Olav Martin Bøe er min morfar. Han vart gift med Anna Josefine Ødegård frå Mysen, dotter av avisredaktør og metodistprest Anton Kristensen Ødegaard - min mormor. No kjenner eg det slik at eg burde vita noko om dei, men det gjer eg ikkje. Eg veit berre at dei i løpet av sitt ekteskap flytta mykje på seg - mellom stader som Sortland i Nord-Noreg, Kristiania, Bergen, Stavanger. Det hadde med jobben hans å gjera - Olav Martin jobba i postverket.
Men med Olav Martin kjem for første gong eit menneskeleg trekk inn i slektssoga. Ei kjend soge etter han som mor mi alltid fortalde: då han for første gong kom til Stavanger vart han praia av ein berar som spurde om han hadde "någe ty te'bera". Til det svarte han noko forvirra: "Nei, jeg har ikke noe tyttebær."
I folketellinga for 1900 les me at familien bur i Tullinsgade 7 og at han er ført inn som metodist, til liks med faren Ingebrigt som bur på same adresse. Og det har vekt ein tanke hos meg - kan det vera slik at Ingebrigt og sonen Olav Martin allereie var metodistar då Olav Martin gifta seg med Anna Josefine frå Austlandet? På dette tidspunktet er Alfhild (1898) og Astrid (1899) fødd, dermed må dei ha gifta seg om lag 1897, då dei var kring tjue år gamle. Olav Martin hadde på dette tidspunktet stilling som "Postbetjent 3" i Bergen - det høyrest ut som ei lågare stilling, ein slags nybyrjarstatus - og han var jo heller ikkje så gammal då.
Dei kan ha møtt kvarandre der, nærare bestemt i Kristiania. Olav Martin budde der ein periode medan han arbeidde i postverket. Men me veit også at svigerfaren Anton Kristensen Ødegaard var pastor i metodistkyrkja i Bergen i åra før han grunnla avisa på Mysen i 1899, og at han såleis hadde familien med seg. Så dei kan ha møtt kvarandre i Bergen også, i kyrkja.
I 1910 finn me Olav Martin og familien i Bergen - her er det oppført at han høyrer til " Methodistkirken". Dei budde då i Markveien 6, det er så midt i Bergen som det går an å koma. I dag er det ei travel handlegate med høge forretningsbygg.
Olav Martin og Anna Josefine som nygifte, ca. 1898 eller litt før.
Olav Martin og familien flytta mykje på seg. Dei budde også ei tid i Nordland, på Sortland, der broren Sigurd var lensmannsbetjent. Olav Martin var tilsett som postmeister her, frå 1918 - 1922. Mor, som var fødd 1914, hadde nokre heller vage minne derfrå, ho var omlag 8-9 år gammal då dei forlot Sortland - eg trur tilbake til Bergen for ein periode.
Postkontoret på Sortland der Olav Martin var postmeister. Henta frå boka "Sortland tettsted - en historikk 1900-1940".
Som seg hør og bør disponerte postmeisteren sin eigen "postmestergård". Her vaks altså mor opp dei første åra av livet sitt. Henta frå boka "Sortland tettsted - en historikk 1900-1940".
Då det seinare bar søretter til Stavanger var mor såpass gammal at noko av det første ho vart med på, var å gå på kino - eller "kina", som dei gjerne sa den gongen, iallfall gutane. Ho hadde aldri vore på kino før, og ho og onkel Olav som ho var saman med fekk ikkje plass ved sidan av kvarandre - så etter reklamen eller forfilmen trudde ho det var slutt og gjekk ut - berre for å oppdaga at ho stod åleine på fortauet. Og dei hadde budd så kort tid i byen at ho ikkje visste heilt kor huset låg. Kanskje midt på 1920-talet, eller nokre år seinare…?
Frå Olav si russetid, ca 1930. Faren Olav Martin var då ca 55 år.
