7. kap A. K. Ødegaard - redaktør og metodistprest

Anton K. Ødegaard - avisredsaktør og metodistprest.

I det førre kapitlet har eg fortald litt om Ingebrigt Bøe, kona Anna og staden dei kom frå, Manger - og slekta vart såleis ført fram til den generasjonen som var min morfar sin tidsalder, byrjinga på 1900-talet. Så la meg no ta ein avstikkar den andre vegen og fortelja litt om mor sine besteforeldre på morssida. Og då må me austover, nærare bestemt til Mysen utanfor Oslo.

Sjølveigande bønder i Østfold

Mor si mor kom frå Austlandet, frå Mysen. Ho heitte Anna Josefine og var fødd i 1876. Far hennar heitte Anton Kristensen Ødegaard , fødd 1856 i Trøgstad , død 1928 i Mysen. Mora sitt namn var Karoline Emilie Johansdatter, fødd 1859 på Ultvedtskogen, død i Mysen november 1900. Far hennar var "Gaardbruger og Selveier" Johan Olsen, fødd 1825, gift med Karen Fransdatter, fødd 1828. På garden hadde han "3 stort kveg" og "2 får", og dyrka elles kveite, rug, bygg, havre og poteter. Ingen stor gard, men han eigde den trass i alt sjølv. Etter dei har eg registrert to jenter, Karoline Emilie (som nemnd over) og Anne Regine, men det kan ha vore fleire.

Litt meir velstand var det på garden som Anton kom frå. Faren, Kristen Andersen, som var fødd 1810 i Trøgstad og død 1887, var gift med Anne Fransdatter frå Askim, fødd 1822, død 1881. I kyrkjeboka for Trøgstad 1856 skrivest namnet Christen Andersen Kjersag. Fødeår ser etter folketellinga i 1865 ut til å vera 1814 (?) - ettersom alder i folketellinga er 51 år. Kristen er sjølveigande bonde. På garden er det ni stort kveg, fire får, og det vert dyrka kveite, rug, bygg, mykje havre, erter og poteter. Det var ein "Tjenestekarl" og ei "Tjenestepige" på garden i 1865. Med andre ord fortel det oss om ein gard som langtfrå er nokon rikmannsgard, men solid nok. Dei hadde minst to born, Anton og søstera Maren.

Omvend til metodismen

Frå denne garden kom altså mor sin morfar, min oldefar, Anton Kristensen Ødegaard. Han var på mange vis ein særs spesiell mann, og hans religiøse val skulle koma til å setja sitt preg på familien, eg hadde nær sagt til denne dag.

Anton vart nemleg metodist - og ikkje berre det, men han vart også pastor i kyrkja. Eller rettare sagt prest, som han i det minste vert omtala som i folketellingane. I dag er det vel slik at prestar i Metodistkyrkja er teologar på line med t.d. prestar i Den norske kyrkja - slik var det neppe i Noreg på 1800-talet .

Metodismen er ei retning innan kristendommen med ca. 80 millionar tilhengjarar i dag. Kyrkja vart grunnlagt på 1700-talet av brørne John og Charles Wesley. I byrjinga hadde kyrkja mykje til felles med den seinare pinserørsla. I dag er det ikkje lange spranget over til Den norske kyrkja. Det er ei etter måten stor og moderne kyrkje, med ca. 15 000 medlemmar og over femti kyrkjebygg kring i landet.

Då metodismen kom til Noreg var det ein utprega lågkyrkjeleg rørsle, og det var helst i industribyar, innan arbeidarklassa, at det vart etablert kyrkjelyder. Til Noreg kom metodismen i 1850-åra, omlag på den tida då Anton vart fødd. Kyrkja spreidde seg raskt kring i landet, då helst i arbeidarstrok. Metodismen vart såleis eit byfenomen og vann aldri fotfeste på landsbygda.

