Andreas Endresen (1880-1950) - Skipsverven i Kjellasvik

Nybygd fartøy etter sjøsetting i Kjellasvik.

Grunnlaget for busetjinga langs kysten vår er jordbruk, fiske, handel, sjøfart og anna som har med båt og industri å gjera. Ikkje minst oljeindustrien. Ein kan vel og seia at båten er symbolet på den gamle kystkulturen. for båten var livsgrunnlaget, for fiske t.d., og båten var bindelekken mellom menneska som budde på og langs kysten vår. Forskarane er ikkje samde om det var skinnbåten eller stokkbåten (uthola trestamme) som var den første. Men ein kan vel seia at utviklingslinene går frå skinnbåten eller stokkbåten og fram til alle dei ulike båttypane som seinåre vart skapte langs kysten vår.

Ved vervane bygde dei etterkvart store seglskuter, men desse måtte etterkvart gje tapt for dampbåten. Nordlandsfarten var og lenge viktig for folk i bygdene våre, skutene som gjekk til Nord-Noreg for å henta fisk. eller dei gjekk i fraktefart langs kysten og til framande kyststrok.

Tradisjon

Kunsten å byggja båtar har med tradisjon å gjera. Dette kunsthandverket gjekk oftast i arv frå far til son. frå meister til lærling, frå røynsle med bruk av båt eller studium korleis båten tedde seg på vatnet. båten skulle ha vakre liner, den skulle vera stodig og god på vatnet. Kort sagt: båten skulle ha sjel. Og ikkje minst skulle han lagast av utvalde materialar frå skogen.

Ølen har lange og rike tradisjonar når det gjeld båt- og skipsbygging. Denne tradisjonen går langt attende i tida og fortel om båtbygging i mest kvar ei lun vik i kommunen. Mange stader vart det bygt berre ei skute eller to. medan det på andre stader var lenge jamn bygging på vervar langs strendene i kommunen. Bjoa-området merkar seg kanskje ut i så måte. Der gjekk det føre seg skutebygging frå byrjinga på 1800-talet - storste aktiviteten kanskje på Sandviksanden - der dei bygde storre seglskuter frå 1850-talet og fram til arhundreskiftet. Seinare vart det berre bygt færingar der.

Men namn som Gardavikjo, Jektevikjo og Galeasvikjo fortel òg om denne tida. Berge Sag og Trelastforretning dreiv med båtbygging - skøyter og kuttarar av ulik storleik, og ombyggingar og reparasjonar frå 1930-åra og fram til 1950-åra. Harald Oma på Utbjoa bygde fine snekker i tre frå sist på 1940-talet og utover til ikring 1980. Ei tid bygde han snekkene i plast, men dei siste åra han dreiv, synte han sine meisterlege kunster med færingar i tre. Nils Asbo på Utbjoa var òg ein meister i trebåtbyggjarkunsten, medan Harald Tofte på Innbjoa dreiv det med plastsnekker. på Romsa budde Lars Valland som bygde færingar før krigen. Det var den gongen ein fin færing kosta 60 kroner. Alle desse linene fører oss fram til Ølen Skipsindustri og West Con som star føre bygging av moderne fiskefarkostar. Og endeleg skal nemnast verven i Kjellasvik som me skal sja nærare på i denne artikkelen.

Etter ei tid i Kvinnherad busette Andreas Endresen seg i Kjellasvik i Ølen, for å vera nær arbeidsplassen. Frå verven vart det levert båtar i 40 år. (Foto: Margunn Kjellesvik)


Garden Kjellasvik

Få gardar i kommunen har så mange gravminne frå heidensk tid som Kjellasvik, heiter det i bygdeboka for Vågen. Der finn ein òg opplysningar som syner at garden er gamal, rydja i førkristen tid. Av serleg interesse er to utgravne gravhaugar på brnr. 8 - Aunheim - bruket me skal konsentrera oss om i denne artikkelen. Det gamle namnet er Auno som tyder øydegard. Namnet Kjellasvik har ikkje vore lett å tyda. Prof. Magnus Olsen har såleis tenkt seg ei avleiing av ordet Kjøl (skipskjøl). I norrøn tid heitte garden Kjellesvik som truleg tyder vika ved kjellane (avsatsar/ terassar i fjellgrunnen) i bygdetalen kjeldar. Garden har vore mykje oppdelt ut gjennom tida, fortel forfattaren av bygdeboka - Anders Haugland.

I 1899 fekk Mons Severin Kjellesvik utskilt ein part av brnr. 6 - Kjelland. Denne nye parten av eigedomen fekk namnet Aunheim. Den gamle Auno låg på denne eigedomen. I 1918 selde Mons Severin denne parten/eigedomen til Andreas Endresen. Her bygde han ein skipsverv i stranda, og her bygde og vølte han mange slags farty, visstnok fleire enn på nokon annan verv i Ølen.

