5. kap The Viking Sardine Factory

Johannes Knudsen, eller onkel Johannes som han berre vart kalla, kan eg ha møtt - i så fall var eg i høgden fire, fem år gammal og hugsar det sjølvsagt ikkje. Johannes var sjølve sinnbiletet på jobbetida etter første verdskrigen - og på den blomstrande hermetikkindiustrien i Stavanger. Alt peikte berre ein veg - oppover… men som me veit, "what goes up, must come down".

Johannes M. Knudsen - kvekerson og fabrikkeigar.

Adressene i samband med Johannes Knudsen sine verksemder var fleire: Lille Skippergate 6, Banevigsgade 51 og filial Nymansgt. 140. Det er den same mannen som for meg berre står fram som "onkel Johannes", eller berre Johannes. I min fantasi står han vidare fram som ein festglad mann, eg tenkjer alltid på han i samband med store selskaper ute på eigedomen på Gausel, på den flotte amerikanske bilen dei hadde der, med stigbrett og gardinar i vindauget og eigen sjåfør, og på hushaldersken hans, den tyske Emma, som vel i realiteten var ein slags sambuar, eller la oss kalla henne elskarinna. Eg kan ikkje med handen på hjartet seia at noko av dette er sant. Men Emma hugsar eg, ho var ein gong heime hos oss i Vølstadvegen og sat i den store, gule øyrelappstolen, og eg snakka med henne. Johannes sjølv døydde i 1957, så det er ikkje sikkert at det berre er fantasi det eg meiner å hugsa om han. I 1957 var eg fem år.

Slutt på bøkkeryrket

Men heldigvis finst det harde fakta å halda seg til. I boka "Blad av hermetikkindustriens historie", skrive av Carl Fred. Kolderup (1995) er eit av kapitla vigd til Johannes Knudsen sin sardinfabrikk, The Viking Sardine Factory. Av denne historikken går det fram at Johannes M. Knudsen var ein mangfaldig mann.

Som faren var Johannes bøkker. Han var oppkalla etter faren, men hadde i tillegg mellomnamnet Marcelius. Johannes vart fødd 2. oktober 1869, då faren var 32 år. Mora var Gunhild Marie Olsen Aase, som me hugsar frå det foregåande, frå Egersund. Johannes var den yngste av dei to brørne i søskenflokken (meir om broren Knud i kap. om Knudsen-familien), elles var det fem søstre i familien. Ei av dei var Josefine, som vart mor til far min. Johannes er altså bror til min farmor. Både han og broren Knud skulle - gjennom sin økonomi - få svært mykje å seia for Rage-familien, mest heilt opp til vår tid.

Tautrekking i hagen til huset "Fremad" i den noverande Storhaug bydel. Det er kanskje ikkje så godt teknisk sett, men det er eit morsamt motiv. Biletet er teke i året 1900, medan Johannes M. Knudsen framleis dreiv sin bøkkerverksemd. Det må ha kasta pengar av seg, sidan han hadde råd til ein så flott eigedom og stort hus. Kampen om tauet står mellom Alfred Skjæveland, gullsmed Soma, feiarmeister J.S. Rage (min farfar) og Johannes sjølv på det eine laget. På den andre sida finn me papirhandlar Gustav Paulsen, Johan Sunde, møbeltapetserar Ragnvald Sørnes, bankkasserar Rossavig og Knud Knudsen. Den lattermilde gjengen i bakgrunnen er frå venstre fru Paulsen, Karen Skjæveland, fru Fuggeli, Stina Arre, Terese Frafjord, Sikke Knudsen, fru Soma, Gurine Knudsen og Josefine Rage. (Henta frå boka "Glimt fra de gamle album i Stavangers østre bydel")

Sardinfabrikken Viking

Frå 1898 dreiv Johannes M. Knudsen (heretter kalla JMK) sin eigen bøkkerforretning frå eigedomen sin i Lille Skippergate 6. Knapt ti år seinare, i 1907, bygde han på lokala og ominnreida til hermetikkfabrikk. Sjølv budde han i Hetland, i ein bustad som hadde fått det praktfulle namnet "Fremad". 23. september registrerte han eit personleg firma med namnet The Viking Sardine Factory og oppgav at målet var å driva fabrikkverksemd. Kolderup meiner at han sannsynlegvis samstundes heldt fram med bøkkerverksemda.

Det finst oppgåver frå Arbeidstilsynet som fortel kor stor produksjonen var - 30 til 50 kasser pr. dag, med ein arbeidsstyrke på kring 30 personar. Salet gjekk bra, så JMK leigde dermed ein annan fabrikk i tillegg. Kolderup skriv at det ikkje er oppgjeve kvar dette var, og heller ikkje den nøyaktige adressa til ein seinare filial i Hetland.

  • "Viking King" - ein av etikettane frå Viking Sardine Factory. I boksen låg det røykt småsild.

Men så, allereie frå 1910, etter mindre enn to år i bransjen, skyt verksemda fart. Det opna seg nye perspektiv for verksemda hans då den gamle reperbanetomta vart seld. Her fekk JMK tak i den tomta han hadde bruk for, i Nedre Banegt. 51. Her bygde han ein stor og moderne hermetikkfabrikk. Fabrikken i Lille Skippergate vart seld til Forsberg Sardiner.

JMK fortalde seinare om bygginga av den nye fabrikken til industriens historiekomité i 1931 - det vart teke i bruk "klippemaskin, trædeapparater og litt senere også oljepåfyllingsapparat". Til sterilisering og sentraloppvarming vart det teke i bruk damp. Elles vart det nytta elektrisitet til all drift, også til turking av urøykte sardinar. Maskineriet til denne produksjonen vart skaffa direkte frå Frankrike. Det var ein eigen motor til kvar maskin, og transporten innan fabrikken gjekk via transportremmer. Og no var produksjonen ein ganske annan. Dei kom lett opp i 400-500 kasser pr. dag, og i den travlaste tida jobba opptil 500 arbeidarar ved fabrikken, heitte det i opplysningane frå 1931. Men Kolderup meiner at det stemmer dårleg med dei verkelege oppgåvene. Etter Arbeidstilsynet sine tal jobba neppe stort meir enn 100 personar ved fabrikken.

Litt komisk, eller vemodig, kanskje, er det for oss i dag når me ser på dei økonomiske verdiane - i 1913 vart taksten for den nye fabrikken sett til kr. 70 700. Maskineriet vart taksert til 30 000 kr.

Sentral posisjon

Kvar kom råstoffet frå? I materialet frå 1931 heiter det at JMK i byrjinga kjøpte brislingråstoffet frå ein lokal agent, eller direkte frå fiskarane. Mot slutten av 1909 gjekk tre, fire fabrikkar saman om å leiga ein liten råstoffbåt, "Hundvaag". Så vart råstoffet fordelt mellom fabrikkane av firmaet Gimre & Hauge. Desse fabrikkane danna kjernen i Brislingkompaniet, som vart oppretta i 1912. JMK hadde ein plass i styret her, men både han og firmaet hans måtte forlata det, då dei kom på den engelske svartelista. I staden vart han i 1916 med på å danna Innkjøpslaget Nøitral.

JMK hadde allereie før starten av sitt eige firma engasjert seg i spørsmål kring sardinindustrien av rettsleg og politisk art. I 1912 var firmaet hans eitt av ti opposisjonelle firma som telegraferte til Stortingskomiteen og forlangte ei brei "sardinlov", med freding, merking og særleg at produsenten sitt namn måtte førast på etiketten. Firmaet vart også medlem av Norcanners frå starten i 1912. JMK interesserte seg mykje for dette fellestiltaket og vart sitjande som viseformann i styret frå 1912 til omorganiseringa i 1918. Til slutt sat han med heile 250 aksjer pålydande 1000 kr pr aksje - altså 250 000 kr. Heile denne kapitalen skulle koma til å gå tapt nokre år seinare, i den enorme økonomiske ruinen som ramma han på byrjinga av 1920-talet. Men enn så lenge går det så det suser for JMK sitt vedkomande.

