Johannes Knudsen med den andre kona, Tobia
Hovudinntrykket ein sit att med etter å ha gjort seg litt kjend med Johannes Knudsen og borna hans er at det må ha vore ein familie med ei sterk vilje til å skapa sitt eige liv. Både far, søner og dottera Josefine - min farmor - sette på kvart sitt vis spor etter seg i det lokale samfunnslivet.
Fader Johannes sjølv var kveker. No var det ikkje så uvanleg å vera kveker på den tida som det er i dag, til gjengjeld var det mykje meir kontroversielt å vera kveker på 1800-talet enn no. T.d. fekk kvekerane ikkje gravlagd sine døde på dei vanlege kyrkjegardane, og måtte såleis ha eigne gravplassar. I Stavanger var det ein slik gravplass i Muségata allereie tidleg på 1800-talet, seinare kom det også ein gravplass på Storhaug der Johannes og hans næraste ligg gravlagd.
Det fortel om ein mann som følgde sitt eige samvit. Han dreiv i tillegg ei verksemd som ser ut til å ha vore vellukka, og må ha vore eit føredøme ikkje berre for dei to sønene, men også for døtrene. Etter bileta å døme ser dei ut til å ha vore ein solid borgarleg familie med ein stabil økonomi.
Men først nokre ord om foreldra til Johannes. Faren kom frå Kristiansand, om eg skal tru folketellinga frå 1865 - eg har ikkje funne han i kyrkjebøkene korkje der eller i Stavanger. Til gjengjeld har eg fleire dokument etter han som fortel oss litt om livet hans.
Namnet hans var Knud Tormodsen Wiiga. Dette med Wiiga-namnet og sporet til Kristiansand vart lenge verande eit mysterium for meg, inntil eg via Ancestral File skjøna at det dreidde seg om det gamle Veka-namnet frå Suldal. Far til Knud heitte Tormod Olsen Wiiga (Veka) og kom altså frå Veka i Suldal. Mellom 1815 og 1824 var han og kona busett i Tysvær før dei flytta til Stavanger. Før den tid budde Tormod i Kristansand. Det var her han møtte kona Karen Jonsdtr Ugland, og det var her Knud vart fødd i 1811. I perioden 1814-1817 fekk dei fire born, eitt barn kvart år, som alle berre levde ei kort stund. Det fortel sitt om kor hardt livet kunne vera.
Lærekontrakten frå 1832.
I 1832, altså då han var 21 år gammal, inngjekk han ein lærekontrakt om å gå i bøkkerlære hos Tollach Johannesen Hinne (Hinna) i Stavanger. Her skriv han namnet sitt som Wige. To år seinare fekk han svennebrevet sitt.
På desse tider vart han gift med Guri Johannesdtr. Skjeivig frå Stavanger, fødd omlag 1815. 18. april 1835 vart dei vigde i Domkyrkja i Stavanger. Han var då 24 år, brura var 20. Dei fekk fleire born åra som følgde: Johannes, Knud, Karen, Gabriel, Karl Johan, Sivert og Thomine.
I dei påfølgjande åra etter at han 23 år gammal fekk svennebrevet sitt har eg ei rekkje dokument som eg i skrivande stund ikkje har fått tyda. Det dreier seg om dokument som har med pantobligasjonar og eigedomshandel å gjera. På eit eller annan tidspunkt kjøpte han huset Nykirkebakken 8, vegg i vegg med Madam Rasmussens Pigeskole.
Frå denne eigedommen eksisterer det eit komplett skifte. Her kan me sjå i detalj kva han og kona åtte av eigedelar, og kor mykje dei vart takserte til. Som me ser av skiftet var det sonen Johannes som kjøpte huset, for 500 spesiedaler.
Det var nok også gjennom faren Knud at Johannes vart kveker. Han vart gravlagd på kvekergravplassen 3. mars 1866, medan kona Guri vart gravlagd mest på dagen to år tidlegare, 2. mars 1864. Gravene ligg i tredje rad til høgre når ein kjem inn porten, men er ikkje merka på nokon måte.
Takk vere at fullstendig skifte er bevart kan me danna oss eit ganske levande bilete av heimen deira i Nykirkebakken 8. Eg legg ved ei avskrift som ei eiga underside.
Som faren vart også sonen Johannes Marcelius bøkker. Men då etterspurnaden etter tønner og andre bøkkerprodukt rett og slett vart vekke på byrjinga av 1900-talet, måtte Johannes sjå seg om etter andre bein å stå på - og han starta like godt ein hermetikkfabrikk som på godt og vondt skulle koma til å følgja konturane i marknaden - dvs. frå bratt oppoverbakke til ein like bratt nedoverbakke. Men allereie medan han dreiv si eiga bøkkerverksemd bygde han sitt eige flotte hus i Hetlandsmarka - "Fremad". Den til dels dramatiske historia om hermetikkfabrikanten og forretningsmannen Johannes M. Knudsen er vigd eit eige kapittel.