Men - ein ting har eg eit handgripeleg bevis for: Olav Martin var tilsett som kurer, eller postekspeditør, på Englandsbåten - båten som gjekk frå Bergen til Newcastle. Sitt "Politipas" fekk han utskrive frå politiet i Bergen 6.11. 1917. Her får me også vita kor høg han var: 170 cm. Og at han hadde blå auge og blondt hår. Det vart her godtgjort at "norsk statsborger hr. postekspeditør Olav M. Bøe agter at reise herfra til England." Av stemplinga i passet ser eg at han gjorde regelmessige reiser frå 1916 til 1918. All denne reisinga gjekk føre seg under første verdskrigen, så det kan ikkje ha vore heilt farefritt.
Passet til Olav Martin Bøe. Det er stappande fullt av stemplar, så turane var mange.
Reisinga som postekspeditør byrja før det: eg har eit dokument som vitnar om ei lang rekkje sjøferder allereie i 1915. Eg har også ein "landlov-seddel" - altså løyve for han til å gå i land frå skipet når det låg til kai i Newcastle. Det hadde han lov til å gjera mellom kl. 1630 og 1800 - ikkje meir. Eg har diverre ikkje greidd å tyda eller å finna fram til namnet på båten han reiste med.
Her er Olav Martin og Anna Josefine med dei fire eldste borna, døtre alle saman. Frå v. ser me Alfhild, Astrid, mora Anna med Eva på fanget, Olav M. og Ingrid - men dette vert litt gjetting frå mi side. I så fall må biletet vera frå ca. 1906-1907, før Olav og mor mi var fødde.
Utanom passet til England etterlot Olav Martin seg ein annan raritet - nemleg manus til ei barnebok! "Storegal" er fortellinga om ein hane. Han må i ein periode ha meint alvor med boka, for manuskriptet er først sirleg ført inn med penn og deretter skrive på maskin. Nokon stor barnelitteratur er det ikkje, men all ære til eit kvart fullført manuskript, synest no eg! Om boka nokon gong fann vegen til eit forlag veit eg ikkje.
Olav Martin var elles meir enn vanleg oppteken av matematikk, det var ein hobby for han. I den grad faget kan seiast å gå i arv, kan nemnast at det finst fleire matematikarar mellom etterkomarane - Alf Hartvig Øien, professor i matematikk, Øistein Bøe (son av Eva Nemina og Arne Bøe) som er dr. scient. i faget, samt mi eiga dotter Ingvild som også er matematikar.
I 1914 vart Olav Martin utkalt som nøytralitetsvakt. På dette biletet har han fått besøk og sikkert nokre trøystens ord. Me ser Anna og sonen Olav.
I ein nekrolog i Stavanger Aftenblad finn eg meir om han: som ganske ung arbeidde han i redaksjonen i avisa Arbeidet, men forlot snart journalistikken og kom inn i postetaten. Her vart det ei rekkje stillingar - forutan den nemnde kurer-tenesta på båten til Newcastle jobba han også ei tid som postekspeditør på nattruta Bergen - Stavanger - det var dei siste åra hans som aktiv i postetaten. Ein periode var han som sagt også postmeister på Sortland i Nordland.
I "I "Norske posttjenestemenn 1903-47" heiter det dette om Olav M. Bøe:
BØE, Olav Martin, postekspeditør, f. i Bergen 14/5 1876, bror av forann. postfullm. Magnus Bøe. Midd.eksm. Var fra febr. 94 volontør ved Bergen pk. og senere vikarierende ass. samme sted. 3/5 79, ass. II og 1/7 98 betjent ved samme kontor og fra 15/4 01 eksp. III ved Kr.a-Bergen p.eksp., 15/5 04 betj. II s.s., 1/11 09 betj. I ved Kr.a Omkktr., overfl. Bergen 1/3 13, overfl. Bergen -Newcastle 1/3 14 og 1/10 18 beskikket pm. Sortland pk. Fra 1/9 22 eksp. nev Bergen-Stavanger (Nattruten). E.a.a. fra 1/9 34. - Han var en meget interessert organisasjonsmann og hadde under sin tjeneste i Bergen flere tillitsverv, medl. av kretsstyret, lugatutv., bibliotekar og landsmøterepr. i Vestenfj. krets i årene 05-17. I Rogaland krets 25-29 var han styresuppl. og medl. av feriehjemkommiteen. - Gift med Anna Josefine Bøe.
I Stavanger budde familien i Olav Kyrres gate 37. Det vart mykje reising for han som postekspeditør på Nattruta. Så vart han sjuk, eg veit ikkje av kva - men han gjekk av med tidleg pensjon, nokre år før tida. Han vert skildra som ein omgjengeleg og kunnskapsrik mann, belest og oppteken av dei aktuelle sakene i samtida. Politisk skal han ha sokna til Arbeidarpartiet. Gravferda hans fann stad i mai 1935.
I desember 1939 døydde Anna. Ho vert skildra som stillfaren og ei kjærleg mor. Dei siste leveåra var prega av sjukdom og depresjonar, ho var plaga av tvangsførestillingar av religiøs art - i den grad at det i nekrologen heiter seg at "døden kom som en befrier". Då ho døydde var adressa Kampensplass 5, huset som dattera Ingrid og mannen Ingolf seinare overtok.
Anna Josefine og Olav Martin fekk desse borna:
Alfhild (1898), Astrid (1899), Ingrid Olaug (1902), Eva Kitty (1904), Olav Magnus Arthur (1910), Sigurd Ingolf Johan (1910, død som liten), Gunvor Sigrid Josephine (1914).
Alfhild i karnevalsdrakt.
Den eldste av døtrene, tantene mine, møtte eg aldri. Eg veit lite og ingenting om henne, bortsett frå at ho var ugift og døydde i ei ulukke. Ho fall ned ein fjellskrent og vart drepen. Meir om ulukka finn du i eit eige underkapittel.
Astrid og den eitt år eldre søstera Alfhild.
Astrid har eg mange minne om. Ho snakka eit vaskekte bergensk, trass i at ho levde store delar av sitt liv i Oslo og seinare i Trondheim. Ho var barnlaus i begge ekteskapa - ho var først gift med Otto Rantzau Baltzersen som var kelner av yrke, eg meiner at han i ein periode arbeidde på Slottet og serverte under kongelege middagar - seinare, på sine eldre dagar, vart ho som enkje gift på nytt med ein mann frå Trondheim, eg veit ikkje namnet hans men hugsar han godt, han heitte Sverre og hadde eigd ein bensinstasjon og var det ein kan kalla turrvittig.
Tante Astrid sjølv var sjukepleierske. Eg lika henne godt, ho hadde noko litt fandenivoldsk og intenst over seg. Det kom til syne på så mange slags vis, t..d. når ho bad mor om å spela piano. "Spill for meg, Lull… tenk, dette kan være siste gangen jeg ber deg!" Tante Astrid røykte som ein skorstein, gjerne sigarettar på munnstykke, og døydde då også av lungekreft.
Eva og Ingrid - før ordet "tenåring" var oppfunne.
Den einaste i søskenflokken utanom mor som vart buande i Stavanger var tante Ingrid. Også ho døydde av kreft, då eg var i byrjinga av tenåra. Det kan faktisk ha vore den aller første gravferda eg var i. Tante Ingrid vart gift med Ingolf Wold, av "Wodlane" - ein heil familie med eit raudglødande sosialistisk engasjement. Ingolf var fagforeningsmann i Jern- og metall, det var jobben hans, og til 70-års dagen, trur eg det var, kom det helsing frå statsminister Einar Gerhardsen. Ironisk nok vart han som enkemann gift med formannen i Høyrekvinnenes forening i Stavanger, tante Gerda. Ingrid og Ingolf budde på Kampen, i ein tomannsbustad. Dei hadde ein son som heitte Inge, han var det ein den gongen kalla åndssvak. Eg minnest han med gru, for som små var me redde han - men eg har seinare forstått kor vanskeleg det må ha vore for dei.
"Wodlane" kunne eg ha vigd eit heilt kapittel - dei kom inn i familien med "tante"- og "onkel"-status, og det var mykje omgang med dei, sjølv om me ikkje var i familie i det heile teke.
Tante Eva budde på Nesttun i Bergen. Ho var gift med Peder Øien, frå Sortland i Nordland- eit band til tida i nord. Eg reiste som liten fleire gongar med mor på besøk til dei i Bergen, det var ei stor ferd på dei tider - med nattruta frå Stavanger. Minnene frå desse turane er spreidde: hugsar me vart henta av onkel Peder i drosje ut til Nesttun, hugsar ein fiskebutikk, ein tur med Fløibanen, eit bryllaup, slike ting. Det var ei eiga stemning med å koma til Bergen. Hugsar også at mor byrja å snakka bergensk når ho var der. Tante Eva og onkel Peder hadde tre born. Eldstemann Per vart fløytist , medan broren Alf vart professor i matematikk på Universitet i Bergen. Så ser me dette korleis så mykje kryssar i kvarandre sin bane - dottera mi Ingvild er også matematikar og vart Alf sin elev på universitetet, ein periode var ho sekretær i ein komite som var leia av Alf. Det tredje barnet til Eva og Peder, "Lille-Eva", vart gift med Arne Bøe frå Bergen - han var ingeniør i forsvaret, major, seinare teknisk sjef på UiB.
Onkel Olav som kjekk ung mann - på 1930-talet.
Så er me framme ved den einaste hanen i korga - onkel Olav. Det er han eg først og fremst har å takka for svært mykje av innhaldet i denne slektssoga - ikkje berre for det som vedkjem Bøe-familien, men også ein del materiale om Rage-slekta. Etter han har eg to bøker, ein notisbok og ein protokoll, med ei mengd opplysningar om slektene. Ikkje alt er rett - noko er famling i blinde - men det meste er der. Så ein kan godt seia det slik at eg med dette freistar fullføra det onkel Olav byrja på. Det skal ikkje gløymast at tilhøva for slektsgransking er mykje enklare i dag. Der ein før i tida måtte oppsøkja statsarkivet fysisk og møysommeleg bla seg gjennom kyrkjebøker og anna arkivmateriale for å spora opp dei opplysningane ein var på jakt etter, kan eg gjera det via nettet i løpet av få minutt.
Onkel Olav budde i Haugesund. Her arbeidde han som distriktsrevisor. Han var gift med Ruth Olsen frå Haugesund, der dei budde. Dei fekk aldri born. Eg hugsar onkel Olav som ein lun mann med eit litt skeivt smil. Tante Ruth derimot kunne vera litt "vanskeleg", eg hugsar kor redd ho var i torever.
Olav var først tilsatt ved Stavanger Trygdekasse og deretter som revisor ved Hetland Trygdekontor (Hetland kommune gjekk inn i Stavanger på 1960-talet), før han i 1952 fekk ei stilling som revisor i det nyoppretta revisjonsdistrikt i Haugesund. Med dei dårlege kommunikasjonane på den tida kunne det bli strevsamme tenestereiser. Han gjekk av med pensjon i 1977. Då fekk han eit gåvebrev frå Rikstrygdeverket for lang og tru teneste.
Sigurd og Olav. Sigurd t.v. døydde av krupp 4 år gammal. Olav hadde engelsk syke.
Onkel Olav var tvilling. Broren Sigurd Ingolf Johan døydde fire år gammal. Begge leid dei av det som gjekk under nemninga "engelsk syke". Olav kom seg etter kvart, men visstnok aldri heilt. Notatboka som eg har etter han inneheld ikkje berre nedteikningar om slekta, men er også full av små personlege notisar som på meir eller mindre direkte vis røpar litt om personen Olav Bøe. Han har omhyggeleg nedteikna heile boksamlinga si - eit par hundre bøker. I buet etter han var det mange praktfulle bokverk, m.a. Musikkens verden som eg har fått og støtt brukar, det er den einaste boka eg har med permar av hardt tre (!). Det finst også ei liste over kva han kjøpte i 1946, då investerte han i m.a. ein dress til kr 143, frakk til kr 135, sykkel til kr 150 - og eit "øllkrus i tre" til kr 10! I 1947 betalte han 100 kr mnd i husleige. Fødselsdagar er omhyggeleg nedteikna, for ikkje å snakka om regnskapar av ein kvar art - han var då også revisor.
Frå notatboka til onkel Olav, ført ein gong på 1940-talet. Interessa for slektsforsking følgde han heile livet.
Kjelder