I 2008 drog eg ut på ein ekspedisjon med to kolleger i sogelagsmiljøet på Tysnes, med kurs for Evanger. Me skulle dit og halda foredrag og visa film.
Men først må me 150 år tilbake i tid. Då flytta diktaren Claus Pavels Riis til Tysnes. Her hadde han kjøpt ein større gard på Nymark. Bak seg hadde han ein suksessrik tid i Kristiania som lystspelforfattar, m.a. med komedien "Til seters" som framleis rullar og går på norske bygdescener. Men noko å leva av var det ikkje, så dermed tok han jordbruksutdanning og fekk altså kjøpt ein gard her vestpå. Riis var bergensar, og vegen til byn og danna selskap ikkje altfor avskrekkande lang.
Men suksessen som forfattar skulle ikkje koma til å vara. Dei seinare stykka hans, "Julegæsten" (1852) og "Han har det strengt" (1865) gjorde inga større lukke og vart snart gløymd. Bortsett frå ein av songane i det sistnemnde stykket: "Anne Knutsdotter". Visa kan mest seiast å ha gått inn i folkevisetradisjonen her i landet.
Det har i seinare år vore diskutert kor Uren Luren eigentleg låg, og kven som kan ha stått modell for Anne Knutsdotter, ettersom fleire stader i Noreg har gjort krav på å vera heimstaden for Uren Luren. I den grad Riis kan ha brukt levande modellar for personane i teksten, er det likevel mykje som tyder på at Uren Luren kan ha vore plasset Heio under Berge i Vattedal på Onarheim, på Tysnes, og at Anne sitt eigentlege namn var Herborg. Heio vart såleis utropt som vinnaren i namnestriden i tv-programmet "Norske attraksjonar" 2009.
Men før det kom så langt vart det altså strid om kven som eigentleg kunne gjera krav på Anne Knutsdotter. Tysnes stod sterkt - men som sagt fanst det også andre stader i landet der ein med god grunn kunne gjera krav på Anne - ikkje minst i Evanger, der det faktisk finst ein plass som heiter Luren. Og ikkje berre det, men det levde bevisleg ei kvinne ved namn Anne Knudsdotter der...
Og det var altså dit me skulle denne dagen. Ei tid i førevegen hadde no avdøde lokalhistorikar Atle Bolstad heldt eit foredrag på Tysnes, der han gjekk nøye gjennom "bevismaterialet" og konkluderte med at Tysnes måtte vera rette heimstaden for Anne Knutsdotter - trass alt. Så stod det berre att å overbevisa sambygdingane hans. Så dermed rusta med oss ut med foredrag og power point, og ikkje minst filmen "Til Sæters" frå 1924 som ein ekstra godbit - og samfunnshuset i Evanger, nærare bestemt Valhall, Bolstadøyri Ungdomshus, var stuvande fullt.
Alt gjekk bra heilt til me kom til filmen. Det viste seg at dvd'en me hadde med oss var tilnærma tom. Ingen film - berre 8 min. Ganske så pinleg. Men det skal seiast - folket der tok det med fatning.
Atle Bolstad peikar i retning Evanger, lokalhistorikarkollega Olav Skjellevik peikar i retning Tysnes.
Men så til poenget: På føremiddagen, før foredragene våre og den mislukka filmframvisinga, tok Atle Bolstad oss med og viste oss staden som verkeleg heiter Luren. For anledningen tok eg eit bilete - Atle Bolstad peikar i retning Evanger, kollega Olav Skjellevik peikar i retning Tysnes.
Så går tida.
Fleire år seinare kjem eg tilbake til denne staden, til fjellgarden Luren - ikkje fysisk, men på papiret. Slektsforskinga mi leier meg til Evanger - og til garden Luren. Og ikkje berre det, men her finn eg Anne Knutsdotter, mi eiga kjødelege tipp-tipp-tipp-tipp-oldemor!
Diverre var me ikkje oppe på sjølve garden, det var ikkje tid til det og det såg bratt ut. Men i Evanger-boka red. av Johannes Gjerdåker utg. 1982 finn eg både opplysningar og bilete av garden, som etter kvart vart delt opp i fleire bruk.
Det har truleg budd folk lenge på Luren. Det for oss noko pussige namnet har truleg samanheng med giljane som ligg på båe sider av avsatsen der tunet og heimebøen ligg. Det heiter "Han bur pao Luré, ska aot Luren," fortel Gjerdåker. I samansetnad: Luraberje. Frå 1695 kjenner me namnet som Luuren, i 1723 Luren, som i dag. I 1695 er garden nemnd som øydegard, det tyder på busetning før Svartedauen, dvs. i mellomalderen. Den første kjende eigaren budde på garden i 1691.
Det vil føra for langt å ta for seg heile gardshistoria, men i 1742 vart garden skøytt til Johannes Anderson Århus, fødd på Langeland i 1704. I 1730 vart han gift med Anne Knudsdtr frå nabogarden Brekkhus, fødd 1709. Dei fekk fem born saman, mellom dei den einaste dattera Guro, fødd i 1734, som er mi tipp-tipp-tipp-oldemor. Stort meir fortel ikkje soga, anna enn at Anne gifta seg opp att i 1744 med Tormod Olson Bjørgo.
Far hennar var soldat Knut Gulleikson. Han fekk i 1709 tinglyst bygselbrev på Brekkhus i Evanger på 1 pd smør. Bygselsetelen vart seinare oppattnya på halvtanna pund. Namnet på kona - altså mor til Anne - kjenner me ikkje, fortel Evanger-boka. Anne hadde tre søsken - Gulleik, Ole og Brita.
Men for meg, som har engasjert meg så mykje i historia om Anne Knutsdotter frå Uren Luren og Claus Pavels Riis som budde på Nymark på austsida av Tysnes og har heldt så mange foredrag om både Riis og argumentert for at Anne K. er heimehøyrande her hos oss, var det ganske så fantastisk at eg har ei kjødeleg 4xtipp-oldemor som budde på Luren og heitte Anne Knutsdotter! Akk, så gjerne eg skulle likt å spørja Claus P.R. om kvar han hadde det namnet frå!
Kjelder