Mitt favorittbilete - fordi det er så god stemning og så mange med! Sitjande og liggjande i graset, frå v. gullsmed Soma, papirhandlar Gustav Paulsen og Magnhild og Gudrun Rage. Sitjande på benken ser me frå venstre fru Soma, fru Paulsen og Josefine Rage (farmor) med Solveig på fanget. Dei tre herrene til høgre er bankkasserar Rossavig, møbeltapsetserar Ragnvald Sørnes og Alfred Skjæveland. Ståande frå venstre ser me feiarmeister J.S. Rage (farfar), Johan Sunde, Johannes M. Knudsen, Karen Skjæveland (f. Knudsen), Gurine Knudsen, fru Fuggeli og Terese Frafjord. På verandaen står Knud Knudsen, Stina Aarre og Sikke Knudsen. Fotograf: Hjalmar Fuggeli (som var buntmakar i det daglege). Biletet er henta frå boka " Glimt fra de gamle album i Stavangers østre bydel" og er teke under eit selskap på onkel Johannes sin eigedom "Fremad", årstal 1899 eller 1900.
Broren Knud følgde ein meir jordnær bane. Han gjekk i kompaniskap med Hjalmar Fuggeli og etablerte forretningen Stavanger Malervare & Utstyrsforretning i Verksgata 8 - seinare Knudsen & Rage. Det var ein stor butikk, med lager og butikk i første etasje, og butikklokalar og kontorar i andre etasje. Her fekk ein kjøpt det meste av malervare og utstyr, alt frå skruer og hammar og spiker, hadde eg nær sagt, til større verktøy, og alt kva ein elles måtte ha bruk for, som t.d. linoleum og tapet. Butikken hadde også eigne handverkarar og bilar.
Verksgt. 8 bestod eigentleg av tre gamle sjøhus som var sett saman - eit hus mot Verksgata med butikk i heile huset, eit hus i midten med butikkrom nede og kontor oppe, samt eit sjøhus med lagerrom. Alt i alt var det ein romsleg butikk med eit rikt utval av varer og tenester. Frå eg var liten hugsar eg den spesielle lukta der - ei blanding av tjøre, terpentin, lim og ferskt linoleum, og lukta av gammalt, solid tømmer.
I bokverket Det norske næringsliv utg. 1956 vert forretningen omtala slik:
Stavanger Malervare- & Utstyrsforretning A/S, Innehavere Knudsen og Rage, Verksgt.12. Tlf. 20629 - 22356. Tlgr.adr. "Malervareutstyr".
Forretningen ble startet i 1900 og omfatter salg av malervarer og kjemikalier. Innehaver er Knudsen og Rage. Virksomheten drives i en gros og en detalj. Det omsettes tapeter, linoleum, gulvtepper, rullegardiner, bordvoksduker, portierestoffer, gulv-, vegg- og takpapp, spiker, stifter, hengsler, låser, vridere etc., celluloselakker. Sadelmaker- og snekkeriartikler.
Firmaet står oppført i "Stavanger Adressebog 1901-1902", det vil altså seia at forretningen var i drift kring århundreskiftet. Både i 1901-1902 og "Adressekalender for Stavanger 1914" er det offisielle namnet Stavanger Malervare & Utstyrsforretning - Knud Knudsen & Hjalmar Fugelli.
Folketellinga for 1910 fortel at Hjalmar Fugelli fødd 04.06. 1866 var "bundtmagermester", med bustad Nygate 23, "vaaningshus / forretningslokale", trossamfunn "Metodister" - han var altså likevel ikkje kveker på dette tidspunktet. Nygaten låg like i nærleiken av Nykirkebakken. Det er i og for seg enkelt å danna seg eit bilete av venen Hjalmar Fugelli, av kvekerfamile som Knud og Johannes Marcelius, som etablerer Stavanger Malervare med sonen til Johannes senior - Knud.
Folketellinga for St. Petri 1915 fortel at yrket hans framleis var buntmaker og adressa Nygt. 23. Men i 1915 er han også oppført som "Fabrikeier, Stavanger Fjord Packing Ltd". Han har altså, som Johannes Knudsen jr. og så mange andre Stavanger-folk, kasta seg på hermetikkbølgen.
Stavanger Malervare & Utstyrsforretning går sin gang. Det ser ikkje ut som Knud var mannen som dreiv med lettsindige spekulasjonar. Butikken heldt stø kurs i tiåra som følgde, gjennom dei harde trettiåra og fem vanskelege krigsår. Først utpå 1950-talet lot han nye krefter ta over.
Frå forretningen vart grunnlagd på byrjinga av 1900-talet var den eit fast og nærast uforanderleg innslag i byens forretningsliv inntil heile strøket brann ned i 1979. Ingenting av det gamle vart bygd opp att. Knud sjølv døydde i 1957 . Då han gav seg vart drifta av butikken overlate til tre av nevøane, Harald, Fridtjof og Knut A., min far, som var disponent.
