Altartavle i gamle Ulvik kyrkje, ca. 1630.
David Petræus (1563 - 1642) vert inntil vidare ståande som siste leddet på mor si farsside - Bøe-familien. Han verka som prest i Trøndelag før han enda sine dagar som sokneprest i Ulvik og Granvin, der han døydde mest åtti år gammal.
Fleire kjelder har ymse å fortelja om David Pedersen, men diverre altfor lite til at eg kan anna enn å danna meg eit vagt bilete av han. Lampe si prestesoge kan fortelja at han kom frå Bergen, av fattige foreldre, og at han nytta namnet Crispus. Han nytta òg den latiniserte forma av Pedersen, Petræus. Det er slik me kjenner han som sokneprest i Ulvik, David Petræus.
Etter teologisk eksamen frå København vart han prestevigd om lag 1587 av biskop Hans Mogensen i Trondheim. Han fungerte som kapelllan i stiftet i mange år inntil han fekk ei stilling som kapellan i Vik og Kvinnherad. Først i 1608, 45 år gammal, vart han utnemnd til sokneprest i Ulvik og Granvin. Til gjengjeld vart han verande i denne stillinga fram til han døydde som ein gammal mann.
Frå tida i Trøndelag får me nokre små glimt av han i bokverket "Den Norske Kirkes Geistlighed i reformations-aarhundredet (1536-1600)" av A. Chr. Bang.
Her heiter det i eit avsnitt om Borgund, Grytten og Veø:
Kapellaner.
David
Var enten personel eller residerende kapellan i 1597, da han omtales i en retssag, idet han havde udstedt et brev angaaende en trolovelse (dombog af 1597, side 79). Han er vel den David Petræus, som Milzow omtaler (side 61).
Noko seinare vert ein konflikt med teologisk lektor Jens Anderssøn i Værdalen omtala:
Efter hans død søgte kapellanen i Volden David Pederssøn at trænge inn i kaldet paa grund af, at han, som oplyst (se Volden), havde faaet en præbende, der tidligere altid havde hørt sammen dermed. Men ved kongebrev af 4de april 1601 blev det fastsat af kongen, at Værdalens sognekald fremdeles som tidligete skulde ligge til lektorembetet ("Rigsregistranter" III, 625 flg.)
Ein reknar gjerne 1537 som eit slags offisielt årstal for innføring av reformasjonen i Noreg. Det vil då seia at David Pedersen - min 7-tippoldefar - høyrde til første generasjons lutherske prestar i Noreg, i ei ganske spesiell historisk tid, så full av omveltningar og konfliktar som det må ha vore. Kallet i Ulvik og Granvin kan seiast å ha vore ganske - eller relativt - ubetydeleg. Nett den ganske beskjedne karrieren hans, og det at Lampe skriv at han kom "af hæderlige, men fattige Forældre", har trigga meg til å finna ut meir om han - men enn så lenge leitar eg etter fleire opplysningar.
Derimot har David Petræus etterlate seg ei rik etterslekt som eg har ganske god greie på. Han var gift med Abelone Jensdtr, foreldra hennar veit eg lite om, men frå dei kan eg telja slekta nedetter gjennom århundra til det heile endar opp med mor mi og meg sjølv. I Hardanger Tidsskrift for 1936 heiter det at
Jakob og David (dersom ikkje David er forvrengjing av Daginn i 1520) er vel fyrst komne fraa Skotland. Seinare er David-namnet knytt til etterkomarane aat presten David Petræus i Granvin.
Kjelder
- Johan Fredrik Lampe: Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen utg. 1895
- Chr. Bang: Den Norske Kirkes Geistlighed i reformations-aarhundredet (1536-1600) utg. 1897.
- Hardanger Tidsskrift for 1936
På nettet: