Appendiks IV: Heggland

Gamlehusa på Heggland.

Svigermor mi Signe Kristine Kjellesvik (1918-2006) ætta frå Ølve på morssida, medan faren Vermund Heggland var av solid Tysnes-ætt. Fleire av anane hennar, og sysken og born med. er personar med ei interessant livssoge.

På desse sidene er samla litt om desse personane, som alle på forskjellig vis har vore utstyrte med ein særleg kunstnargjevnad.

Sjå i sidemenyen!

Gamlahuset på Heggland vinterstid.