Knud budde på Vaulen, i ein fornem og stor villa omgjeve av ein endå større hage. Frå eg var liten hugsar eg at me reiste ut dit i familieselskap, eg trur det kan ha vore St. Hans. Då tok me toget. Stasjonen låg ikkje så langt frå huset, på nedsida. Knud var ugift, og etter kva far min fortalde var han også ein mann som kunne vera svært forsiktig med pengar. T.d. fekk far min nokre gongar beskjed om å innfinna seg på Vaulen om kvelden. Trøytt som han var etter ein lang dag i butikken hende det at han tok drosje. "Nå?" sa onkel Knud då far kom. "Kommer du nå? Jeg visste ikke at det var noe tog nå…" Og då galdt det om å finna på ei eller anna forklaring.
Fire søsken. Frå venstre: Gurine Knudsen, Knud Knudsen, Johannes M. Knudsen, Sikke Knudsen.
Også dottera Josefine skulle koma til å gjera seg gjeldande i byens samfunnsliv. Ved kommunevalet i 1901 hadde kvinnene for første gong fått avgrensa kommunal stemmerett. Dette sette fart i Arbeidarpartiet sitt arbeid for å få kvinnene organisert til politisk arbeid. I 1901 kom også nestleiaren i LO, Joh. Johnsen, til Stavanger og heldt foredrag om kvinneleg organisering i De Samvirkende Fag- og Arbeiderforeninger sitt nye lokale Samhold. Ganske raskt gjorde Stavanger Socialdemokratiske Forening dei første konkrete framstøyt for å få arbeidarkvinnene organisert. Ein førespurnad vart sendt ut til Stavanger Kvindesagsforening med invitasjon om at dei kunne gjera framlegg om sine representantar til Arbeidarpartiet sin valkomité i samband med det foreståande valet.
Kvindesagsforeningen peika ut sine representantar, og på møte i Arbeidarpartiets valkomité blei desse einstemmig innvald i komitéen. At kvinnesaksforeininga, som ein erklært tverrpolitisk organisasjon, takka ja til Arbeidarpartiet sin valpolitiske invitasjon, utan at dette tilsynelatande førte til større indre motsetnader, kan tyda på at kvinnesaksforeininga hadde eit stort innslag av kvinner med sosialistiske sympatiar, skriv Arvid Sandal i "Kvinnekamp og klassekamp. Stavanger Kvinnelige Arbeiderforening 1901-1911."
På Arbeidarpartiet si valgliste var det ført opp seks kvinner, og mellom dei tolv representantane som partiet fekk inn i kommunestyret var det ei kvinne - Anna Racke. I tillegg var det to kvinnelege varamedlemar - Dina Tønnesen og Josefine Rage.
Utsnitt av biletet vart teke til det store "gruppebiletet" som vart laga av kommunestyret 1902-1904. Heile biletet finn du som vedlegg (sjå under).
Radikalt for si tid - ja, kanskje. Men for ei ung kvinne med hennar kvekerbakgrunn er det på sett og vis berre ei forlenging av dei haldningane som faren hennar kan ha hatt. Kvekerane var radikale såleis. Og ektemannen hennar, etter det me veit om han, var også ein mann som gjerne - eller kanskje helst - gjekk sine eigne vegar. Og ho er altså min farmor.
Under arbeidet med å kartleggja familien Johannes Knudsen stussa eg over at det i folketellinga for 1910 var ført opp ei kvinne fødd 1865, Olava Knudsen, ført opp under "husgjerning", som det på sett og vis aldri har vore gjort ordentleg reide for. Ho har på ein måte aldri vore "til stades", ho er ikkje med på familiefotografi eller gruppebilete. I 1910 er ho 45 år og bur framleis heime. Ikkje for det, det gjer broren Knud også - ugift han óg. Men han er i høgaste grad til stades, det er aldri ho. Ho vart verande eit lite mysterium for meg inntil eg i Byarkivet i Stavanger snik meg til å lesa i folketellinga for 1915, som i skrivande stund ikkje er frigjeven - ikkje før i 2015. Her finn eg eit svar, svart på kvitt: Olava er ført opp som dotter i huset, med kommentaren "aandssvag".
Olava har altså vore "åndssvak". I folketellinga for 1900 er ho ikkje teke med. Det kan sjølvsagt ha sine naturlege forklaringar, men det kan også henda at ho vart gøymd vekk. I 1915 bur ho altså framleis heime, men det gjer ikkje lenger Knud, han flyttar til broren Johannes Marcelius i 1910, til eigedomen "Fremad" på Storhaug. Han er ein vaksen mann og bør uansett bu for seg sjølv, men kan det vera at det var søstera han flytta frå - at han trengde ein ro han ikkje fekk heime?
Det er slikt ein kan spørja seg sjølv om.
Kjelder
Marit Karin Alsvik: Glimt fra de gamle album i Stavangers østre bydel, 1996
Hans Eirik Aarek: Kvekergravstedet i Haukeligata 75, Stavanger : 150 år. Kvekerforlagets småskrifter nr 46. 2011
Arvid Sandal: Kvinnekamp og klassekamp. Stavanger Kvinnelige Arbeiderforening 1901-1911. Stavanger Museums Årbok, Årg. 105. 1995
Det norske næringsliv, Rogaland fylkesleksikon utg. 1956
Stavanger Adressebog 1901-1902
Adressekalender for Stavanger 1914
Folketellingar 1865, 1900, 1910 og 1915
Wikipedia
Private bilete, familietradisjon