Andreas Endresen og kona Helene.

Ein skipsverv vert til

Andreas Endresen (1880-1950) var son til Endre og Ingeborg Andersen Boroy på Moster. Han vart gift med Helene M. Reksnes (1880-1917). Dei fekk seks born, men fire av dei døydde unge. Dei to som vaks opp var Einar f. 1913 og Alfred 1915. I 1917 døydde Helene, og Andreas gifte seg oppatt med Anna Johanne Skorpen (1878-1960). Dei fekk tre born saman, Hans, Arthur og Hilda.

Andreas Endresen kom tidleg ut i arbeidslivet. Han gjekk i skipsbyggjarlære hos Ottesen skipsbyggjeri i Sagvåg på Stord, og her vart han verande i åra etter. I 1912 slutta han der for å byrja med båtbygging for eiga rekning. Han kjøpte då småbruket Sundsteigen ved Valen i Sunnhordland. Dette bruket låg eit stykke frå sjøen. men han fekk ordna seg med ein plass i stranda i nærleiken. Men avstanden mellom bustaden og båtverven var såpass stor at det vart tungvint i lengda å ha det slik. Han såg seg difor om etter ein annan stad, og i 1918 kjøpte han småbruket Aunheim i Kjellasvik i Ølensvag. Der var det fint og romsleg strandområde og ei lun vik. Her var der òg eit lite fossefal! som kunne utnyttast til kraftuttak, men dette vart det likevel aldri noko av. Andreas visste likevel råd med kraftkjelde. Han kjøpte ein 9 hk firetakt båtmotor som seinåre var drivkrafta på verven. Motoren var stor av omfang, gamal og rusten, men han tøffa og gjekk trufast heile dagane utan nemnande tilsyn. Det var ein motor som kunne yta mykje meir av kraft enn det han var oppgjeven til. Brenselet til motoren var dieselolje som var billig i dei dagar. Ennå i dag står den gamle motoren i stranda, sprukken. rusta og stygg, men eit interessant minne om fordums kraft.

Her i stranda i Kjellasvik bygde så Andreas Endresen opp det han hadde bruk for av slippar, bryggje og bygningar. Slett ikkje av imponerande prakt, men nyttige nok til at han kunne driva med det han hadde tenkt seg, bygging av mindre båtar. skøyter og kuttarar på opptil 80 fot dei største. Reparasjonar og ombygging av båtar var òg aktuelt å utføra.

Ein litt større bygning hadde han til byggeplass for dei mindre båtane, medan han heldt til ute på slipp med dei storre skutene under eit overbygg med bølgeblikkplater. Han hadde elles eit lite lagerhus og eit naust, alt enkelt og primitivt, berre kledde med vanleg enkel bordkledning. Eit lite rom i den største bygningen var likevel isolert og med ein liten omn inni til bruk i surt og kaldt ver. Eit lite ankerspel ute ved slippane var til å dra båtane opp på land med. Eit anna står framleis i strandkanten - nesten gøymt og gløymt. Av teknisk utstyr elles hadde dei ei bandsag driven av den nemnde motoren. Hjelpemidlane elles var handverktøy som øksar (biler) - sag, navarar, høvlar og anna som høyrer til på ein slik verkstad.

Inne i hovudbygningen hadde dei ein innretning for steaming av materialane som skulle formast på spanta av båtane. Dette var ein lang, tett, kvadratisk kasse som steamen vart sendt inn i saman med planken for å mjuka materialane opp. Og med denne innretninga kunne dei mjuka opp plank på opptil 1 1/2 toms tjuknad. Og når planken var steama var det om å gjera å få han raskt på plass på spanta. På lageret hadde dei elles nesten alt av mindre deler som dei hadde bruk for i det daglege arbeidet.

Materialane kjøpte Endresen frå skogeigarar i nærleiken, tommer som han fekk skore på saga på Berge. Men han kjøpte òg ein del ferdig skorne materialar der frå.

Romsakutteren bygd etter 1918.

Ein av dei første båtane som vart levert frå verven i Kjellasvik var ein kutter som Reinert Romsa kjøpte. Den fekk namnet M/K "Minde", men han som kjøpte kutteren i 1931 av Reinert - G. Hjertager - Onarheim i Tysnes - kalla han for "Romsadampen" til dagleg. Kutteren var 35 fot og hadde ein Dahl motor på 10 hk - ein Rubb-type motor. I 1943 vart kutteren vidareselt til Sogn. Det var som nemnt farty av ulik storleik som vart bygt på verven i Kjellasvik, frå 80 fot og nedover. Mange var nybygde, andre fekk større eller mindre reparasjonar utført der. Og nokre var så omfattande i reparasjon at det nærast kunne kallast for nybygg.