Om Anton kan ha fått metodismen frå sin far veit eg ikkje. I alle høve meiner eg å vita, etter det mor fortalde, at han fekk utdanninga si som pastor i Sverige på eit eller anna tidspunkt - det er ein av dei mange tinga eg kanskje kan finna ut av på sikt, men som me diverre må la liggja her. Sjølv fortalde han at han ønskte å bli lege, men faren meinte det var ikkje råd. "Du får vera heime og arbeida med jorda, du som meg," sa faren. Og slik vart det inntil Anton var omlag 30 år gammal. Då reiste han ut som forkynnar, og på sin veg land og strand rundt grunnla han også fleire mindre verksemder.

Anton Kristensen Ødegaard. Henta frå boka "Strømme af naade", 1909.

Avisredaktør

I 1899, like oppunder jul, vart det starta ei ny avis på Mysen: "Indre Smaalenenes Avis". Utgiver og redaktør var Anton Kristensen Ødegaard.

Metodistrørsla spreidde seg etter måten raskt i Østfold. Metodistkyrkjelyden i Eidsberg høyrde til det eldste dissentersamfunnet på dei kantar. Det tok ikkje lang tid før det også vart etablert ein kyrkjelyd i Askim, der det med jamne mellomrom vart halde møter.

Leiaren for kyrkjelyden var Anton Kristensen Ødegaard. Han hadde tittelen pastor. Til liks med Hans Nielsen Hauge, som også var østfolding, hadde han fått eit kall frå Gud medan han gjekk og pløygde jordet heime på garden på Kjærsag i Trøgstad - og som Hauge før han skulle Ødegaard også koma til å verka over store delar av landet. I beste Hauge-tradisjon var han også ein praktisk anlagt mann, full av tiltak og virkelyst.

Nett dette kjem fram i ei preike han heldt, med tittelen "Vort Ideal". Her skriv han at ein bør freista "at opnaa en god, kraftig, mild, ædel, aaben, ærlig og ophøiet Karakter." Det er store ord, men Ødegaard var godt likt, fortel lokalhistorikar Olav Zakariassen, og flink var han òg. Han var ein mann som fekk gode skussmål frå mange kantar. Advokaten og skribenten Herman Thoresen skriv såleis i ein artikkel i Indre Smaalenenes Avis sitt jubileumsnummer i 1919 at han ikkje kunne hugsa noko særleg frå avisa sine første år - "kun dette ar redaktøren var en venlig Mand".

Ødegaard var 43 år då han i 1899 grunnla avisa. Han hadde då budd i Bergen ei lang rekkje år, der han var pastor i metodistkyrkja. Då han kom tilbake til Mysen hadde trusfellane hans bygd ei kyrkje der, så pastoren har nok kjend det slik at tilhøva låg godt til rette for å ta fatt på meir verdslege arbeidsoppgåver. Dermed vart det til at han bestemte seg for å starta ei avis.

Sjølv sa Ødegaard noko humoristisk at han var lei av å stifta plakatar på husvegger og lyktestolper, så difor grunnla han Indre Smaalenenes Avis for å ha ein stad å kunngjera møtene på ein meir rasjonell måte.

Mysen anno 1903. Metodistkyrkja til venstre i biletet. Indre Smaalenenes Avis var ein publikasjon med eit program, utforma av redaktør Ødegaard.

Trykkeriet til Indre Smaalenenes Avis vart starta i den vesle bygningen til høgre, i 1906.

Abonnentane som henta sitt aller første nummer av Indre Smaalenenes Avis

på postopneriet fekk julelektyre i tilnærma tabloidformat - omlag to og ei halv side med lesestoff og ei halv side med annonsar. Stoffet var trykt med dels gotisk og dels latinsk skrift. Heile tre illustrasjonar hadde funne vegen til forsida - ei teikning av Eidsberg Herreds Hjem for gamle ubemidlede, samt portrettar av bestyrarparet. Dette var ei viktig sak for ei lokalavis, forstår me.

Annonsane kosta 10 øre pr line, minimum 25 øre, og det var dobbel pris på førstesida. Årsabonnementet kosta 1 kr i året og tilsvarte ca. eit dagsverk for ein arbeidar - det var altså ei avis som dei fleste hadde råd til å halda.

Ødegaard hadde utarbeidd eit program på fem punkter for avisa. Bladet skulle koma ut kvar fredag og innehalda referat frå herredsstyremøta, og lesarane skulle få med seg dei viktigaste etterretningane frå inn- og utland. Det skulle leggjast vekt på alt som kunne fremja jordbruk og industri, og "Indre Smaalenenes Avis tager intet politisk Standpunkt, men lader den Sag diskuteres fra de forskjellige Sider". No høyrest jo dette siste ganske rimeleg ut, men det var faktisk eit ganske uvanleg standpunkt på den tida, då dei aller fleste aviser i landet tok klart standpunkt for eit politisk parti.

Men på eit punkt lot Ødegaard sine eigne preferansar slå gjennom. Øvst til venstre på førstesida stod ei "Erindringsliste" der metodistkyrkja sine møte i jula vart gjort kjent. Her ser me redaktøren i si andre rolle, som prest. Han skal leia gudstenesta både første juledag og "2den Juledags Form."

Etter 85 nummer selde Ødegaard avisa til eit interessentselskap, som for ein stor del heldt fram med drifta i grunnleggjaren sin ånd. Og som sagt - avisa kjem ut den dag i dag og ser ut til å vera ein sprek og oppegåaande 112-åring.

Redaktør Ødegaard var også pastor. På forsida av avisa vart julepreikene avertert.


Til Kragerø

Kor lenge han vart buande på Mysen etter at han selde avisa skal vera usagt. Ti år seinare finn me han i Kragerø. Her har han adresse Hovedbyen 276b, "vaaningshus med butik". Familien bur i andre etasje, leiga er 20 kr mnd. Hushaldet tel fire personar: Karen Fredrikke 34 år ug,, Arthur 17 år ug og Ragnhild 14 år. Karen Fredrikke tek seg av hushaldet, medan Arthur arbeider som "Handelsbetjent". Anton er som før pastor i Metodistkyrkja, no i Kragerø. I 1928 døydde Anton på Mysen, der han hadde bygd ein villa nokre år i forvegen.

Karoline Emilie hadde døydd frå han allereie i 1900, på Mysen, medan han framleis gav ut avisa der. Saman fekk dei sju born: Anna Josefine (1876), Karen Fredrikke (årstal manglar), Kaspara (1885), Karl Johan (1888), Arthur (1893), Johan (årstal manglar) og Ragnhild (1896). Dei hadde også ei pleiedotter, Anna Sakslund som var fødd 1884.

Anna Josefine vart altså fødd 1876, då Anton var berre 20 år gammal og Karoline Emilie var endå yngre - 17 år. I kyrkjeboka ser eg at han ikkje nytta Ødegaard-namnet, men hadde teke namnet sitt etter garden, eller bygda, der dei levde - Kjærsegg i Trøgstad. Og frå 20-årig nybakt far med ei 17 år gammal hustru gjekk han altså til å bli både redaktør og pastor!

Anna Josefine frå Mysen og Olav Martin, fødd i Bergen, er mine besteforeldre på morssida. Mor og hennar søsken vaks såleis opp med metodistkyrkja som det naturlege utgangspunktet - og det er også grunnen til at eg sjølv står som (passivt) medlem av denne kyrkja den dag i dag. Meir enn noko, kanskje, illustrerar det at me i høgste grad er eit produkt av vår eiga slektshistorie. Anna Josefine brakte såleis metodismen med seg inn i Bøe-familien, då ho gifta seg med Olav Martin, son av Ingebrigt Bøe, som var med under bygginga av Lysøen - eller kan Bøe-folka ha vore metodistar frå før av, og at det var i kyrkja dei møttest?

Kjelder

  • "Øvre, Indre og andre. Presse- og mediehistorien i Indre Østfold 1899 - 2000" (Olav Zakariassen. 2001)
  • Faksimileutgåve av Indre Smaalenenes Avis. No. 1, Fredag den 22. December 1899.
  • Strømme af Naade - en Prædikensamling. Med Billeder og Biografier. Norsk forlagsselskap. Kristiania, 1909
  • Ein stor takk til journalist Tom Helgerud i Smaalenenes Avis!

På nettet: