Sluttseddel
Undertegnede Karl Alfsen erkjender herved at have solgt til d’herrer Knud Knudsen og Johs M. Knudsen min eiende gaard matr. nr. 38 - Løberg 216a og 216b af skyld 1 mark og 82 øre for en omforenet kjøbesum af kr 15 800,-
I handelen medfølger 1 hest, 5 kjør, 14 høns, 1 fjærfekjerre m. hjul, 2 gjødselkjerrer m. hjul, 1 kokjerre m. hjul, 4 melkespand, 1 arbeidskjerre uden hjul, forøvrigt alle andre redskaber som findes på gaarden, samt vaanings og udhuse, Løe etc.
På eiendommen hefter:
i Hypothekbanken kr 2800
til presten “ 1200
Tønnes Gjilje “ 1100
Erik Gjilje “ 1000
------------------------------
Kr 6100
Kr 500 betales ved kontraktens underskrift og restkjøbesummen betales ved overtagelsen af eiendommen Paase flyttetid 1899 hvilken tid sælgeren forpligter sig til at utstede heftelsesfrit skjøde på eiendommen med ¼ pant af udgifter for kjøberne.
Skatter og afgifter eiendomm svarer kjøberne fra Påske flyttetid 1889.
Stavanger 20/11 - 1898
Karl Alfsnes
Frå denne tida finst det ein kvittering for betalt kyrkjetiende, som vart rekna i antal kilo korn. Det må ha vore til Frue kyrkje, eller Hetlandskyrkja folkemunne, som låg rett i nærleiken. Til Hr. Handemsmand Knudsen Klokkertiende for 1904 af Gaardsbruget Fremad: 9 Kilo Havre efter Aarets Kapittelstaxt Kr 1.11 8 " Literbyg -- Do -- -- Do -- " 0.66 ------- Kr 1.77 Betalt Hetland den 18 Januar 1905 K. Kyvig
Kommentar: I 1898 kjøpte dei to brørne til farmor ein gard på Storhaug (som no er ein tett befolka bydel i sjølve Stavanger, “innvandrerbydelen”) som fekk namnet “Fremad” og skulle bli eit senter for mang ei samling og mykje festivitias i åra som følgde (les meir i kapittelen om Johannes Marcelius og sardinfabrikken). “Fremad” danna i ein del år den heimlege basen for Johannes sitt virke som forretningsmann.
Som me ser av kjøpekontrakten overtok dei heile garden med alt frå hest og kyr til melkespann og ei vogn utan hjul. For den nette sum av kr 15 800.
Så langt eg kan sjå av folketellingane vart Knud buande heime hos foreldra (mora Gunhild Marie døydde i 1898) fram til 1915. Først då flytta han inn hos broren på Storhaug. Seinare bygde han sitt eige herskaplege hus på Gausel sør for Stavanger. Dit flytta også Johannes, etter at han var slått konkurs. Her levde dei to brørne resten av sine dager saman med Johannes sin tyske “hushalderske” Emma.
Eigedommen “Fremad” hadde fleire eigarer både før og etter andre verdskrigen. Huset vart halde godt i stand, men er no rive. Huset og miljøet der er vigd ein heil seksjon i boka “Glimt fra de gamle album i Stavangers østre bydel”.