Andreas Endresen fotografert i lag med sonen Alfred i sistnemnde sitt bryllaup på Tysnes i 1947, då han gifta seg med Signe Kjellesvik. F.v. Andreas, kona Anna (Skjellevik), Alfred og Signe. Til høgre står presten Askeland og mor til Signe, Marie.
Bruket Aunheim (br. 8) på garden Kjellasvik i Ølen tyder på at namnet stammar frå audegardstida, dvs. frå tida etter Svartedauen - namnet Auno tyder audegard. Derimot har ikkje namnet Kjellasvik vore like enkelt å tyda. Professor Magnus Olsen tenkte seg at det kunne vera ei avleiing av ordet "kjøl", for skipskjøl. I norrøn tid heitte garden Kjellesvik, som truleg tyder "vika ved kjellane" (dvs. avsatsar eller terrassar i bakgrunnen).
I 1918 kjøpte Andreas Endresen (1880-1950) - fødd på Moster - bruk nr 8, etter at han nokre år tidlegare hadde byrja med båtbygging, på Sundsteigen ved Valen i Sunnhordland. Men avstanden mellom buplassen og båtverven vart for stor, såleis fekk han altså kjøpt småbruket Aunheim i Kjellasvik i Ølensvåg. Her vart det bygd båtar i heile 40 år. Historia om båtverven vart seinare ført i pennen av Endre Heggen, lokalhistorikar og også ordførar i Ølen, finn du som eige underkapittel.
Andreas Endresen var først gift med Helene M. Reksnes (1880-1917) frå Nordfjord. To born vaks opp, Einar og Alfred, svigferfar min. I det neste ekteskapet med Anna Johanne Skorpen frå Tysnes kom det tre born.
Då sonen Alfred til slutt gifte seg på Tysnes og busette seg her for godt tok han Aunheim-namnet med seg, det vesle bruket i Gjersvik vart såleis oppkalla etter staden der han vaks opp. Som faren var også Alfred ein praktisk og nevenyttig mann, slik det går fram av minneordet skrive av sonen Magne og den vesle biografien som er nedteikna av kona Signe.
Sjå i sidemenyen!