Vanskelege tider for skipsbygging

Dei vanskelege 1920- og 1930-åra nådde også verven i Kjellasvik. Bankkrakk, og pengemangel blandt folk flest - og mangel på tiltak - førde til arbeidsløyse. Dei som hadde bruk for å kjøpa eller reparera båtar hadde vanskar med å skaffa pengar til det, anten dei dreiv fraktefart eller fiske. Arbeidet på verven i Kjellasvik stoppa difor opp i visse periodar, og Andreas Endresen laut i slike periodar finna seg annan arbeidsplass. Småbruket vart nok for lite å leva av - eit par kyr og nokre høns. Men ein dugande båtbyggjar som han var, sa var det ikkje vanskeleg å koma att til tidlegare arbeidsgjevar. Men utpå 1930-talet ljosna det - og det auka med aktiviteten bade innalands og utanlands. Diverre var det vel den politiske situasjonen i Europa som var noko av årsaka til det. Tyskland rusta seg nemleg til krig. Men det førde til at folk flest lettare kunne få lån til tiltak, også dei som skulle skaffa seg fiske- og fraktefartøy. Det same galdt dei som matte få reparert og ta att forsømt vedlikehald av båtane sine.

Verven i Kjellasvik fekk i desse åra og oppdrag frå Berge Sag og Trelastforretning med å byggja skuter for deira rekning. Frå å ha vore eit einmanssforetak kom no sønene til Andreas òg meir med i arbeidet på verven. I tillegg tilsette han folk frå næraste omradet i dei mest hektiske arbeidsperiodane. Magnus og Kristoffer Sæd frå Romsa, Lars Svanevik, Erik Amundsen, Isak Romsøe og fleire andre. Det hendte og ofte at bateigaren sjølv var med og utførte noko arbeid på fartøyet sitt.

Arbeidet på verven gjekk no i åra utetter for fullt og utan stopp til 1949. Da vart Andreas Endresen sjuk, og året etter døydde han, berre 70 år gamal. Son hans - Einar Endresen - tok då over verven og førde arbeidet vidare i lag med yngste bror sin - Arthur. Men i 1950 gifte Arthur seg og busette seg i Ryfylke, og Einar vart då aleine med arbeidet. Det vart no heller mindre av oppdrag i åra etter, dei avgrensa seg meir til reparasjonar av mindre båtar.

Ennå i dag står den gamle motoren i stranda, sprukken. rusta og stygg, men eit interessant minne om fordums kraft.(Foto: Margunn Kjellesvik)

Det vert stille på vervaområdet

I 1936 hadde Einar kjøpt eit av nabobruka i Kjellasvik - småbruket Mekrevik, og dette dreiv han ved sida av arbeidet på verven. Men i 1945 selde han dette bruket. Han tok då over heimebruket og verven og bygde seg nytt hus på garden. Her budde han så til han selde i Kjellasvik. For i Reksnes i Nordfjord låg det ein fin gard (odelsgard) etter mor hans og venta på arvtakar. Einar selde difor i Kjellasvik og flytte dertil i 1958 saman med familien, kona Helene f. Dørheim og dei tre dotrene deira.

Den siste båten som gjekk av slippen i Kjellasvik var ein lystbåt på 30 fot. Dei nye eigarane var ikkje interessert i båtbygging, og verven med det av hus og utstyr som høyrde til forfall etter kvart i åra seinare. Løda på bruket brann ned, og stovehuset forfall meir og meir etter at det ikkje budde folk i huset lenger. I dag er det lite som vitnar om at det i si tid var eit gardstun der. Kona til Andreas - Anna - døydde i 1960. Da ho vart sjuk noko tidlegare, kom ambulansebåten innom til bryggja i Kjellasvik, og ho vart ført på båra ombord for transport til sjukehuset på Stord. Smågutane på nabobruket kan hugsa denne hendinga, og minnest at ho ropte farvel til dei frå båra. Det vart eit farvel med Kjellasvik for alltid tor henne. Ho kom ikkje attende meir.

Romsadampen i flyktningetransport

Så kan det høva å avslutta denne artikkelen om verven i Kjellasvik med ein liten historie frå 1941 om "Romsadampen" i flyktningefart.