Konkurs

I slutten av 1915 går JMK med i eit konsortium som har planar om å starta ein hermetikkfabrikk i Harstad for produksjon av sildsardiner - Midnatsolen Preserving Co. Forutan JMK bestod konsortiet elles av tre andre hermetikkfabrikkeigarar. Til saman skaut dei inn 70 000 kr av dei 140 000 kr til den "opførendes Store fabrik". Og så vart det anlagt ein fabrikk på Austlandet, East Norway Canning Co. A/S i Fredrikstad. Firmaet gjekk bra i byrjinga, med 15% utbytte etter første driftsåret. Dermed sette konsortiet like godt i gang med å etablera ein filial, Sponviken Hermetikfabrik A/S, med forretningskontor i Stavanger, med ein aksjekapital på 6000 kr. Dei 12 aksjene vart likeleg fordelt mellom dei tre kompanjongane - og her var ikkje JMK med. Men saman med to andre kausjonerte han for kassakreditt i Stavanger Privatbank på 200 000 kr. Då oppgjerets time kom var dei to andre ikkje i stand til å gjera opp for seg, og i Stavanger Byrett 29. juli 1925 vart JMK dømt til å betala heile beløpet, pluss renter og omkostningar.

Dermed var JMK gått konkurs.

Knust - men ikkje heilt

I 1931 seier JMK sjølv til historiekomitéen:

"Alt hvad vi de første tider produserte omsatte vi overalt i æsker lige til krigens slut, da begyndte vanskelighederne at melde sig og senere gik jo alt mer eller mindre tilbake."

Og at det hadde gått bra, svært bra, for firmaet i glansdagane er det ingen tvil om. The Viking Sardine Factory hadde hatt gode kontaktar over heile verda. Til og med i Johannesburg hadde dei eit vidtfemnande firma som representerte Viking.

Men korleis gjekk det med JMK etter konkursen?

Det ser ut til at han greidde seg. Sjølv har eg alltid høyrt at han vart svikta av nokre forretningspartnarar i Tyskland, vart totalt ruinert, men at han heldt fram med å leva "i stor stil" på broren Knud sin bekostning - men etter Kolderup si bok om hermetikkindustriens historie ser det ikkje ut til å stemma. Kolderup peikar på at JMK si interesse for hermetikkverksemda ser ut til å dabba av etter 1918 (dvs. etter første verdskrigen slutta), han trekkjer seg ut av styret i Norcanners, sjølv om han seinare sikrar seg ein aksje der - "gammel kjærlighet ruster ikke", skriv Kolderup.

Eller, spør Kolderup, kanskje det ikkje skuldast sviktande interesse, kanskje han berre var lur, kanskje han såg dei dårlege tidene som kom og bestemte seg for å trekkja seg ut i tide? I alle høve ser det ut til at The Viking Sardine Factory var hans personlege firma. Det opphøyrde som personleg firma i 1919 og vart då omdanna til aksjeselskap, sjølv om JMK etter alt å døme heldt på eigedomsretten til begge fabrikkanlegga som bar Viking-namnet. Og dermed forsvinner Viking-fabrikkane ut av soga. Det nye A/S averterte lagerplass til leige, og tilbyr samstundes transport. Men det er alt.

På dette biletet har "Fremad" også gått litt "oppad" - det er med andre ord påbygd. Påbygginga skjedde etter 1906 ein gong, og det kan ikkje vera knipsa seinare enn 1920. Frå venstre ser me Gurine Knudsen, Johannes og ein ven av han liggjande i snøen - han heitte Sørnes. Kvinna til høgre er tenestejenta - kan det vera den tyske Emma, som han hadde eit forhold til? (Henta frå boka "Glimt fra de gamle album i Stavangers østre bydel")

For JMK sitt vedkomande har det nok uansett vore eit hardt slag, sjølv om han ikkje stod heilt på bar bakke. Han er framleis ein halden mann. Kanskje han heldt seg på Austlandet ei tid etter konkursen. I hans personlege status 1925 står m.a. oppført eigedomar i Vestre Aker (i Oslo) og eit bustadhus i Kongsberg. Men det er klart at han var sterkt økonomisk svekka. I tillegg til dei 250 000 kr han måtte ut med etter tapet på konsortievenene, betalte han til ein annan kreditor 25 000 kr, deretter 17 000 kr til ein annan og 15 000 kr til ein tredje. Det vart teke utlegg i "hans faste eiendomme i Stavanger og Hetland samt i løseøre". I samband med dette kom det fram at Stavanger Privatbank meinte at det hadde gått føre seg uregelmessige transaksjonar mellom JMK og søstera hans. For å få klårleik i dette vart banken nøydd for å slå han konkurs. No var det slik at Johannes hadde fleire søstre, ei av dei var min farmor. Kva for ei søster det her var snakk om veit eg ikkje, men det er nærliggjande å tru at det er snakk om Josefine, altså min farmor, som var enkje og kunne ha bruk for økonomisk stønad. Eg har alltid høyrt at Josefine fekk stønad både frå Knud og Johannes.

JMK var ikkje den som let seg knekkja så lett. Alt i 1925, då det framleis stormar som verst kring han, er han på veg inn i hermetikkbransjen att, sjølv om det var på forsiktig vis. Han fekk etablert eit lite eksportselskap under namnet Fish Canning A/S Stavanger. Noko stort selskap var det ikkje, aksjekapitalen var på berre 60 aksjer á 10 kr, der han sjølv eigde tjue aksjer. Kolderup skriv då også at firmaet "kunne vel neppe gi levebrød eller nok beskjeftigelse til den tidligere så aktive mann som J.M.K. hadde vært". Firmaet vart oppløyst ti år seinare, i 1935.

På banen igjen

Det verkelege comebacket i industrien gjorde han i 1927, samstundes med at den første utbetalinga av konkursbuet fann stad. Då gjekk han inn i Høle Canning og vart styreformann der. Då hadde firmaet allereie eksistert ei stund, i Valberggt. 14, Stavanger. Etter ei tid overtok han stillinga som disponent. Og ikkje nok med det, men firmaet skiftar samstundes namn til The Viking Sardine Factories A/S. Fleirtalsforma indikerer at det kan ha vore meir enn ein fabrikk, i tillegg til Høle Canning. I eit skriv frå 16.02. 1930 heiter det at "Da vort firma agter aa gjenopta eksporten av hermetikk, saa tillader vi oss herved høfligst aa andra det ærede Prisraad om aa bli godkjennt som eksportfirma". Fire fabrikkar stod tilslutta firmaet: Høle Canning A/S, Vesta Canning Co. A/S Hillevaag, Solann Canning Co.A/S, Sandnes Packing A/S, samt seinare også Johnsens Hermetikfabrik, Lura. Samtlege av desse fabrikkane var døgnfluer og kom og forsvann.

"Noch ein Fischlein" - mange tyske smågutar tagg om endå litt meir sildasnop, om ein skal tru etiketten.

Denne etikken syntest me var flott!

The Viking Sardine Factories A/S kom aldri til å spela noko stor rolle innan hermetikkindustrien. Firmaet vart oppløyst i 1946, underteikna av JMK, og endeleg oppløyst i 1952, då Johannes var 83 år gammal.

--

Korleis oppfatta eg alt dette då eg vaks opp?

Eg var fem år gammal då Johannes døydde, i ein alder av 88 år. Eg meiner at eg kan hugsa han frå eit selskap på Gausel, der han budde saman med broren Knud, det står for meg i erindringen som eit sus av gamle dagars stordom, i ei verd som var i ferd med å bli vekke. Eg meiner å hugsa at dei hadde portnarbustad og eigen sjåfør. Men framfor alt vart Johannes framstilt som "ein glad laks", ein mann med noko eventyrleg over seg, ein person som levde på stor fot, men som i realiteten vart økonomisk understøtta av den langt meir jordnære og solide broren Knud, som var ein praktisk og mindre ambisiøs forretningsmann.

Men ein ting hugsar eg godt, og det er Emma. Den tyske hushaldersken på Gausel. I røynda var ho sambuaren til Johannes, eller kanskje heller elskarinna hans, så vidt eg har høyrt. Eg hugsar henne som ei gammal dame som sat i bestestova heime hos oss, ho klappa hunden vår og kalla han "bohund" - tysk aksent for buhund. Det er alt eg hugsar, men eg hugsar det godt.

Kjelder

  • Carl Fred. Kolderup: Blad av hermetikkindustriens historie, 1974
  • Marit Karin Alsvik: Glimt fra de gamle album i Stavangers østre bydel, 1996