Marta Nerhus og Johannes Gripne.
Johannes Gripne (1798-1879) var lærar og (hovud)kyrkjesongar i Tysnes frå 1832 til 1856, ei ærefull og høg stilling, men så vart han gripen i underslag og frådømt stillinga «for falsk og for å ha for ødet hans betrodde penger». Det var frå heradet si skule- og fattigkasse han stal. Det var elles også andre som fall i liknande utruskap på denne tida, så åleine om eit slikt lovbrot var han ikkje. Men det innebar at det brått gjekk nedoverbakke med den sosiale statusen til familien, og økonomien.
I alle høve frå slutten av 1860-åra laut huslyden til den tidlegare kyrkjesongaren ha fattighjelp. Familien nytta gardsnamnet Gripne som slektsnamn. I husmannsmannskontrakten til svigersonen i 1874 heitte det at Johannes Gripne skulle få bu på plasset - «til huse som Inderst». Kona Marta var flink til å veva. Når hanane på Tysnes og i Bøneset gol til kvarandre, sette Aksel Gjersvik (sidan Neshamn) ord på det: «Skule-Marto væveeee, » sa Tysneshanane. «Ja, ka adna sko ho vel gjeraaaaa,» svara hanen i Bøneset.
I Johannes Heggland si kultursoge for Tysnes band II står det litt meir utførleg om han, m.a. at han skreiv andelege viser og salmer, men historia om underlaget er ikkje nemnd, berre at han laut slutta i stillinga 1857:
Etter lov frå 1827 skulle kvar sokn ha sin kyrkjesongar, medan det før hadde vore berre ein i heile prestegjeldet, denne skipnaden vart sett ut i livet då Haugs døydde i 1832. Det var bispen som skulle peika ut kyrkjesongarane, og i ombodet som hovudkyrkjesongar var det tre søkjarar: Johannes Sveinsen Gripne, Jakob Villumsen Våge og Henrik To. Johannes Gripne og Jakob Våge møtte hos prosten til eksaminasjon og tevling om klokkarombodet. Gripne vart tilsett som den bispen fann best skikka. Det heiter om han at «han kan synge de almindeligste salmemelodier», og no vart han beden fara til Bergen og der ta litt skuleøving i «indbyrdes undervisningsmetode». Johannes S. Gripne hadde tidlegare vore skulehaldar i Uggdal ei tid. Han vart ein lærar og kyrkjesongar av den gamle skulen, for det meste sjølvlærd. Det heiter frå prostevisitasen i 1840: «Af prestegjeldets 8 omgangsskolelærere aflagde de 5 prøve paa deres duelighed i at katechisere; heri savnede de dog, med undtagelse af hovedkirkesanger Johannes Gripne, der gjorde sin sager ret vel, den ønskede færdighed.» Han samla seg bøker, for det meste av gudeleg slag, og har vore merkt av den haugianske åndskveiken. Han var ikkje fri han skreiv andelege viser og salmar, og ei av desse er enno til i form av eit lite prent frå 1847. — Då «fastskulen» i Gjerstadneset kom, vart han den fyrste skulemeisteren i den faste skulen. Han laut slutta både som kyrkjesongar og skulehaldar i 1857.
Kjelder
På nettet: