 1854, då ho var 20 år og han to år eldre. Først i 1856 fødde ho det første barnet deira. Deretter kom dei ti borna med ca. to års mellomrom, fram til Marie Kristine, den yngste, som vart fødd åtte år etter søstera Johanne.

Livet deira fekk sine sorger. Det var nemleg slik at feiarmeister Rage drakk. Ikkje berre innanfor husets vegger, men i den grad at det seinare vart omtala i ei bok om byoriginaler i Stavanger der heiter seg i ei historie at "Rage var litt i glansen". Han var nok eit velkjend syn i bybiletet! Svend sin hang til flaska må ha vore ei kjelde til ein djup kløft i ekteskapet, der i det minste eitt barn, kanskje fleire, måtte setjast bort på Vaisenhuset. Årsaka var visstnok at Svend drakk opp alle pengane og ikkje kunne sørgja for familien økonomisk.

Men Guine si lidingshistorie byrja i Spangereid. Far hennar var like ustadig som ektemannen Svend skulle visa seg å bli. Om Svend drakk opp pengane sine, så gjorde far hennar det som mest verre var - han spelte bort garden. Dette vart fortald av Guline, som elles ikkje nemnde faren eller den drikkfeldige ektmannen med eit ord. I bygdeboka for Spangereid finn eg fleire opplysningar om saka, sjølv om det ikkje står noko direkte om at han spelte bort dalen. Då far til Guline gifta seg i 1822, selde svigerfar hans garden til Hans for eitt hundre spesiedaler. Med kona fekk han åtte born, så fekk han eit gut med ei ugift jente - medan han sjølv var gift. Ein kan jo lett tenkja seg kva kona syntes om det. Og så, i 1839, mister han garden - han spelte den vekk, fortalde Guline. Og framleis får han og kona endå eit barn, ein son. Guline var sju år gammal då faren sette garden over styr, truleg var det alkohol med i spelet der også.

I alle høve ser det ut for at tilknytinga til Spangereid må ha vore sterk, for etter sin død i 1913 vart den døde kroppen ført heim til Kittelsnes i Valdres, der ho vart gravlagd.

Guline og Svend fekk eit langt ekteskap og mange born saman. I folketellinga for 1865 finn me dei buande i Klevens Rode , dvs. strøket rundt Kleivå. Både Svend og Guline, eller Goline som ho heiter her, er begge 32 år gamle. Dei bur ikkje åleine i huset. På same adresse finn me også faren Sivert Andreas, som no er 62 år. Svend er titulert som "Husfader" og "Skræder". Han er ikkje den einaste "Husfader" i huset, det same er også Sivert Andreas. I hans hushald finn me kona Ingeborg, dottera Ingeborg (som er ugift, 20 år gammal og jobbar som "Krambodpige") og sonen Erik (som er 16 år og har arbeid på ein tobakksfabrikk). Det bur også eit såkalla fattiglem i huset, ho heiter Olene Langeland og er enkje, 72 år gammal. Ei heller sørgjeleg ende på eit langt liv, men ho har trass alt tak over hovudet og me får tru at dei ikkje gjorde henne noko vondt.

På den tida var det slik at ein til vanleg arbeidde og budde i same hus, så me må gå ut frå at det også var ein skreddarverkstad der - kanskje i kjellaren eller eit rom i første etasje.

Frå skreddar til feiar

Så går det mange år. Me finn dei ikkje att før i året 1900, og no har mykje skjedd. Svend er ikkje skreddar meir, og Guline heiter no berre Line. Dei bur i Langgade 49, ikkje så langt unna sonen Johan Severin og hans familie - altså min farfar. Gamle Svend har no tittelen "Privat Feier" - dvs. han er ikkje tilsett i det offentlege, som sonen etter kvart blei, men har altså teke feiearbeid privat. Som nemnd over vart både Guline og Svend ganske gamle. På same adresse finn me også den ugifte Marie, som er fødd i 1878, altså 22 år gammal, og "Arbeider paa Hermetikfabrik". Dei har også to leigebuarar i huset - ein 43 år gammal "Stenarbeider" frå Ål i Hallingdal som heiter Torlaf Springgar, og ein tyskar ved namn Ludvig Uthe som jobbar som murarsvenn og er 40 år gammal. Han kom frå Anhou Berenburg i Tyskland. Om han er det bemerka under rubrikken trussamfunn at han er "udtraadt intet samfund".

Guline og Svend fekk desse borna: Hans Gustav (1856-1913), Svend (1858-1868), Sivert (1860-1914), Ingeborg (1864-1932), Kristine Helene (1865-1866), Harald Christinius (1867-1877), Johanne (1869-1934), Johan Severin (1872-1919), Gunda Alida (1874-1945), Marie Kristine (1882-1948).

Farfar - byens flottaste mann

Farfar er den første personen i Rage-familien eg har eit bilete av. Og som me ser på biletet er han "pen og mørk". Har det vore eit særdrag for Rage-familien? Det kan godt henda, inntil vidare vil eg gjerne tru det. I det minste av far sine søskjen er det eit gjennomgåande trekk med mørkt hår, brune auge, litt krum nase - "sydlandske trekk". Men eg har for lite samanlikningsgrunnlag til å seia noko sikkert om det.

Johan Severin - ein flottenfeiar.