Det var krig i landet og denne historia skriv seg frå eigaren av "Romsadampen" då. Olav Hjertaker i Tysnes. Han skriv:

Sa var det ein laurdagsmorgon i slutten av oktober i 1941 at eg vart spurd om å skyssa nokre unge gutar med motorkutteren var til Rubbestadneset

Dei skulle sjå på ei motorskøyte dei hadde tenkt å kjopa. Tre staute fine gutar i 19 års alderen. To av dei var frå Bergenskanten, den tredje var ein slektning frå bygda. Me tok avsted med kutteren, også kalla "Romsadampen". Den var kjøpt frå Romsa ved Ølen. Veret var fint og stilt på sjøen. Komen eit stykkje på veg fekk eg vita at dei ville rømja over til England, og dei skulle avsted same kvelden frå Urrangsvag med ei skøyte som låg klar. Fleire skulle vera med som var ettersøkte av Gestapo. Dei tre ungdomane var innkalte til arbeidsteneste, og det gjekk rykter om at dei ville bli sende til militært arbeid òg. Dei var oppglødde og motige og ville heller tena fedrelandet. På turen ut fjorden såg me ein tysk vaktbåt i Bømlafjorden, og det var difor viktig å gøyma alt ombord av kart m.v. som kunne røpa kva dei skulle. Men alt gjekk bra, me kom fram til Foldrøyhamn og der vart gutane sette i land med ønskje om alt godt. Eg kom vel heim att seint på kvelden, og eg sende ei stille bøn til Vår Herre om at det matte gå dei vel.

Seinåre fekk me vita at det hadde skore seg. Skøyta var gamal og lekk og motoren dårleg. Komen ut i havet stogga motoren, og dei matte ta seg innat til lands. Dei tre ungdomane og mange andre måtte venta 14 dagar før dei kom seg avgarde. 1 mellomtida hadde Gestapo fårt nyss i dette, og rømlingane matte gøyma seg i skogen og fjellet. I siste liten vart dei så tekne ombord i rutebaten "Haugland I", ein sein, mørk kveld i november, og dei fekk berga seg over til Shetland i eit forrykande stormvæer. Lagnaden til rømlingane veit eg ikkje, men ikkje alle kom velberge heimatt, det veit me. (Så langt O. Hjertaker). Dette er ein vel kjend historie frå flyktningetransporten Bømlo til Shetland, og faktum er at det var såvidt det bar over den gongen. "Haugland I" heldt på å gå ned i det forrykande veret. Men artig at "Romsadampen" hadde med historia å gjera.

Og som før nemnt. Om ein i dag ruslar kringom på det gamle vervaomradet i Kjelllasvik er det lite som fortel om at det her var hektisk verksemd med byggjing av båtar i åra mellom 1918 og 1958. Naturen har teke attende det den måtte avstå den gongen då dette "eventyret" byrja.

Her låg Kjellasvik-verven.

Skuter bygde i Kjellasvik

Heilt til slutt tek ein med nokre opplysningar om skuter bygde i Kjellasvik, opplysningar som Lars Ebne, Skanevikstrand, har hjelpt oss med. Dette er skuter som Skåneviksbuar fekk bygde ved verven i Kjellasvik:

Motorkutter "Flid" var bygd i Kjellasvik i 1919. Kutteren var på 42 fot og hadde ein 24 hk Rapp-motor og biletet av han er teke i Flathamn i Skånevik i 1964 med "Flid" til høgre i biletet. Kutteren vart bygd som fraktebat med vanleg lasterom og vart brukt i denne farten i ein del år. Seinare vart båten ombygd til skyssbåt. Da var det Hans Kjellesvik i Skånevik som åtte båten. Seinare tok sonen Harald over, og han gjekk mykje i skyssfart med båten då krafutbygginga i Matre gjekk føre seg først på femtitalet. "Flid" hadde tre motorar i alt, dei to siste var av merket Rapp, fabrikkert i Oslo. Siste eigar av "Flid" var Frantz Berge i Skånevik. Til slutt sank båten ved Eldøy på Stord, og den vart ikkje heva seinare.

Motorkuttaren "Njord".

Motorkutter "Njord" var bygd i Kjellasvik - ukjent år - og var 44 fot med ein 16 hk Wickmann motor. Skuta vart seinare seld til Alfred Ertsland i Skånevik. Han fekk båten ombygd til skyssbåt og brukte den som det i nokre år. Under krigen vart båten beslaglagd av tyskarane. Biletet er teke ved Utåker kai og frå venstre står Knut Ertsland. Gerd Pedersen og Alfred Ertsland.

Motorkutter "Mittlid" var bygd i Kjellasvik, men året er ikkje kjent. båten var 38 fot med ein motor av ukjent fabrikat. eigar var Tjerand Milje i Skånevik som brukte båten til skyssing i mange år. Me har diverre ikkje bilete av denne båten. Elles vert det opplyst at det skal vera bygt fleire fartøy for folket i Nervik ved verven i Kjellasvik. Desse båtane har ein ikkje opplysningar om, men dei vart selde vidare til andre eigarar. Og som nemnt bygde Endresen fleire farty for Berge Sag-og Trelastforretning.

"Romsakutteren" bygd 1918 i Ølensvåg, motor bygd på Eldøy – Stord. Solgt av Reinert Romsa 1931 til G. Hjertager, Onarheim. Vidareseld i 1943 til Sogn.

- Endre Heggen, u.å.