Alfred Endresen Kjellesvik vart fødd 29. juni 1915 på Sundsteigen på Sunde. Faren kom frå MOSTER, mora var frå NORDFJORD. Syskenflokken talde i alt seks born, men fire av dei døydde unge. Dei to som vaks opp var EINAR (1913 - 2001) og Alfred. Då Alfred var berre to ar gammal døydde mora. Faren gifte seg sidan opp att, med ANNA SKORPEN (frå Skorpo på Tysnes). Dei fekk tre born saman, to av dei lever att i dag.
I 1918 kjøpte faren småbruket Aunheim i Kjellasvik på 01ensvag. Her fødde dei eit pår kyr og nokre høns, medan faren dreiv med SKIPSBYGGING. Alfred måtte tidleg læra å arbeida, påssa småsysken og hjelpå til på bruket. Straks etter konfirmasjonen var det UT i arbeid, først som gardsgut i heimbygda, sidan på fiske. Etter kvart gjekk han med i skipsbyggingsarbeidet saman med faren og brørne.
Då Alfred flytta frå 01en tok han gardsnamnet "med seg", skreiv seg for Alfred KJELLESVIK. No vart det arbeid på sildoljefabrikk i Strandvik og skipsbygging på NORDTVEITGREND. I dei første krigsåra kom han til Tysnes og fekk arbeid på skipsbyggeriet i Lunde, der han arbeidde til ut på 50-talet.
1 1940 gjekk han eitt år på BIBELSKULEN I BERGEN, og var i alle år ein djupt religiøs mann.
1 1946 møtte han kona si, SIGNE HEGGLAND, og i mai 1947 stod bryllaupet på Heggland. Alfred og Signe kjopte seg tomt i "urskogen" på andre sida av Hegglandsvatnet. Her rydda dei og bygde seg ein heim, kalla staden AUNHEIM (same namnet som i Kjellasvik).
Mellom 1948 og 1955 vart dei fire borna fødde. Alfred arbeidde på M0BELFABRIKKEN på Gjerstad, sidan hos ASKVIK BÅTBYGGERI i Os. Ei kort tid dreiv han med høns, kombinert med bygningsarbeid, seinare laga han båtmastrar som vart svært etterspurde. Han var ein praktisk og uthaldande arbeidskar, fann alltid gode løysingar på all slags oppgåver. Dessutan fann han tid til å laga ting til familien - steinbord, leikehus, møblar m.m.- og så solid laga at det vil eksistera lenge enno.
Han var ein tøff mann som opplevde mykje slit (og motgong) i livet, men bevarte likevel det gode humøret, og hadde ofte ein god replikk på lur. Alfred var også ein særs hjelpsom og påliteleg mann som ikkje sa nei om nokon trong hjelp. Med tida gifte borna nans seg og fekk sine eigne familiar. Han var svært stolt over born, barneborn og oldeborn - 17 til saman - og følgde alltid levande med i korleis dei hadde det.
Dei seinare åra gjekk han fullt inn i omsorgsrolla, som ein samvitsfullt og pliktoppfyllande ektemann for si SIGNE. Han var ved god helse til det siste, og døydde brått og uventa natt til sist tysdag på Stord sjukehus.
Ein avhalden og trufast ektemann, far, bestefar og oldefar har lagt inn årene for godt.
(Minneord i samband med gravferda 10. desember 2002, skrive av sonen Magne Kjellesvik)