Johan Severin vart gift med Josefine Knudsen, som eg kjem tilbake til i neste kapittel. Gjennom henne må han ha gjort det ein i dag kallar for ei "klassereise", i det minste eit stykke på veg - både Josefine og familien hennar var ressurssterke folk, sjølv om far deira var handverkar akkurat som Rage-folka.

Dei fekk desse borna: Gudrun (1894-1977), Magnhild (1895-1895), Magnhild (1897-1961), Solveig (1899-1968), Aslaug (1901-1971), Erling (1903-1975), Audny (1907-1996), Knut Arnfinn (1908-1979), Gyda (1909-1999), Harald (1911-1970), Fridtjof (1913-1997), John Dagfinn (1914-1914), Frida (1917-1986).

Og no tek det til å bli litt pussig, for desse hugsar eg. Den eldste - Gudrun, t.d. Eg har bilete av henne som både lita jente og som konfirmant - sjå så vakker ho er! Men eg hugsar henne som ei gammal dame. Til liks med søstrene Audny og Frida var ho mormonar, noko som har letta arbeidet med å finna ut av Rage-slekta, som før nemnd.

I folketellinga for 1900 bur Johan Severin med familien i Nedre Dalgade 22. Med dei bur Gudrun, Magnhild og Solveig. For folketellinga 1910 ser me at med familien bur borna Gudrun, Magnhild, Solveig, Aslaug, Erling Josteinn, Audny Gunvor, Knut Arnfinn og Gyda. Far min var den gongen to år gammal.

Gudrun som konfirmant, ca. 1910.

Det vart sagt om Johan Severin at han var den vakraste mannen i Stavanger som ung, og at alle unge damer sukka då dei såg han. I mangt og mykje var han ein usedvanleg mann. Han bestilte ein spesiell sort "helsekost-brød" som kom med toget frå Kristiania kvar fredag. I ein periode vurderte han å bli katolikk. Han sat i skulestyret, og som formann tok han seg gjerne ein tur rundt i klasseromma og overvaka undervisinga. Så blir det fortalt…

Far kunne hugsa han som ein streng mann. Han kunne også hugsa at dei syntest det var flaut at faren, som sat i skulestyret, plutseleg kunne dukka opp i klasserommet og setja seg for å høyra på undervisninga.

Død av spanskesjuka, eller…?

I 1919 døydde Johan Severin under spanskesjuka , som på landsbasis tok tusenvis av liv. Dvs. me har alltid høyrt at farfar døydde i spanskesjuka, og det er forsåvidt rett at han døydde medan spanskesjuka herja i landet. Men var det spanskesjuka som tok livet av han? I ministerialboka for Stavanger domkyrkje står dødsårsaka nemleg oppgjeve som "vitium org cordis" - og det tyder rett og slett hjartesvikt. Eg veit ikkje kor mykje den medisinske vitskapen skilde mellom ymse typar hjartelidingar på byrjinga av 1900-talet - kan det tyda at han døydde av t.d. hjarteinfarkt, som også ramma far og så mange andre menn i Rage-familien? Men i så fall - kvifor vart det sagt at han døydde av spanskesjuka? Kanskje fordi familien, borna, trudde det. I ei pest-tid med tusener av dødsfall ville det jo vera ganske naturleg. Men kyrkjeboka fortel noko anna. Enkja Josefine vart dermed sitjande att med ein stor ungeflokk, men som me skal høyra seinare vart ho godt teke vare på av brørne Knud og Johannes.

Ei lita historie til slutt…

I boka "Stavangerske rariteter" finst det fleire artige historier som kastar eit menneskeleg lys over folk og miljø i Stavanger på 1800-talet. Og her får me brått eit glimt av vår eigen familie. Byoriginalen Likkiste-Pål var kjend for å svara folk med rimord - "det var den maneren han slo mynt på, og som kjennetegnet ham. Klengenavnet skal han ha fått etterat han stjal en likkiste fra en snekkerbedrift på Sølvberget," fortel forfattaren av boka, lokalhistorikar og by-skribent Gottfred Borghammer, som elles var ein klassekamerat av far min på folkeskulen.

En gang møttes Likkiste-Paal og gamle feiermester Rage på Skagenkaien. Rage var litt i glansen, og sa til Paal, som hadde noen sirupsbrød i hendene: "Eg e svolten, la meg få någe".

"Joda", sa Paal, "feiermester Rage skal aldri lide nød, så lenge Paal Hansen har sirupsbrød."

Der har me dei, lys levande! Men - eg er litt i tvil om kva for ein Rage som er meint her. Min farfar var feiarmeister, det er sant, men han var neppe "gammel". Derimot kan det ha vore far hans, Svend Sivertsen Rage, som var fødd i 1833. Han var opphavleg skreddar, men er i folketellinga for 1900 oppført som "Privat Feier". Og "gamle feiermester Rage" - det kan nok ha vore han.

Kjelder

  • Arne Kvitrud: " Huseiere og skatteytere i Stavanger 1701-1807"
  • Axel Kielland: Stavanger Borgerbog 1436-1850. Stavanger, 1935
  • Bygdebok for Høle
  • Bygdebok for Gjesdal
  • Ancestry File
  • Folketellinger for 1801, 1865, 1900
  • Minesterialbok for Stavanger domkirke
  • Gottfred Borghammer: Stavangerske rariteter, Stavangerforlaget 1985

På nettet:

Stavanger på 1800-talet - historia kort fortalt