Rage bru vart bygd i 1900. Elva glir ut i Ragsvatnet i bakgrunnen.
Garden Rage, der slekta mi kjem frå - den delen av slekta som har ført Rage-namnet med seg - ligg i Gjesdal, ikkje så langt frå Oltedal. Den næraste kjende staden i dag er Kongeparken. Her finn me grenda Rage ved Ragsvatnet, og den gamle steinbrua som vart bygd i 1900. Frå gammalt har det vore to Rage-gardar. Den eine i Høle, den andre i Gjesdal. Ingen av gardane ser ut til å ha vore store. Bygdeboka for Gjesdal siterer ei kjelde som skildrar garden som ein stad som ligg høgt og vanskeleg til, og der kornavlen kan vera uviss.
At det kom til å finnast to Rage-gardar hadde med den tidas byråkrati å gjera. Før 1634 høyrde storparten av gardane i Gjesdal (Gjestal) til Høle skipreide. Men då Gjesdal vart skilt frå og gjort til eit eige skipreide kom noko av garden Rage i Høle til å høyra med til Gjesdal. I den såkalla "hovudskatten" for 1645 finn me såleis oppført Suend på Rage i Høle med kone og ei jenta, og Sveinung Ellingson på Rage i Gjestal med kone. I 1701 budde Thollef Gullefson på Rage i Høle, og Johans Sveinungson på Rage i Gjestal. Det var ikkje før etter 1838 at det bruket i Rage som hadde lege til Gjestal sokn vart lagt til Høle.
Bygdeboka for Gjesdal gjev desse opplysningane om garden, etter oppgåver frå den tida:
1661: l/2 løb smør, l sau. Time prestebol. En flomkvern. Sveinung.
1668: God kornjord, mislig eng og udmark, god smalegang, lyng underbur, kvernstad og ilding til fornødenhed. Saaes 4 tn. korn, fødes 9 nød l øg. God for, 1 sk. 3 vett korn, leding 18 m smør, tiend 4 sp., smaaredsler 6 sk.
1684: Lsk. 1 ½ løb smør, l sau, leding l b smør, tiend 2 sp. korn.
1723: Sveinung Johansson bruger alt 48 bm. En ring stol. Tung. Saaes 3 tn., avles 12 tn. l øg 6 nød 16 smolog. (1 ½ b smør, l sau).
1802: En meget høyt liggende og besværlig Fiæld Gaard der ligger indknebet mellem høye Fjælde. Korn Avlen er uvis og kand regnes i gode Aar til 20 Tønder. Opsidderen føder 4 Kreaturer 20 Faar l Hest. Den kand altsaa ikke andsees værd mere end 250 rd.
Desse gamle måla som er nemnde her, fortel om ein gard som slett ikkje er av dei dårlegaste, men heller ikkje av dei største. Garden låg ved den øvste enden av Ragsvatnet, "indknebet mellem høye Fjælde", sterkt utsett for austavind.
Frå Ragestølen ca. 400 m over havsnivå. (Foto: Odd Jan Andersen)
I det store standardverket O. Rygh: Norske Gaardnavne finn me ein utførleg behandling av gardsnamnet Rage. Frå det skriftlege materialet ser me at det er skrive på ulikt vis: Roch (1563), Rauche (1567), Ragh (1602), Raig (1610), Raig (1661). Formen Rage, som har følgd garden sidan, ser ut til å ha kome på byrjinga av 1700-talet. Rygh gjev ei rekkje døme på at namnet går att over heile landet, i ei rekkje samanhengar. Såleis finn ein namnet att både på Strand og i Årdal, om me held oss til den næraste geografien.
Etter ei lengre språkleg utgreiing konkluderer Rygh med at
"Anvendt om Lokaliteter synes *Rak, -rak n. at maatte tages i Betydningen: aaben Strækning, hvor løse Ting hvirvles om af Vinden eller driver ind fra Vandet, dernæst mulig ogsaa brugt om en aaben Strækning i Almindelighed (-) disse Navne egentlig betegne Steder, hvor henholdsvis Løv og Sand fyger omkring, og ikke henholdsvis: aaben Strækning (rak), hvor der voxer Løvtræer, og: aaben Sandstrækning. Rage i Høle ligger ved den øvre Ende af Ragsvandet, stærkt udsat for Østenvind."
Som ein konklusjon ser me altså for oss ein (noko under) middels gard i Ryfylke som held liv i seg og sine, men kanskje heller ikkje meir.
Frå Kyrkjestadvatnet oppe i fjellet ovanom Rage og Ragsvatnet. Her finn ein Ragestølen. Sjå elles ei nærare utgreiing under kjelder nedst på sida. (Foto: Odd Jan Andersen)
I bygdebøkene for Høle og Gjesdal kan me følgja Rage-folket (dvs. den som sat som bonde på garden til ein kvar tid) tilbake til byrjinga av 1600-talet, men materialet er forvirrande og det vert vanskeleg å peika ut ein bestemt tråd som leiar fram mot "vår" Rage-familie. Den første me kjenner som budde på garden Rage heitte Elling Toreson. I rekneskapen for 1618-19 er det gjort ein merknad: "Gunder Rag for hand haffde slaget Elling Toreson et neffueslag - bøtte ½ d. (daler)". Ein Gunder Rage har altså slege til Elling med knyttneva og fått ein bot for dette. Elling er ikkje nemnd fleire gongar, og det er noko uvisst om han budde på Rage.
Det gjorde derimot sonen hans, Sveinung Ellingson Rage. Han vert nemnd i 1634 som busitjar på ein øydegard, eller husmann, og betalar 1 ort i skatt. 26. juli 1679 er det skifte etter Sveinung. Kona hans heitte då Guri Olsdtr., etter alt å døme er ho den andre kona hans. Ho døydde i 1726, 95 år gammal.
Sveinung er eit namn som går att ned gjennom slektledda, og som me finn i Rage-familien den dag i dag.
Frå 1604 til 1645 finn me ein mann som heiter Michell (Mikkel) på garden. I 1624 vart garden lagt under Haug skipreide, og då vart Michell flytta dit, medan den andre mannen på garden, Gunnar, vart verande under Høle. I 1634 vart Gjestal sokn skipa til skipreide for seg sjølv.
Elling Sveinungson budde på Rage i 1665 og var då 24 år. Han bruka l sau av garden. Så følgde sonen Johans Sveinungson, som døydde i 1727. Han hadde to søner: Sveinung og Laurits. Den siste vart buande på Hogstad i Gand.
Sonen til Johans, Sveinung (surprise) vart deretter bonde på Rage. Sveinung var seksten år i 1701 og døydde 1741. Det vart halde skifte etter enkja Siri Larsdtr. frå Vølstad, som døydde i 1759. Borna deira var a. Johannes f. 1720, b. Lars f. 1723 (han budde fyrst i Haukamork, seinare på Ravndal), c. Sven f. 1730 (han budde også i Haukamork), d. Lisbet f. ??? og e. Ingeborg f. 1725. Ingeborg døydde ugift i 1780, søstera veit eg ikkje.
15. nov. 1744 vart Johannes Sveinungson vigd med Malena Olsdtr. Arreberg, f. 1725. Ho var dotter til Ola Monsson Arreberg og den første kona hans, Ingeborg Olsdtr. frå Mork. I skiftet etter Johannes den 23. juni 1778 er desse borna nemnde: a. Sveinung, f. 1745. b. Ingeborg, f. 1748, vigd 19. mars 1766 med Erik Erikson Litla Auglend i Høle, f. 1732. c. Siri, f. 1753. d. Marta, f. 1761. Etter desse var det skifte 3. nov. 1779.
Rage (merka med raudt) ved Ragsvatnet. Opp mot sør ligg Kyrkjestadvatnet, der ein i dag finn tuftene av Ragestølen. Klikk på kartet for å gjera det større. (Google Maps)
Så følgde Sveinung Johannessen (son til Johannes Sveinungson, over). Han var fødd 1745 og døydde 1780. 21. mai 1776 vart han vigd i Høle med Kristi Håvardsdtr. Gjesteland, f. 1753. Dei fekk to born: a. Malena, f. 1777. b. Sveinung, f. 1780 og død same år. Enkja gifte seg att 9. sept. 1781 med Kristofer Kristoferson Rage f. 1757. Dei budde på Rage i Høle.
Med dette var Sveinung-folket komne bort frå den gardparten i Rage som hadde høyrt til Gjestal.
I 1797 er det kome ein mann av ei ny ætt til Rage i Gjestal. Han heitte Osmund Knudson og var frå Molaug i Forsand, f. 1761, son åt Knud Osmundson Molaug frå Kommedal og kona Ragnhild Olsdtr. Osmund Knudson vart vigd 13. april 1794 med Åsa Michelsdtr. Espedal, f. 1765 av foreldre Michfel Torsteinson Espedal og kona Marta Osmundsdtr.
Osmund og Åsa hadde i 1801 ei dotter som heitte Ragnhild, 6 år gml. Så fekk dei i Gjesdal: b. Michel, f. 1797 og død same år. c. Marta, f. 1799. d. Knud, f. 1802, e. Åsa, dp. i Time 31. mai 1807. f. Michael, dp. 14. okt. 1810, vigd 4. juni 1838 med Kari Torkelsdtr. Ravndal, f. 1807. I 1839 fekk dei sonen Osmund. Den 7. juli 1868 vart han vigd med Berta Andresdtr. Ravndal, f. 1847.
Mellom 1838 og 1845 vart dette bruket i Rage flytta frå Gjesdal til Høle tinglag. Åsa Michelsdtr., kona til Osmund Knudson, døydde 1. jan. 1845 og er då innførd i kyrkjeboka for Høle.
Sjå elles i filarkivet for Rage i Høle.
Kjelder