Breidablikk ein gong på byrjinga av 1900-talet.
Huset eg bur i er ein av dei eldste og mest særprega bustadene i Tysnesbygda, lett å sjå frå vegen når ein køyrer forbi kyrkja. Det var på mange måtar rein slump at me kom til å kjøpa huset i 1986. Ekteparet som eigde eigedomen budde i New Jersey og hadde ingen nære etterkomarar som var interessert i å reisa hit, og sjølv byrja dei å bli for gamle til å ta seg av det romslege huset og den seks mål store hagen.
I åra som har gått er mykje gjort med både hus og hage. Men me har heile tida lagt oss på minnet å bevara huset slik det fortener - for det er ikkje berre gammalt, men det rommer også mykje av Tysnesbygda si historie. Det er ikkje reint få personar som har vore innom Breidablikk, anten på sundagsskule, bibliotek eller doktorbesøk. Me har freista ta vare på den gamle atmosfæren som best me kan. I kjellaren, der det i gamle tider m.a. var meierimottak, er det i dag galleri og kunsthandverk. Og på det vesle biblioteket, som var bygda sitt folkebibliotek med opningstid kvar laurdag, sit eg og skriv desse linene...
28. november 2012 vart huset totalskadd i ein brann, men er i dag bygd opp igjen og restaurert, med ei blanding av gammalt og nytt. Ein ny hundreårsbolk kan ta til...
Les meir om Breidablikk og staden si historie i Olav Skjellevik sin artikkel frå serien "Før og no" i bladet Tysnes.