Alfred Endresen Kjellesvik var født 29/6 1915. Født på Sundsteigen på Sunde. Det høyrde til Fjellberg då. - Foreldri budde fyrst i Sagvåg der faren arbeidde på eit skipsbyggeri. Det går visst enno. Alfred var nyleg på synfaring saman med sonen Magne, som no er busett på Litlabø. Einar som døydde seks år gamal var fødd i Sagvåg, og truleg Martinius òg. Einar døydde på Sundsteigen. - Dei var seks syskjen i alt. Alfred som nest yngst, altså nr. fem.
Familien i Gjersvik, ca. 1959. Frå v. Andreas, Margunn, Tormod (nabogut og søskenbarn) og Magne. Bak Signe og Alfred med Britt på armen.
I 1917 døydde mor hans, og straks etter døydde det vesle barnet som var berre nokre vikor gamalt. - Dette var ei tung tid for faren. Mens mori levde og den tid dei budde på Sundsteigen, arbeidde faren på Sunde skipsbyggeri. Då mori døydde var Alfred vel to år gamal, men husker sovidt mori. Husker han bar ein lommeduk burt til sengi hennar. Mori var i frå Nordfjord, og Alfred har enno eit brev som ho skreiv til foreldri sine i Nordfjord. Eit gulna, men verdfullt brev. Det var so fint skrive, og ho hadde slik omsorg for foreldri. Borni heitte i rekkjefylgje: Einar, Martinius, Ingeborg, Einar, Alfred, Hilmar.
Etter at mori, Helene, til Alfred døydde, måtte faren ha hjelp i huset. Det var då Anna Skorpen som overtok stellet. Henne som han seinare vart gift med. Same året kjøpte faren heimen Kjellesvik i Ølen kommune og byrja med skipsbygging der. Huset i Kjellesvik var gamalt og reparasjon måtte til. Vanskjeleg om både tid og pengar var det. Huset var kjekt, det. To stover, kjøken og liten gang med utedør. Tidlegare hadde visst utedøri vore i kjøkenet. So var det lem, som me sa før, sal og fleire skråkammers. Anna Endresen Kjellesvik heitte stykmori. Gilde folk, tykkjer me. Ho var snill og grei og gjorde ingen skilnad pa borni.
F.v. Alfred, Einar, Arthur, Hilda og Hans.
Det kom tre nye born i det nye ekteskapet, men ho var ikkje alltid so frisk. Etter ein barnefødsel var ho plaga av brystsvull. Doktoren foretok operasjonen heime i stova, og ho kom seg. Dei tre siste borni var Hans, f. 27/1 1919, Arthur, f. 14/3 1921 og Hilda, f. 5/5 1924. Eldste dålevande sonen etter fyrste ekteskapet, Martinius, vart sjuk. Tering (tuberkulose). Truleg var det det mori døydde av òg. Han var sjuk i mange år, ein sokalla gamalmannstering. Han døydde 29 år gamal i 1931 på eit sanatorium pa Voss, og vart gravlagt pa Voss. Faren, Einar og Alfred var i gravferdi. Me har eit bilete av han i vaksen alder. Han skulle vera uvanleg evnerik. - Ingeborg døydde i april 1926, altso fem år før Martinius. Det var òg tering. Ho var òg flink, sydde heil dress til faren sin so ung som ho var, var 16 år da ho døydde. Ho stelte vesle halvsyster si, Hilda, og var tolmodig og snill. To halvbrør hadde ho òg. Det var eit tungt slag for faren, det var femte gongen han stod på gravkanten etter nokon av sine, då Martinius vart gravlagd i 1931.
Alfred med borna og stemora Anna Skjellevik.
Alfred laut med dei andre tidleg læra arbeida. Han passa små-syskeni. Fann på mangt. Klatra opp i eit tre med ein onge, halv-broren Hans, under armen. "Ja, lukka er betre enn forstanden," får ein seia. Faren hadde skipsbyggeri nede med sjøen i Kjellesvik, og gutane arbeidde frå tidleg av hjå faren der. Det var verhardt og kaldt, og eg trur han fraus helsa av seg. Var lenge plaga av nyre-sjukdom og døydde i 1950, snaut 70 år gamal. - Alfred var tidleg ute i jobb, straks etter konfirmasjonen. Fyrst som gardsgut i helmbygdi, seinare på fiske. Ofte var det bomtur og ingi fortjeneste visst fiske var dårleg. Mange historiar har han frå den tidi. Men det var ikkje alltid moro, nei. Han vart liggjande sjuk ombord med høg feber. Truleg lungebetennelse, for han har enno ein flekk pa eine lunga, og er framleis innkalla til skjermbiletekontroll nar dei er her på Tysnes.
Vitnesbyrd frå Vestlandske Indremisjons Bibelskule i Bergen.
I 1940 gjekk han på Bibelskulen i Bergen, og har sidan truffe fleire av dei han gjekk saman med der. Han var då forlova med Bodil Lunde frå Ølen, men ho døydde 23 år gamal på sjukehus i Haugesund av blindtarm- og bukhinnebetennelse. Ho var einaste barnet til Seselie og Anders Lunde. Dei hadde før mist ein gut som liten. So no var dei barnlause, og det var ei stor sorg for dei. - Alfred bestemte seg for at han aldri ville gifta seg, men det 1øftet klarte han nok ikkje å halda. So i 1946 treftes me, og siste dagen i mai 1947 sto bryllupet pa Heggland i Tysnes. Stykmor til Alfred og mi mor hadde mykje å tala om. Dei hadde båe gatt for presten i tinghuset som då sto i Gjersvik, nede ved sjøen der Trygve Storetveit bur no. Det var handel og ymsa anna der i den tid.
Seselie og Anders Lunde tok i mot meg som ei dotter, og mange gilde minne har me etter dei. Fyrste gongen me vitja dei i Ø1en var Andreas snautt to år gamal. Magne låg i barnevogni. Seinare bygde dei seg hus, og me var fleire gonger der. Brevi gjekk i mellom oss, og kvar jol kom det pakke frå dei. Gåvor til borni i mange år, og det var stor stas med desse pakkane. Dei kom på alders- og sjukeheimen i Ølen då dei vart skrøpelege. Seselie var svært dårleg på synet i fleire år. Anders døydde fyrst, ho var ti år eldre enn han. Seselie døydde i 1975, nokre år etter han. Ja, ingen lever etter dei, berre gode minner som me tenkjer på med gleda. Borni teikna og skreiv til dei seinare når dei var større, og dei var so glade for det.
Konfirmasjonsattest frå 1929, Ølen sokn i Fjelberg prestegjeld.
Alfred var konfirmert i Ølen kyrkje i 1929 av presten Madland. Ein uvanleg gild mann. Etter at han var gift, fekk han helsa på han på ein huslydsfest i Våge. Han hadde slik Ijos og god smil, det var som heile andletet lyste opp når han smilte, og lettliva som han var, gjorde han det rett ofte. Han er død for ei tid sidan no, var nok sjuk og invalidisert på det siste, for i minneordet etter han stod det at han ynskte i ha staven med seg i kista. - Under krigen var Alfred med, den tidi den varte. Han gjekk då over Hardangervidda. Ein kamerat av han sa då: "Ja, kjem eg vel heim ifri dette, so skal eg gifta meg." Vel heim kom han, og gift vart han visst òg.
Alfred arbeidde jamnt og trutt heile sitt liv.
So var det no vanskjeleg om arbeid i fyrstningi av krigen, det vart no heist nabobeiner. Han kom seinare til Strandvik og arbeidde på ei sildoljefabrikk, noko han var van med fri unge år heime i Ølen. No kjøpte han hus. Det var på ein holme, det var to bruk der. Var kort tid der, so selde han huset og flytta til Nortveitgrend og arbeidde på skipsbyggjeri der og var der i nokre år. Seinare flytta han til Tysnes og byrja på skipsbygget i Lunde. Her var det so han møtte sin skjebne (meg) og vart Tysnesbygdar. Han har ei historie etter den tidi han arbeidde på Lunde Båtbyggjeri. Det var eit stort lager med bomull som dei bruka til bitane. Enkelte av arbeidsfolki nytta seg òg av det, og tok ein stor dott bomull med seg når dei gjekk på do. Eigaren av skipsbyggjeriet satte då opp ein plakat. Den lyddes slik: "Huden i enden kan nok beskyttes, om ikke renset bomull benyttes." - Far hans var frå Moster, og mens borni var mindre heime hos dei var heile familien på tur til Moster. Det var minnehøgtid ved gamle Moster kyrkje, og dåverande kong Haakon var der òg.
Aunheim i Gjersvik, heimen dei bygde først på 1950-talet. Her budde dei til Signe kom på sjukeheimen og Alfred fall frå.
Etter at me busette oss i Gjersvik fekk me uventa besøk av farsyster til Alfred og mannen hennar. Lisa og Sivert Totland frå Moster. Alle borni våre var då fødde, den yngste berre to år. Dei hadde ikkje born sjølve, og tykte det var stor stas med ei liti bornehand i si då me gjekk tur i vegen. Dei var eit par dagar. Likeeins var foreldri hans på besøk tidlegare, våren 1949. No var eldste sonen fødd, og husker far hans tykte det var stor stas i verta oppkalla. Heile navnet til og med "Andreas". - Me reiste ikkje so mykje i den tidi, men me var ein tur til Kjellesvik siste sommaren han levde. Me hadde då gutane, Andreas og Magne. Far hans døydde i 1950, om sommaren. Ein slitets adelsmann. Streng kunne han nok vera, men det var soleis i den tidi, og han var trass alt sterk i motgangen. No når me reiser til Etne, me har ei dotter som er gift der, reiser me gjennom Ølen og Etne. Fine jordbruksbygder båe to. Han minnest mangt når me køyrer gjennom barndomsbygdi, fortel kor ungdomen samla seg og viser meg skulehuset han gjekk i. Ja, eg tykjer mest eg kjenner folket der no. Men mykje er forandra der òg. Nye hus og store bedriftsbygningar.
Barndomsheimen er seld, det er Haugesundsfolk som bur der no. Dei har bygt nytt hus, det gamle er til nedfals. Eldste nolevande bror til Alfred har ættegarden på morssida i Nordfjord. Me var i bryllup der i 1966 til brordotter til Alfred. Fekk då besøkja andre av morsslekti hans. Fin sommar og fint varmt ver var det, so turen var litt av ei oppleving. Eit av dei gode minni. Seinare døydde farsysteri til Alfred, Lisa, som hadde vore hjå oss tidlegare. Alfred var då i gravferdi hennar. Ein heldt tale og sa blant anna: "Ja, Lisa har slete mykje." Då kom det surt frå ei kona: "Ja, me har slete andre òg!" Lang, pinleg pause, men kven andre tok ordet seinare enn den same kona, og då var det ikkje ende på skryt; men folk høyrte visst berre etter med eit halvt øyra då.
Alfred dreiv med birøkt på 1950-talet. Her med sønene Andreas og Magne.
Alfred arbeidde i Askvik på Os nokre år, men det vart slitsamt for meg med fire born åleine, ufør som eg var. Tidlegare dei første åri me budde her i Gjersvik, arbeidde han på møbelfabrikk på Gjerstad nokre år. Etter at han slutta i Os begynte han med høns. Stort hønsehus kom opp, men det gav litt lite, so det vart bygdearbeid (husabyggjing) på sida av. Seinare etter at me slutta med høns, ja, me har nokre tipper enno, gjekk han heilt over til husbyggjing, ja, snikkararbeid, som innredning og anna. Han er ein sokalla altmuligmann. Det kan eg skriva under på. Alt som han har ordna i huset, ja, eg veit mest ikkje kva han ikkje får til. Flink i huset med både vasking og koking om det trengs. Ja, han lagar like gode pannekaker han som meg. God helsa har han hatt og bra helsa har han framleis etter alderen, og det kjem vel med då eg ikkje alltid er so bra. Han har no ei vond aksl og skulder). Det er nok slitasje, men han kallar det berre for ritaskap.
Sjefen for Lunde Båtbyggeri skreiv og ville gjerne ha Alfred tilbake etter krigen.
Syskeni hans, tri gutar og ei jente, er spreidde rundt omkring. Einar på ættegarden i Nordfjord. Hans bur på Bjelland på Stord. Arthur på Stjernarøy ved Stavanger, og Hilda på gard på Innbjoa. Det har alltid vore godt samhald i familien.
Det budde ein familie på Romsa, ein holme ein times roing frå Kjellesvikji. Det budde visst fleire husstander der. Den eine husstanden hadde 19 born (eitt ekteskap). Fatigt var det, men dei vaks opp alle. Har hatt høve seinare til å helsa på fleire av dei. Det var nok fisk, poteter og fiskelever som heldt liv i dei, men store og sterke vart dei no. Ja, det er rart der som det er liva laga.
Ein dag skulle kona burt, mannen skulle då passa borni. Om kvelden jaga han dei inn som ein annan saueflokk. Kona spurde då ho kom heim korleis det hadde gått. Jau, bra, men ein var so uroleg at dei måtte bitta han. Dei gjekk rundt og såg på dei sovande borni og kom til han som var so uroleg at han måtte bitta han. "Hjelpe meg! Det er ikkje vår!" sa kona. - Biler var det nøgdi av der heime. Det var jo landfast, og privatbilar og busser køyrde til Haugesund.
Han fortel at dei laga leikehus som born, men so mangla dei gardiner. Var då på lemen og klypte av ei hardangerbord, tenkte det kunne kje vera noko gale, men sjenn vart det nok, trur eg. - Ein nabogut heime i Kjellesvik, Laurits, var ute og ståka um kvelden saman med brørne sine. Men dei kom ikkje inn til kveldsmat, so fekk dei ingenting. Foreldri låg i stova, og på kokeomnen i stova stod komlegryta som var kveldsmaten.
Dei var svoltne, men no var gode råd dyre, men dei fann på råd. Dei gjekk på lemen, og det var luka i stovetaket so varmen skulle gå opp. No fann dei seg ei stong med ein pigg i og stakk gjennom luka ned i komlegryta, og fiska opp den eine komla etter den andre, til dei mette og gode kraup til sengs. Han var ung då, Lauritsen. Eg helsa på han i 50-åra. Han var då ein eldre mann, og er no død for lenge sidan.
Til Hollywood-filmen "The Vikings" (1958) var Alfred med og bygde tre vikingskip på båtbyggeriet i Lunde. Til sjøsettinga fekk skuleungane frå heile øya vera med. Andreas til v. med hue.
Det var ikkje elektrisitet der heller i den tid, so dei måtte fyra med ved til koking både sommar og vinter. So vedhogging vart han tidleg vant med, og fekk tidleg kjenna ansvar. Sykona med symaskin vart henta når det skulle sys kler til gutane. Dei brukte kortbukser til dei fekk konfirmasjonskler. Då byrja dei med langbukser. Dei skulle passast på, og han lurte seg bort i ei krå og hadde broki på i all stillhet. Etterpå ville sykona passa. Nei, det var gjort det, let han. Det var ikkje kjekt å passa kler so alle såg på. Alt gjekk jo føre seg i stova, og so stå der i berre underbroki. Kor det vidare gjekk veit eg ikkje, men kler vart det no allikevel, om det var sjeldent. Økonomien var dårleg som rimeleg var, mykje sjukdom som det var i heimen.
Då Martinius skulle reisa på sanatoriet på Voss, skulle det syast ny dress til han. Kjolen til stykmori var då laga til fôr. Ho trongden sikkert sjølv, men slik var det. Det laut sparast på alle kanter, og lite og inkje var det å spara av. - Har tidlegare nemnt når me reiser gjennom heimbygdi hans, fortel han kor Monsa-butikken stod, den er no reven. Der samlas folk, og det var ikkje lukkingstid då som no. Syns eg ser gamlekarane set på benken og tyggjer skrå. Spyttebakken vart flittig nytta, og det var ikkje alltid dei traff rett og spytteklysa havna på sida. Dette var vanleg rundt i bygdene då. Fekk og sjå staden der han var som dreng 15 år gamal og saman med husbondsfolket stod han med hesi dei hesja i. Einkvan tok bilete av dei der med husi og der dei såg ut over Ølensvågen. Det biletet har Magne måla, og det har vore på mange utstillingar og seld til basarer og elles. Ja, det var interessant å sjå staden der biletet var teke. Alfred med hårluggen ned i panna. Det har nok minska litt med håret, som rimeleg er. Husbondsfolket han var hos er døde for lenge sidan. Kan fortelja at Britt, yngste dotter vår, snakka med ei gamal kona på Onarheim som kunne fortelja at ho hadde vore saman med Martinius på sanatoriet på Voss, han fekk helsing frå henne. Ho var nok og ung då. Skulle vore interessant å snakka med henne.
Som born var det mange beskjeder borni måtte gå med. Det var jo ikkje telefon i husi då. Då var det berre til dei fekk høyra: "Takk skal du ha. Flink gut." Det hende det vart eit eple for umaken, men det var visst sjelden det.
Gutane bar vedbøri heim frå marki. Det var older og bjørk som vaks der. Den tid det var arbeid med sjøen, vart det nok noko ved derifrå òg, men det var perioder det var lite og inkje arbeid der. Det skulle ikkje lite ved til huset, om vinteren til varming i stova, og til koking på kjøkenet heile året. Brake vaks der òg, ikkje høg brake, som i Nordfjord og i Etne-fjelli. Dette var ein lågare sort.
Alfred tok seg alltid god tid med avisa. Han abonnerte på "Dagen" i mange år, men den siste tida var det BT han las.
No er Alfred eldre enn faren då han døydde. Hausten 1985 bar han det tiende barnebornet sitt til dåpen. Godt gjort, synest eg. Det var ein høgtidsdag, og mange av barneborni var med. Barnet vart kalla Jorunn, og var då nesten eit halvt år gamal. Ja, mykje kunne det vera å fortelja, men eg får slutta med dette.
Voner det kan ha interesse for dei som les det. Synest det er både rett og godt for borni og seinare barneborni å vita litt om farsslekti si, og korleis med levde før i tidi.Litt opplysningar om besteforeldri til Alfred på morssida og farssida: Besteforeldri på morssida i Nordfjord heitte Ane og Martinius. Besteforeldri på farssida på Moster heitte Ingeborg og Endre.
Me har eit fint fat med gulroser på veggen, det er frå besteforeldri i Nordfjord. Likeeins på same staden ein flott kopp med gulkanter og gylte roser på. Det står "Erindring" på den. Me har òg koffertkista til søsteri, Ingeborg. Det er berre Alfred og Einar att etter det fyrste ekteskapet.
- Signe Kjellesvik ca. 1990